Van Gogh og sjølmordet

Vincent van Gogh sin palett speglar sinnsstemningane som førte til sjølvmordet. Overlege Lars Mehlum har studert sjølvmordsmotiv i lys av målaren.

«Kråker over hveteåkeren» Som Vincent van Gogh måla i 1890.

Overlege Lars Mehlum ved Kontoret for krisepsykiatri tok i vår medisinsk doktorgrad ved Universitetet i Oslo. Temaet var årsakene til at unge tek sitt eige liv. Samstundes har han sett på prosessar og motiv i samband med sjølvmord, i lys av Vincent van Gogh sin kunst, livsløp og sjukehistorie. Van Gogh skaut seg sjølv då han var 37 år gamal.

Målet med å trekkje inn van Gogh var å vise korleis vi kan forstå sjølvmordet betre når vi byggjer bruer mellom ulike fag. Årsakene til dei store sjølvmordsproblema i dag er å finne mange stader. For å få ei samla forståing er det viktig å sjå både framover og bakover, og til andre fag, seier Mehlum.

Barndomen

Van Gogh hadde ein vanskeleg barndom og oppvekst. Seinare opplevde han tap av verdsetjing og manglande menneskeleg samkvem, i forhold til foreldra, vener og i kjærleiksforhold.

Historia til van Gogh lærer oss at vi ikkje må bruke lettvinte løysingar i samband med sjølvmord. Problema har ofte djupe røter tilbake til ungdom og barndom, ofte heilt attende i foreldra sine liv, seier Mehlum. Han viser til at halvparten av borna i Noreg i dag må flytte før dei er 15 år, og ein tredel har opplevd skilsmisse før dei fyller 16 år. Mange opplever store tap og sakn i ung alder. I ein tidleg periode av kunstnarlivet ser vi tydeleg på bileta at van Gogh var deprimert. Dei såkalla «potetspisebileta» var dystre. Seinare brukar van Gogh kunsten til å reparere dei djupe indre smertene sine. Han prøver å balansere tilværet ved å gjere bileta stadig meir vakre, strålande og avstemde. Den miserable fysiske røyndomen vart balansert av den biletlege verda, seier Mehlum. Han hevdar at fargane på paletten viste sinnsstemninga han var i.

Avskore øyre

I den kjende konflikten mellom Paul Gauguin og van Gogh ser Mehlum eit typisk døme på korleis aggresjon, som i utgangspunktet er retta mot ein annan person, i staden vert retta mot han sjølv.

Van Gogh ville opprette eit kunstnarkollektiv i Provence og ba Gauguin kome. Dei måla saman i nokre få veker, men så skar det seg fullstendig. Van Gogh vart rasande og ville drepe Gauguin. Men han let seg stoppe, og skar i staden det eine øyret av seg sjølv. I tida etterpå gjorde han fleire forsøk på å ta sitt eige liv.

Sjølvmordsforsøka var ein måte å ta ut på eigen kropp det han primært hadde følt overfor ein annan.

Borderline-trekk

Mehlum trur at van Gogh si evne til å halde inne sterke kjensler var redusert.

Denne evna til å leve med intense kjensler som sorg og tap, vonbrot og svik ser vi stadig oftare manglar hjå dagens menneske. Familievald, gatevald og sjølvmord har ofte si årsak i ei manglande evne til å halde inne intense kjensler. Vi snakkar om alvorlege forstyrringar av personlegdomen, slik at dei ikkje kjem lenger enn den tenåringsprega måten å takle problem på. I den alderen er det vanleg at ein ikkje klarer å halde inne slike kjensler. Ei slik manglande utvikling av personlegdomen har mellom anna sin bakgrunn i mangelfulle strukturar i oppvekstforhold, og vert kalla borderlinetrekk. Dei som lir av dette, kjem ikkje opp på eit nivå der dei kan takle problem utan å ruse seg eller ta problema ut på eigen kropp i form av sjølvmordsforsøk, seier Mehlum.

Mehlum hevdar at van Gogh hadde klare borderlinetrekk, og han meiner å finne årsakene i oppveksten. Overlegen trur desse trekka er viktige for å forstå personen Vincent van Gogh.

Men van Gogh har fått nok tvilsame diagnosar på seg allereie. Han er dessutan eit døme på kor lite ein slik diagnose eigentleg seier om eit menneske. Han var mykje meir enn ein diagnose kan romme, seier Mehlum.

Verdiforvirring

Mehlum er ottefull for dei aukande sjølvmordstala og dei nye gruppene menneske som figurerer på listene.

Det er ikkje lenger berre hjå typiske risikogrupper som schizofrene og rusmisbrukarar det skjer sjølvmord i dag. Vi møter problemet i alle miljø. Årsaka trur eg er at sjølv ressurssterke menneske finn det vanskeleg å skulle leve i vårt normlause samfunn. I det postmoderne samfunnet er alt omskifteleg, og ingenting dominerer over lang tid. Det er ei stilforvirring og ei verdiforvirring som mange ikkje taklar.

Mehlum trur ikkje at vi kan sjå på van Gogh sine bilete som rop om hjelp frå ein sjølvmordskandidat.

Eit slikt rop ville ha gitt heilt andre bilete, bilete med meir liding.

Kråkene kjem

I eit av dei aller siste bileta van Gogh måla, «Kråker over hveteåkeren», er sjølvmordsmotivet særskilt klart. Dei svarte kråkene på biletet er eit framandelement både i biletet og i van Gogh sin kunst generelt.

Ei mogeleg tolking er at han kjenner seg angripen av dødskreftene i livet, symbolisert ved kråkene. Det er dessutan eit omvendt perspektiv i biletet. Linjene i biletet konvergerer mot forgrunnen. Enkelte hevdar at dette har si årsak i at han mister grepet på mediet sitt. Men det kan også tenkjast at han opplevde seg angripen av sitt eige medium, seier Mehlum. Han er samd med dei som seier at dette biletet er jamgodt med dei avskjedsbreva mange etterlet seg når dei tek sitt eige liv.

I dag trur eg han kunne ha fått hjelp med problema sine. Men han levde dessverre i ei tid då psykiatrien berre var i startgropa. Dette var før Freud og før dei nye psykologiske, sosiale og biologiske behandlingsmåtane vi rår over i dag. Men van Gogh hadde ei utruleg evne til å få fram det heilt eineståande vakre og intense, trass i sin vanskelege situasjon, seier Mehlum.

Emneord: Medisinske fag, Klinisk medisinske fag, Psykiatri, barnepsykiatri, Samfunnsvitenskap, Psykologi Av Nils H. Harnes
Publisert 1. feb. 2012 12:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere