«...din Arne Garborg»

«Eg er komen i Basketak med Bjørnstjerne Bjørnson. Han er vill yver det eg skreiv um «Magnhild». Eg firer ikkje, men svarar helder kvasst (i Dagbladet). Men i Fedraheimen vil eg vera lind; fyr eg er glad i Bjørnson.»

Det nye tilskotet av Garborg-brev vil neppe forandre biletet vårt av Arne Garborg, men eg er sikker på at det er stoff i dei som gjer at litteraturforskarar vil kunne få fram nye fasettar, seier universitetsbibliotekar Oddvar Vasstveit, styrar ved Handskriftsamlinga. (Foto: Ståle Skogstad)

Svein Arthur Kallevik

Slik lyder eit utdrag frå eit av Arne Garborg sine private brev, skrive den 23. november 1877. Fedraheimen var bladet forfattaren begynte å gi ut same året. Dette brevet høyrer til ei samling på 90 Garborg-brev som Universitets-biblioteket kjøpte i vår.

Breva har tidlegare vore i Garborgfamilien si eige. Handskriftsamlinga ved Universitetsbiblioteket sikra seg samlinga på ein auksjon som J. W. Cappelens Antikvariat heldt i mai. Brevsamlinga er kjøpt saman med Norsk kulturråd, Asker kommune (Labråten), Time kommune (Knudaheio) og Tynset kommune (Kolbotn). Det er ei spennande samling brev frå tida 1872 til 1911. Det er sjeldan vi får tak i ei så stor samanhengjande brevveksling. Dei fleste breva er skrivne til broren Jon, men nokre er til andre sysken og til mora. Breva viser kor nær dei to brørne stod einannan, og gir eit godt bilete av Arne Garborg si livsutvikling, seier styraren for Handskriftsamlinga, universitetsbibliotekar Oddvar Vasstveit.

Mange av breva inneheld råd og vink til broren Jon, blant anna om artiklar han skal skrive til det nystarta nynorskbladet Fedraheimen. Ofte er breva nokså personlege og alvorlege, som dette frå 2. november 1878: «Ein hev ellest gjerne den Feilen i Ungdomen, at ein legg sine Livsideal ikkje for «høgt», men for abstrakt, for langt ifraa Livet; Ein kann kje faa Tanken og Livet til aa hengja ihop; so taper ein lett Synet fyr det, som daa er godt og brukelegt i Livet, taper Fotfestet, og vert leid og tom og kald. Det vil segja ein kjenner seg so. Detta er eit Standpunkt; ein maa væl igjennom det; men det er godt naar ein kan sleppa igjennom det med heilt Skinn, utan aa verta altfor aandeleg sundriven. ... Det gjeld um ikkje aa slaa av paa sine Ideal! men aa prøva finna Traaden millom Idealet og Livet...»

Forskingsmateriale

ev er eit skatta materiale for forskarar. Mange forfattarar som skal skrive biografiar, brukar mykje tid i Handskriftsamlinga til å lese brev, og på den måten bli betre kjende med personen.

Tor Obrestad sat i vekevis her hos oss då han skulle skrive sin biografi om Arne Garborg, og seinare då han skreiv om Hulda Garborg. Det nye tilskotet til samlinga vil neppe forandre biletet vårt av Garborg, men eg er sikker på at det er stoff i det som gjer at litteraturforskarar vil kunne få fram nye fasettar. Ikkje minst fordi dei inneheld mange detaljopplysningar, seier Vasstveit.

Frå før har UB ei stor samling brev og manuskript frå både Arne og Hulda Garborg. Ein av grunnane er at son deira, Arne Olaus Fjørtoft Garborg («Tuften») var bibliotekar på UB. Både han og etterkomarane hans har gitt store tilskot til samlingane av forfattarekteparet sin korrespondanse og anna som dei skreiv.

Garborgsamlingane veks stadig. I samlingane finst mellom anna manuskriptet til Arne Garborgs største diktverk Haugtussa, ei rekkje talar, artiklar og enkeltdikt.

Ein skal vere tolmodig og flink til å tyde handskrift når ein les Arne Garborg sine brev. Den kjende forfattaren hadde inga lettlesa skrift, ein skulle mest tru at han skreiv i ein rasande fart. Dei fleste av dei 90 breva til familien kan knapt kallast litterære. Dei fortel om familiære saker, daglegdagse hendingar og økonomiske sorger.

Nokre gonger slår han til med ein stor porsjon ironi. Det gjeld til dømes i brevet til broren etter at Arne nettopp har teke artium med aller beste karakter og har begynt å følgje førelesingar på universitetet: «Mit Portræt følger. Det er ikke ganske heldig i alle (henseende), men i det Hele giver det dog et temmelig sandt Indtryk.

NB. Jeg ønsker, at dette Portræt skal hænges op i Storstuen ved siden af det gamle, til Opbyggelse for alle dem, der hidtil har havt saa meget at sige om den Vei, jeg har valgt. Nu kan de faa se, at jeg dog er kommet et stykke paa vei.»

Handskriftsamlinga

Universitetsbibliotekets Handskriftsamling har eksistert frå biblioteket opna i 1814.

I starten var dei opptekne av historiedokument og sagamanuskript. Interessa for skjønnlitterære verk og brev melde seg rundt 1830, då samlinga fekk sitt første Holberg-manuskript. Handskriftsamlinga har heile tida følt eit særskilt ansvar for nasjonallitteraturen. Dei første 75 åra var det einskildmanuskript som vart tekne vare på, men etter kvart blei det bygt opp heile personarkiv frå viktige personar i norsk kulturliv. Samlinga er i dag på nesten ein million brev, og dei fleste er tilgjengelege for publikum. Juvelen i krona er mellomaldermanus, blant anna pergamenthandskrifter av Magnus Lagabøters Landslov.

Dårleg papir

Det er eit problem med fleire av Garborg-breva at dei er skrivne på dårleg, syrehaldig kladdepapir. Med åra går slikt papir lett i oppløysing, seier Vasstveit. UB har ein eigen teknisk konservator som tek hand om breva. Når dei begynner å bli i dårleg forfatning, vert dei «sløra», det vil seie at vi dekkjer originalpapiret med eit gjennomsiktig Japanpapir.

Breva er no ordna kronologisk og katalogisert. Interesserte kan få lese dei i vår vesle lesesal her ved Handskriftsamlinga, seier Vasstveit, som trur UB no har fått arkivert dei aller fleste Garborg-breva ein veit om, i sine brune brevmapper.

Emneord: Språk og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800), Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur Av Svein Arthur Kallevik
Publisert 1. feb. 2012 12:21 - Sist endret 7. nov. 2016 12:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere