Ein haugianar på vandring

Med vandringsstaven i handa gjekk haugianaren Elling Eielsen omkring og delte ut dei første norske skulebøkene i Amerika. Han vandra frå Fox River til New York for å få trykt katekisma, ein avstand tilsvarande Oslo-Tromsø. Smeden frå Voss gjekk seg samstundes rett inn i norsk utvandrarhistorie.

Med si buldrande røyst skremde han vettet av mange. (Foto frå boka «Elling Eielsen Sundve 18041883», Voss 1980)

Nyleg tok historikaren Olav Golf doktorgrad ved Pedagogisk forskingsinstitutt, med avhandlinga Red Wing Seminarium et haugiansk skoletiltak i Amerika. Avhandlinga viser at Elling Eielsen spela ei heilt sentral rolle hjå dei norske utvandrarane i Amerika på 1800-talet. Han gav ut den første norske læreboka i Amerika, stifta det første norske lutherske kyrkjesamfunnet, og var sentral i arbeidet med å opprette dei første norske høgskulane i Amerika. Neste år er det 150 år sidan det første norske lutherske kyrkjesamfunnet vart oppretta, og Golf arbeider no med ei bok om Elling Eielsen.

Eielsen vart gripen av ei haugiansk vekking rundt 1830, og eit par år seinare tok han til å reise rundt som predikant i Skandinavia, seier Golf. Han karakteriserer Eielsen som nokså autoritær, og med eit smalt repertoar for talane sine.

Med si buldrande røyst skremde han vettet av mange. Han var ein dommedagsprofet, og det snevre emneområdet gjorde at han ikkje var lenge på kvar plass. Han brukte rett og slett opp sine tema og måtte reise til neste forsamling, seier Golf.

I dei fleste talane sine angreip han det norske presteskapet. Årsaka var nok det tradisjonelt dårlege forholdet mellom haugianarane og presteskapet på Voss, der han voks opp. Han vart ein hard motstandar av dei hierarkiske tendensane i presteskapet.

Skib o'hoi Amerika

Etter sju år som omreisande predikant i Skandinavia forkynte Eielsen dramatisk: «Jeg har ikke mere Rum i disse Lande; jeg vil reise over til Amerika.» I 1837 drog han over havet.

Haugianarane kom tidleg med i utvandringa til Amerika. Allereie i 1806 var Hans Nielsen Hauge inne på tanken om å emigrere, men han reiste aldri. I 1817 havarerte 500 tyske emigrantar og måtte søkje naudhamn i Bergen. Haugianarane tok seg av mange av dei, og Golf set i avhandlinga si fram ein ny teori om at dette var årsaka til at berre ein namngitt haugianar vart med i den første gruppa utvandrarar som reiste frå Stavanger i 1825.

Haugianarane kom nært innpå havaristane, og forstod risikoen med å leggje ut på havet. Sjølv om dei var sjøvante kystfolk, var det noko heilt nytt å skulle ta med heile familien. Difor var det kvekarar som organiserte den første utvandringa frå Stavanger i 1825. Dessutan var truleg utvandringsbehovet hjå kvekarane større på grunn av sterkare konfliktar med styresmaktene, seier Golf, og peikar på at Cleng Peerson, den første norske utvandraren til Amerika, var kvekarsympatisør.

Fremja engelskundervisning

I Amerika slo Eielsen seg først ned i Fox River, og han forstod snart at nybyggjarane trong undervisning dersom dei skulle halde på den lutherske læra. Difor reiste han i 1841 til New York for å få trykt Luthers vesle katekisme på engelsk. Dette vart den første læreboka som vart utgitt i Amerika for norsk-amerikanske barn.

Eielsen hadde stor sans for engelskundervisning i skulen. Det skil han frå leiarane av Den norske synoden, eit anna kyrkjesamfunn. Dei var opptekne av å halde det norske språket i hevd og difor skeptiske til å lære barna engelsk, seier Golf. Men han trur ikkje at Eielsens ynskje om engelskundervisning var særleg kulturelt grunna

Årsaka var nok heller at Eielsen mangla den kulturelle bakgrunnen som leiarane i Den norske synoden hadde, som gjorde at dei ville verne om det norske språket. Det viktige for Eielsen var at kunnskap i engelsk gjorde det lettare for emigrantane å få seg arbeid.

Året etter reiste han igjen til New York, denne gongen for å få trykt Erik Pontoppidans Sandhed til Gudfryktighed. Det var den første boka på norsk som kom ut i Amerika. Trykkinga vart forseinka, og Eriekanalen fraus til. Eielsen tok difor fatt på tilbaketuren til fots, med vandringsstaven i handa og ryggsekken full av bøker. Avstanden mellom New York og Fox River er like lang som mellom Oslo og Tromsø. På sine mange predikantreiser gjekk no Eielsen rundt med ryggsekken full av bøker. Han vart ein vidkjend vandringsmann.

Bokside

Sandhed til Gudfryktighed. Det var den første boka på norsk som kom ut i Amerika. (Foto frå boka «Elling Eielsen Sundve 18041883», Voss 1980)

Det første kyrkjesamfunnet

I 1843 vart Eielsen vigsla til prest, og 13. og 14. april 1846 stifta han det første norske kyrkjesamfunnet i Amerika. Organisering av haugianarane var noko nytt, og dette førte ifølgje Golf til at haugianarane i Amerika heldt på eigenarten sin lenger enn haugianarane i Noreg.

I paragraf 14 i kyrkjekonstitusjonen frå 1846 finn vi eit uttrykk for Eielsen sitt engasjement for dei svake og underprivilegerte i samfunnet: «Vi forenede frasiger os aldeles den skræksome Synd at give vort Bifald til Slavehandelen; men heller bruge al mulig Flid i at bevirke og understøtte dens Motstand, til Negernes Frihed.»

Også i denne saka kom han på kant med prestane i Den norske synoden som meinte det ikkje var synd å halde slavar. Dette standpunktet kom Den norske synoden fram til etter å ha samrådd seg med Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Eielsens opposisjon til dei sosialt privilegerte og spesielt dei geistlege prega verksemda hans både i Noreg og Amerika, seier Golf.

Haugerørsla her i landet var i førstninga austnorsk prega. Men i Amerika fekk haugianismen under Eielsens leiarskap eit meir radikalt preg, fordi utvandringa frå Vestlandet var dominerande i dei første utvandringsåra. Radikale tendensar hjå vestnorske haugianarar vart styrkte i emigrantmiljøa. Og den meir konservative legninga hjå dei austnorske haugianarane vart også forsterka. Det oppstod difor ulike haugianske grupperingar, og større usemje. Men dei hadde alle problem med å skaffe prestar og lærarar til forsamlingane sine.

Skuleprosjekta

«Skoler og Undervisning bør vi lægge Vind paa at fremme,» står det i kyrkjekonstitusjonen for Eielsens synode. Det første norske seminaret, Lisbon Seminar i Illinois, vart sett i gang av haugianarar i 1855. Men allereie året etter vart det lagt ned på grunn av personstrid mellom Eielsen og P.A. Rasmussen, som var lærar på høgskulen. Først i 1865 vart det starta ein ny høgskule, denne gongen i Wisconsin. I tillegg til teologi vart det undervist i norsk, matematikk, engelsk, tysk og latin. Men nok ein gong førte personstrid til at skulen vart nedlagd, tre år etter at han vart opna.

I 1861 reiste Eielsen ein tur tilbake til Noreg og skapte mykje uro der han heldt talar i heimlandet. Frå kyrkjeleg hald vart ordinasjonen hans erklært ugyldig, og det vart hevda at Eielsen sin moralske vandel ikkje var uklanderleg. Under eit møte i Bergen reiste pastor Stub seg, ein motstandar frå Amerika, og ropte: «Vogter eder, vogter eder for de falske profeter!». I Trondheim vart Eielsen nekta lokale av haugianarar som ikkje godtok han. Då tala han i staden utandørs og ropte ut at Satan hadde lurt haugianarane i Trondheim til å gå imot han.

Året etter reiste han tilbake til Amerika.

Nytt skuleforsøk

I1871 opna Eielsen «Hauges College og Eielsens Seminarium» i Chicago. Dette vart Eielsen sitt hjartebarn, og han var høgt oppi skyene over skulen. Det var i Chicago han heldt si første preike, og han hadde nok mange kjensler for denne byen. Når han i tillegg fekk namnet sitt over skuleportalen, vart dette sterkt for han. Han hadde store planar og kunne nok gjennomført dei dersom ikkje samarbeidsproblem igjen hadde øydelagt. Chicago vart nok ein fiasko, og det vart det siste skuleprosjektet Eielsen var sentral i. Då seminaret i Red Wing starta i 1879, var Eielsen sett til sides.

Eielsen sine skuleprosjekt gjekk over styr. Ei av årsakene var at han var nokså vanskeleg å samarbeide med, seier Golf. I tillegg legg han vekt på at Eielsen hadde store lese og skrivevanskar, og han leid truleg av dysleksi. Dette gav han nok ein del kompleks som påverka arbeidet med skuleplanane i negativ retning.

Gamal og utstøytt

Striden førte til at medlemmane ville endre konstitusjonen i Eielsens synode. Men Eielsen ville ikkje gå med på endringar. Dette førte til at han vart utstøytt av synoden. Då han som vanleg kom til årsmøtet i 1876, fekk han ikkje stemmerett, seier Golf.

Dette var ein tragedie for Eielsen. Han var blitt ein gamal mann, og det vart mykje strid og mange skuldingar frå begge sider. Eielsen heldt fram med dei restane av synoden som støtta han. Men han var nok utbrent, og striden roa seg dei siste åra av livet hans.

«Tiden som radikal predikant og presterefser var passert. I Chicago, i den byen som hadde gitt han så meget glede i medgangstider og så mange bekymringer i hans siste leveår, la Eielsen til side sin vandringsstav den 10. januar 1883,» skriv Golf i avhandlinga si.

Etter at Eielsen døydde, vart seminaret i Red Wing fullført, og det fungerte som haugiansk høgskule fram til 1917. Då slo dei haugianske kyrkjesamfunna seg saman med dei andre norske synodane i eit felles kyrkjesamfunn.

Eielsen hadde svært mykje å seie som rydningsmann på denne tida. Stor, kraftig og med tordenrøyst passa han veldig godt inn i pionertida. Han kom til Amerika på ei tid då det var særleg bruk for hans krefter og pågangsmot, avsluttar Golf.

Emneord: Språk og kultur, Moderne historie (etter 1800), Religionsvitenskap, religionshistorie, Historie, Teologi og religionsvitenskap Av Nils H. Harnes
Publisert 1. feb. 2012 12:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere