Når menneske tek liv

Kvart år vert det registrert om lag førti drap her i landet. Forskar Hedda Giertsen prøver å finne ut korleis vi forstår drap.

«Han drog øksen helt fram, løftet den med begge hender, omtrent uten å vite av seg selv, og nesten uten anstrengelse, nesten mekanisk lot han øksehammeren falle ned på den gamles hode. Det skjedde liksom uten bruk av krefter i det hele tatt. Hun skrek, men ganske svakt, og sank øyeblikkelig ned til golvet, skjønt hun ennå klarte å løfte begge hendene til hodet.» (Forbrytelse og Straff, Fjodor Dostojevskij) (Tresnitt av Torsten Billman)

«Han drog øksen helt fram, løftet den med begge hender, omtrent uten å vite av seg selv, og nesten uten anstrengelse, nesten mekanisk lot han øksehammeren falle ned på den gamles hode. Det skjedde liksom uten bruk av krefter i det hele tatt. Hun skrek, men ganske svakt, og sank øyeblikkelig ned til golvet, skjønt hun ennå klarte å løfte begge hendene til hodet.» (Frå Forbrytelse og Straff, Fjodor Dostojevskij)

Drap har til alle tider sjokkert oss. Vi står att med trongen til å forstå og til å verte kvitt angsten for at det skal ramme oss. Forskar Hedda Giertsen ved Institutt for kriminologi heldt nyleg foredraget «Hvordan forstå et drap?» på Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo. Til sommaren kjem ho med ei bok om ein drapsmann, som ho følgjer fram til tidspunktet for drapet.

Eit drap forferdar oss og krenkjer grunnleggande verdiar. Det er ei moralsk krise, og ei krise for fornufta og forstanden, seier Giertsen.

Illustrasjon

Raskolnikov etter drapet på pantelånerska. (Illustrasjon: D.A. Sjmarinov)

Ulike forklaringar

Nokre forklaringar skyv drapet litt på avstand ved å leite etter eigenskapar hjå mordaren som skil han frå oss.

Dermed gjer vi drapet mindre trugande. Eit døme finn vi i den språkbruken media har i samband med drapssaker. Her vert drapspersonen ofte skildra som eit monster.

Vi kan også seie at drapspersonen er sjuk eller galen. Også ei slik medisinsk forklaring gjer han annleis enn oss og held med det drapspersonen på trygg avstand.

Karakteristisk for desse to tilnærmingsmåtane er at vi forankrar drapet i eigenskapar hjå personen. Dermed kan vi skyve drapet frå oss, og gjere det til noko som ikkje gjeld oss.

Når vi spør om kvifor eit drap skjedde, tenkjer vi med ein gong at det må ha noko med personen å gjere, eller at det spring ut av ein konflikt mellom offer og gjerningsmannen, ein konflikt som vi kan kjenne oss att i.

Blind vald

Det er i denne samanhengen den såkalla blinde valden vert ekstra trugande. I slike valdssaker får vi ikkje ei tradisjonell forklaring på kvifor drapet skjedde. Det er ikkje mogeleg å skjøne handlinga ut frå relasjonen mellom offeret og gjerningsmannen.

Det er ingen konflikt mellom aktørane, og dei er heilt ukjende for kvarandre. Drapet kunne ha skjedd med kven som helst når som helst, seier Giertsen. Men ho peikar på at blind vald berre er uforståeleg ut frå ein forklaringsmodell som har konflikt mellom offer og gjerningsperson som eit sentralt element.

«Sjukleg», «monsteraktig» og «blind» vald er karakteristikkar som roar oss ei kort tid. Vi tenkjer at desse handlingane kunne aldri vi ha gjort. Drapspersonane vert stempla som avvikarar, påpeikar Giertsen. Men minuset med denne typen tolkingar er frykta for at desse avvikarane plutseleg kan ramme oss i neste omgang.

Lovbrot og straff

Eitt resultat av framgangen naturvitskapen hadde i det førre hundreåret, var at det dukka opp ei rekkje nye forklaring på drap. Tidlegare var det vanleg å sjå drap berre i religiøse og moralske termar, og fordømme det som eit resultat av det vonde.

Ein av dei aller første som skildra dei nye tilnærmingsmåtane, var Dostojevskij i romanen Forbrytelse og straff. I romanen drep hovudpersonen Raskolnikov pantelånerska si. Romanen har ofte vorte analysert med sikte på å finne ut kva forfattaren meinte var årsaka til at Raskolnikov drap pantelånerska. Litteraturforskaren Nuttall peikar i boka Dostoevsky's Crime and Punishment (1978) på at Dostojevskij i boka prøver å skape ei oversikt over dei nye forklaringane på drap som med eitt var tilgjengelege, seier Giertsen.

I staden for berre å sjå på drap i ein moralsk kategori, vart det til dømes råd å sjå på drap frå ein medisinsk vinkel. Då var ikkje drapet lenger overlate til det uforståelege. Medisinarane kunne i det minste skjøne det. Ein av Raskolnikovs venner, som studerer medisin, representerer dette synet. Ein annan meiner lovbrot skuldast samfunnsforhold, og at det kan sjåast på som ein politisk protest.

Vi gløymer ofte å reflektere over forklaringane våre. I dag er ikkje det å vere «besatt av det onde» ei forklaring vi kan godta på eit drap. Men det er viktig å hugse på at også våre forklaringsmåtar er eit resultat av vår tid og vår tenkjemåte.

I mordarens sko

Den amerikanske kriminologen Jack Katz har vore oppteken av å leve seg inn i situasjonen til gjerningspersonen og skjøne korleis han opplevde hendinga.

Når vi skildrar eit drap gjennom statistikk, vert det eit tomrom rundt drapet. Vi forstår ikkje sjølve handlinga, seier Giertsen.

Katz klassifiserer ei mengd lovbrot ut frå kva meining brotsverket hadde for gjerningsmannen. Han seier at det ikkje finst eit lovbrot det ikkje er mogleg å forstå. Katz deler drap i to hovudkategoriar. Den første er det han kallar drap som vert gjort i rettferdig harme. I desse drapa kjenner offeret og gjerningspersonen kvarandre, og drapet spring ut av ein konflikt. Gjerningsmannen har vorte audmjuka fleire gonger, og drapet skjer fordi audmjukinga kjennest eit hakk verre enn tidlegare. Vedkomande kjenner at raseriet stig, og på eit eller anna tidspunkt kjem valsituasjonen: skal raseriet få ta overhand?

Det som skjer hjå drapspersonar, er altså at dei let sinne ta overhand. Katz viser til eit interessant døme frå ein situasjon i eit fengsel. Ein fange vart kraftig provosert av ein medfange, og vart rasande. Han tok tak i ei neglefil i baklomma, og skulle til å angripe. Men plutseleg innsåg han at medfangen var mykje større og sterkare, og at han truleg kom til å tape kampen. Dermed trekte han seg attende, og let raseriet gå over. Katz meiner altså at det er snakk om ein valsituasjon, seier Giertsen.

Katz meiner også det er grunnlag for å seie at drapsmannen endrar oppfatning av offeret før han angrip.

For å greie å utføre eit drap degraderer gjerningsmannen offeret til eit ikkjemenneske. Når han då tek livet av nokon, er han i eigne auge ein moralens vaktar som hjelper samfunnet med å bli kvitt eit øydeleggjande element, seier Giertsen.

Katz viser mellom anna til ei undersøking av amerikanske soldatar i Vietnam. Den viser at umenneskeleggjeringa av vietnamesarane gjorde det mogleg for soldatane å drepe.

Taparar

Den amerikanske kriminologen trekkjer også fram den type drap som verkar meiningslause og uforståelege, og som i media vert kalla blind vald.

Han har nytta biografiar om ei gruppe slike drapspersonar og prøver å setje seg inn i livssituasjonen deira. Det viste seg at dei tilhøyrer den ikkje-etablerte delen av samfunnet som har gått inn og ut av fengsel. Dei har eit dårleg forhold til familien og har få stabile relasjonar. Det viste seg også at identiteten deira var i ferd med å bli øydelagd, og dei var tiltrekte av ein avvikande identitet.

Dei såg på eit drap som noko som kunne skaffe dei ny status og sjølvrespekt.

Drapsstatistikk

Ei viktig kjelde til ein annan type kunnskap om drap er bruk av statistisk materiale. Gjennom dette er det råd å danne seg eit bilete av kven den gjennomsnittlege drapspersonen er. Ut frå statistikken er ein typisk drapsdømd ein mann som drep ein han kjenner, han er tidlegare straffa og har alkoholproblem. Han er også noko eldre enn vanlege lovbrytarar, og drep berre ein gong i livet.

Vi kan altså sjå ein karriere der menn vert støytte ut av utdanning, arbeidsliv og vanleg ni-til-fire-liv. Dei misbrukar i aukande grad alkohol og gjer lovbrot igjen og igjen. Til slutt endar det med eit drap. Dette grip inn i spørsmåla om korleis vi organiserer samfunnet vårt. Skaper vi eit samfunn der fleire fell av lasset, vil vi truleg også sjå ein auke i talet på drap her i landet, seier Hedda Giertsen.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Kriminologi Av Nils H. Harnes
Publisert 1. feb. 2012 12:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere