Den litterære biografien ein umulig genre?

Mange ser i dag ut til å meine at biografiar ikkje kan oppfattast som anna enn mindreverdig fiksjonsdikting. Men dette har på ingen måte redusert talet på biografiar som kjem ut eller den appellen dei har hos svært mange lesarar. Kva er det som bestemmer forteljinga som biografane må gje til beste?

Fredrik Wandrup sin biografi om Olaf Bull kjem ut den 23. oktober. Arbeidet er elles i gang med nye forfattarbiografiar om Cora Sandel, Finn Alnæs og Tarjei Vesaas.(Omslag: Gyldendal Norsk Forlag ©)

For den litterære biografien, forfattarbiografien, er det viktig å hugse på kva dei mest radikale teoriane om skrift, om forfattarens død, om ikkje- stabil meining o.l. må ha ført med seg når det gjeld tenkinga omkring biografigenren. Biografigenren kan synast umuleg, fordi alle dei totaliserande strukturane han er avhengig av, er blitt undergravne eller i det minste gjort problematiske. Enkelt sagt har dei mest radikale teoriane ført til eit skilje i litteraturvitskapen mellom avantgarde- teoretikarane og ein meir tradisjonell filologisk vitskap. Til denne siste kan vi rekne den biografiske forskinga. Det må kanskje vere slik, for korleis skal ein med ei poststrukturalistisk teoriforståing kunne skrive biografiar der årsakssamanheng, kronologi og heilskapstankar må vere viktige? Då må ein i tilfelle operere med hypotetiske konstruksjonar, og lesarane blir i alle fall borte.

«Ein umuleg genre», men kva så?

I alle høve har det seg tydeleg slik at når biografiane blir skrivne, kjempar biografane med heilt andre og meir pragmatiske problem enn dei eg har nemnt. Og eg er ikkje i tvil om at vi i det konkrete arbeidet med å undersøke og skrive eit diktarliv, kan møte meir enn nok av utfordringar som kan få oss til å sjå teoretiske og metodiske problem med nye auge. Det hjelper så lite å hevde at forfattaren er død og at biografien ikkje kan anna enn vere løgn og dikting, at alt er konstruksjonar og blir styrt av visse strukturar og forforståingar vi ikkje slepp unna. Eg kan også utbasunere at den litterære biografien er ein umuleg genre, men kva så? Har det nokon gong vore slik at ord og ting fall saman; at hendinga og omtalen av hendinga var identiske, at skriving og lesing var eitt og det same? Levd liv er noko anna enn skrivne handlingar, gester og geberdar på ei trykkside, men det er likevel ikkje ingenting. Det finst ei rad komplikasjonar og problematiske forhold å drøfte også om vi held fast ved at biografien er ein muleg genre og at biografisk kunnskap kan vere viktig for arbeidet med å forstå og analysere diktverk, men vi må heile tida vere medvitne om kva vi gjer.

Eg har såleis ingen vanskar med å tilskrive biografien som eigen genre legitimitet, sjølv om eg ser at det er god grunn til å stille spørsmål ved heile genren og den diskursive praksis den følgjer. «Samanheng», «årsaksforhold» og «konsekvens» er omgrep som i vår tid gjerne er blitt erstatta med «brot», «det tilfeldige», «fragmentering». Det er ut frå litteraturteoretisk forståing nesten utruleg at det kan skrivast samanhengande biografiar, når den ordnande, harmoniserande og totaliserande struktur er avslørt som konstruksjon: Den er noko som er tilført og lagt til eit liv, fordi vi ikkje kan anna enn gje historiske hendingar narrativ form, for å gje dei ei meining og ei form vi kjenner att og aksepterer. Biografien er basert på tanken om einskap og orden, medan nyare litteraturteori heilt klart representerer eit brot med det biografiske paradigmet.

Biografen ein pragmatikar

Nå er biografane dei siste som teoretiserer om eiga skriving, om dei da ikkje kjem med apologiar for eigen praksis. Og det kan vi forstå, ut frå ei enkel forståing av at livet nok har eit uunngåeleg mønster frå vogge til grav, men elles varierer frå individ til individ, slik at generaliseringar og abstraheringar har lite for seg. «Livet utan teori» det var biografigenrens kjenneteikn. For den litterære biografien har det aldri vore fullt så enkelt, sjølv om forenkling og arbeid med praktiske problem er typisk for mykje av det biografane sjølve seier om sitt metier.

Biografane er ifølge Park Honan: «...as a rule not concerned with theory, but anxious to avoid mistakes. (...) (they) see their craft as one offering practical problems to solve. They are hardworking pragmatists.»

I høve til forståinga av ikkje- kontinuitet og ikkje- kausalitet og falsk teleologi har Honan denne klare og pragmatiske haldninga: «In writing a literary biography, I must present a «story», a coherent and clear narrative line, and on this linear string I can attach facts that are known about my author for given times.»

Kva styrer forteljinga?

Vi kan spørje kva det er som bestemmer og styrer denne forteljinga han må gje til beste? Det levde livet, det tilgjengelege materialet, eller noko anna og meir? All humanistisk vitskap er ikkje åleine styrt av fakta i møtet med ein forskar, men òg av det vi kan kalle ein «vitskapleg diskurs». Ut frå denne blir fakta organiserte og systematiserte, til noko som har meining og samanheng. Men det finst avhengig av fakta, perspektiv og interessehorisont tallause diskursar. Det er først når vi ordnar opp i fenomena at dei får narrativ form. Som oppleving og erfaring kan dei ikkje seiast å ha det.

I høve til historiografien, som utgjer eit liknande problemområde som biografien, har biografien den klare fordel at det er eit enkeltmenneske, eit livsløp, ein forfattarskap som skal dominere og vere tråden gjennom framstillinga. Graden av historisk og sosiologisk kontekstualisering vil variere, men i motsetnad til tidlegare tider må det vere rett å hevde at biografiar i dag nyttar den historiske konteksten meir aktivt og produktivt.

Kontekstualiseringa via historiske, økonomiske og sosiokulturelle faktorar er eit trekk ved den objektiverande skolen i biografiskrivinga, der det dokumentarbare er sett i høgsetet. Det er heilt klart at ei forskyving av vekta fra kjensler og haldningar til sosiokulturelle tilhøve kan vurderast som ein styrke for biografigenren. Her har den objektive biografien vore ei sunn motvekt mot ein psykologiserande tendens i kjølvatnet etter Freud. Likevel må ein vurdere om det indre livet tankar og kjensler og refleksjonar slik det kan avlesast eller gripast intuitivt, ikkje må vere absolutt nødvendig i ein litterær biografi, som oftast handlar om menneske med eit mykje rikare indre enn ytre liv.

Diktinga viktigast

Den litterære biografien framstillinga av eit forfattarliv må omfatte den litterære produksjonen, sjølv om vekta på utlegging, forklaring og vurdering kan variere. Det er sjølvsagt slik at vi ikkje kan gå restlaust for eksempel frå ein diktars eg- romanar og ta for gitt at forfattaren skriv om eigne opplevingar. Men biografen kan og må gjere greie for både tilkomst, produksjontilhøve, utgjevingshistorie, mottaking av bøkene o.l. i skildringa av diktarlivet. Dei viktigaste hendingane i diktarlivet må vere diktinga: Verka, kampen med orda, konsulentane, agentane, forlaga og forståinga av liv og livskamp, kan neppe bli framstilt uavhengig av den diktarpersonlegdom som kjem fram som eit resultat av verka, eitt for eitt eller samla.

Utgangspunktet for den litterære biografien må vere at det handlar om livet til forfattarar. Interessa er først og sist knytt til det faktum at dei skreiv bøker, og deira liv og lagnad er viktig for den mulege forklaringskrafta dei kan ha når det gjeld den diktinga som for oss på mange måtar er desse personane. Det skulle ikkje vere nødvendig å minne om at ein må vere varsam med koplinga mellom verk og liv, og at noko av det farlegaste ein kan gjere er å fylle ut tomrom i biografien ved å låne frå diktverka. Men ein skal vere varsam andre vegen også med koplinga frå liv til verk, sjølv om forståingshjelpa frå liv til dikting må vere den litterære biografiens største nytteverdi.

Livet som forteljing

Det er den narrative historieframstillinga livet som forteljing som dominerer biografigenren. Slik sett disponerer biografiforfattaren over dei same verkemidla som romanforfattaren, sjølv om faktamaterialet set grenser for fridomen hans. Biografien er også forskjellig frå romanen når det gjeld avstanden mellom forteljar og det fortalte, nettopp ved at ein forteljar til vanleg ikkje kjem mellom lesar og forteljing. Men ein kan variere avstanden til person og hendingar sterkt, og kronologien treng ikkje vere eintydig, samstundes som det let seg gjere å problematisere kontinuiteten også i ei narrativ historieframstilling.

Hovudskiljet kan seiast å gå mellom den diktarbiografien som gir retrospektive glimt inn i eit diktarliv frå eit punkt i nåtida, i motsetnad til den meir tradisjonelle varianten som følgjer eit liv så tett og detaljert som muleg. Disposisjonen av materialet og vektlegginga av indre eller ytre perspektiv kan måtte avgjerast av kva for liv og forfattarskap det er snakk om, og av det materiale som finst. Spørsmålet blir om liv eller dikting er viktigast, eller om dei er eitt? Klisjéregistret er rikt i biografiane, også dei litterære. Ved nærare analyse er dette kanskje også tilfelle i dei akademiske biografiane, men dei kan i det minste etterprøvast når det gjeld bruk av kjelder o.l.

Lat meg slutte med ein anekdote og eit sitat frå den forfattaren eg kjenner best, både som biografisk person og gjennom diktverka, William Faulkner. Da dotter hans, Jill, gjerne ville ha faren med på High School- avslutting, svara faren som etter alt å dømme var langt inne i ein kreativ prosess: «Whoever heard of Shakespeare's daughter!» Det kan vere ein tankevekkjar for biografane. I 1949 skreiv Faulkner følgjande til Malcolm Cowley:

«It is my aim, and every effort bent, that the sum and history of my life, which in the same sentence is my obit and epitaph too, shall be them both: He made the books and he died.» Men nettopp fordi bøkene er det viktigaste for oss, er det grunn til å tenkje over både det problematiske og det berikande i å vite mest muleg om tilhøva bøkene blei til under. Forfattarlivet er her ikkje det minst viktige.

Hans H. Skei er professor i litteraturvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Artikkelen er eit omskrive utdrag frå ei større førelesing om emnet i Det Norske Videnskaps- Akademi 6. april 1995. Heile foredraget vil seinare bli trykt i Akademiets Årbok.

Diktarbiografien

Vi har nesten fått ein ny litterær genre i Noreg: diktarbiografien, der ein forfattar i ettertid skriv om ein kollega, gjerne utan kjeldetilvisingar, utan dokumentasjon og utan notar. For ein akademisk kritikar er dette ein håplaus situasjon. Og når våre kollegaer må finne seg i å vere utan skikkeleg referansesystem for «ikkje å tyngje framstillinga», er vi verkeleg ille ute.

Arbeid er elles i gang med ei rad nye forfattarbiografiar: om Cora Sandel, Finn Alnæs, Tarjei Vesaas denne gongen av biografar som ikkje er skjønnlitterære forfattarar. Og likevel er det andre typar biografiar som dominerer på marknaden. H.H.S.

Emneord: Språk og kultur, Litteraturvitenskapelige fag Av Hans H. Skei
Publisert 1. feb. 2012 12:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere