Når teologi og fysikk møter kvarandre

Teologiprofessor Trond Skard Dokka vil ha naturen attende som teologisk sentraltema. Han meiner at naturen er grunnleggjande for vår forståing av verda. I motsetnad til teologar flest, vil Skard Dokka difor gå i dialog med naturvitskapen. Fysikar og førsteamanuensis Kristoffer Gjøtterud helsar dialogen velkomen. - Det er jo me naturvitarar som verkeleg studerer Guds skaparverk, seier Gjøtterud.

Trond Skard Dokkaog Kristoffer Gjøtterud (frå venstre) er samde om at tilhøva ligg til rette for ein dialog mellom teologi og naturvitskap. (Foto: Kirsten Faustino)

Naturvitarar og teologar har lenge halde til på kvar sin «klode» utan å syne særleg interesse for kvarandres arbeidsområde. I dag er tilhøva annleis, meiner Trond Skard Dokka , som er professor ved Det teologiske fakultetet. I fleire kapittel i boka Tegn og fortolkning (Ad Notam, 1996) har han teke opp problemstillingar kring dialogen mellom teologi og naturvitskap.

Boka er særleg retta mot studentar som skal ta examen facultatum. Her viser Skard Dokka korleis det gjennom historia stadig har oppstått meir eller mindre alvorlege konfliktar mellom teologi og naturvitskap. Overgangen til det heliosentriske verdsbiletet og Darwins utviklingslære møtte sterk kyrkjeleg motstand, jamvel om Skard Dokka hevdar at polariseringa mellom teologi og naturvitskap langt frå var så prega av kamp og krig som ho ofte er blitt framstilt. Med den vitskaplege revolusjonen vart Gud «jaga ut av den materielle verda». Fyrst i byrjinga av dette hundreåret vart konflikten mellom teologi og naturvitskap gradvis ein del av sjølvforståinga til dei respektive vitskapane. No er biletet i ferd med å endre seg, og ein dialog er på gang mellom desse fagområda.

Kvifor er denne dialogen viktig?

Skard Dokka: - Frå min ståstad er det viktig å unngå ei ekstrem andeleggjering, som det har vore tradisjon for innan kyrkjehistoria. Postmodernismen har også tendens til å krympe det naturlege, slik at alt blir kultur. Då blir resultatet naturtap. Å miste sansen for det naturgjevne grunnlaget som alt er avhengig av, meiner eg er uheldig både teologisk og allment.

Gjøtterud: - Dialog mellom vitskapar generelt er viktig for å unngå faglege skylappar og at ein som vitskapsmann blir «fange» i sitt eige fag. Svært mange innan mitt fagområde har skremmande liten horisont. Eg brukar å seie det så sterkt at eg gjerne hadde sett at fleire av mine kollegaer hadde vore intellektuelle! Å gå i dialog med teologane, syns eg er svært spennande. Det er viktig for heile den allmennkulturelle orienteringa. Eg har ei personleg interesse for teologiske problemstillingar, men tykkjer at store delar av teologien nedvurderer naturen. Skard Dokka fortener honnør for at han tek opp nettopp denne problemstillinga i ei ex.fac-bok.

Så du er samd i at tilhøva ligg til rette for ein slik dialog?

Gjøtterud: - Ja, forståinga av at det er menneska som skaper vitskapen, er aukande, også innanfor naturvitskapen. Ein har erkjent at den kalde, objektive vitskapen faktisk ikkje eksisterer. Blant fysikkstudentar opplever me no stor interesse og entusiasme når me freistar å setje fysikken i eit større kulturelt og historisk perspektiv. Men eg oppfattar det som ei hindring for dialogen at både teologar og humanistar syner så lite vilje til setje seg inn i naturvitskaplege emne. Eit vanleg argument er at dei naturvitskaplege emna er vanskeleg tilgjengelege. Moderne kvantefysikk, til dømes, vert av mange rekna som heilt utilgjengeleg. Det syns eg er ei altfor defensiv haldning.

Skard Dokka: - Eg trur haldningane til dette er i ferd med å endre seg noko innanfor dei akademiske miljøa. Men i offentlegheiten rår nok framleis eit bilete av at naturvitskapen er ei gruppe av instrumentelle fag, ikkje kulturfag. Det trur eg kan vere ein av grunnane til at mange elevar i den vidaregåande skulen i dag vel bort realfaga.

Gjøtterud: - Eg vedgår at naturvitarar har ein tendens til å formidle stoffet sitt på ein nedlatande måte, utan å invitere til openheit. Me har nok ei oppgåve når det gjeld å formidle kunnskap om naturvitskap som kulturfenomen. Når det gjeld elevane i den vidaregåande skulen, meiner eg ein burde krevje at alle hadde meir realfag.

Korleis har teologar i vår tid arbeidd med tilhøvet til naturvitskapen?

Skard Dokka: - Rudolf Bultmann (1884-1976) er kanskje den teologen som har gått lengst når det gjeld å markere skiljet mellom teologi og naturvitskap. Bultmann meiner at det er umogleg for menneska å fri seg frå den lovmessige måten som naturen er ordna på. Skal trua stå fram som noko radikalt annleis enn verda, må ein i Bultmanns teologi sjå vitskapen som verdsleg og gudlaus. Trua høyrer heime i det ein ikkje kan «objektivisere». Ho inneheld ikkje kunnskap om ting-verda, og kan difor heller ikkje diktere folk kva dei skal meine om naturvitskaplege spørsmål.

Gjøtterud: - Eg har lese Skard Dokkas framstilling av Bultmann og er sterkt usamd med Bultmanns teoriar! Bultmann opererer med eit forvrengt og forelda verdsbilete. Han syns meine at ein må ofre intellektet for å fatte Bibelen.

Men du er altså av ei anna oppfatning. I kva grad påverkar ditt kristne utgangspunkt deg som fysikar, Gjøtterud?

Gjøtterud: - Det er sagt at medan kjemikarane leitar etter gull, så leitar fysikarane etter Gud, og det er nokon rett i dette. Eg ser på livet som eit overveldande mysterium, som me stadig berre ser små bitar av. Me treng vitskapen for å fange inn rikdomen i verda. Å vekkje nysgjerrigheit, undring og interesse er det viktigaste ein kan oppnå med vitskapleg arbeid. Innanfor kvantefysikken, til dømes, arbeider me konkret med spørsmålet om kva det vil seie å forstå verda.

Kva emne meiner du er eigna i ein slik dialog, Skard Dokka?

Skard Dokka: - Hovudemna er dei som rører ved røyndomsoppfatningar og dei som rører ved menneskesyn. Det gjeld teoriar som overskrid dei snevre naturvitskaplege systema, så som kaosteori, kvantefysikk og relativitetsteori, men og evolusjonistisk genteori.

I kva grad meiner du, Gjøtterud, at religion og vitskap svarer på ulike spørsmål?

Gjøtterud: - Etter mi meining ser og forstår vitskapen berre stykkevis. Samstundes meiner eg at teologane ofte freistar å gje svar på for mange spørsmål. Teologane tek ikkje omsyn til at vitskap alltid må arbeide for å overskride nye grenser og finne nye spørsmål. Vitskapen er «i spranget», og det vil vitskapen alltid vere.

Skard Dokka: - Gjennom teologihistoria har det nok vore ein viss tendens til «fagleg imperalisme», der teologane vil diktere kva andre vitskapar bør meine. Teologane kan ikkje drive slik overprøving av det vitskaplege innan andre fagområde. Samstundes rår vel denne trongen til å diktere også innan andre vitskapar.

Problemstillingar knytte til korleis universet vart til, er eit klassisk eksempel på spørsmål som både naturvitarar og teologar har freista å svare på, og der tilnærmingane kan synest uforeinlege.

Skard Dokka: - Då eg gjekk på gymnaset, vart «Big bang» framstilt som ein teori som stod i sterk konflikt med skaparforteljingane i Bibelen. Men då teorien om at universet var blitt til ved ein stor eksplosjon, eit «Big bang», kom i 1950-åra, vart tanken faktisk helsa velkomen frå kyrkjeleg hald. Pave Pius XII uttalte at vitskapen no hadde etablert nye grunnar for å tru på Gud. Jamvel om det var å overdrive, var "Big bang" mogleg å kombinere med den teologiske førestellinga om den fyrste skaparakta; «creatio ex nihilo». Seinare er dei vitskaplege teoriane om byrjinga av universet stadig blitt utvikla og forbetra. Ein reknar med at universet vart til for 10-15 milliardar år sidan. Dette tidspunktet vert ofte gjeve opp som t = 0. Men nett her støyter vitskapen mot ei grense. Eg overlet til naturvitskapen å vurdere om dette er ein god teori eller ikkje. Spørsmålet om korleis universet vart til er stadig heilt ope og mysteriøst.

Kva meiner du som fysikar, Gjøtterud?

Gjøtterud: - Modellen t = 0er interessant, men forståinga blir heilt forsøksvis. Modellen reiser grunnleggjande vitskaplege spørsmål.

Korleis ser du dette i samanheng med skaparforteljingane i Bibelen?

Gjøtterud: - Bibelens forteljingar om byrjinga les eg ikkje som ein vitskapleg protokoll, men som tekster som har poetisk tyding. Ein må bruke fornuft når ein les desse bibelske tekstene. Her har ikkje naturvitskapen hjelpt oss i det heile.

Skard Dokka: - Mange vil kanskje tru at ei slik metaforisk tolking av Bibelen som Gjøtterud her gjev uttrykk for, er moderne, men faktisk er dette heilt i tråd med korleis oldkyrkja og dei kristne i mellomalderen tolka bibelske tekstar. Dette er den førvitskaplege måten å forstå Bibelen på. At ein byrja å tolke Bibelen som strengt bokstavleg sakprosa, var ein bieffekt av den vitskaplege revolusjonen.

Meiner du at dei naturvitskaplege teoriane om byrjinga av universet har verka positivt for dialogen mellom naturvitarar og teologar?

Skard Dokka: - «Big bang» er eit godt døme på at dei respektive vitskapane har byrja å fatte interesse for felles tema. Blant dei som tek del i denne dialogen, er det elles eintendens til at båe fagfelt vel eit realistisk syn på vitskapleg erkjenning. Ein meiner altså at vitskaplege teoriar på ein eller annan måte svarer til noko reelt. Denne realismen vart ofte kalla «kritisk realisme», fordi ein likevel erkjenner at der er ein avstand mellom teori og realitet, og såleis ser teoretiske modellar som metaforiske.

Kva konkret kan ein gjere for å vidareutvikle den dialogen som no er i gang?

Gjøtterud: - Forutan å inkludere han i ex.phil.-pensumet, meiner eg det berre er eit tidsspørsmål før universitetet må gjere dette til eit prosjekt, og setje av både tidsmessige og økonomiske ressursar til å utvikle dialogen. Studentar kan så oppmodast til å utnytte høvet til tverrfaglegheit betre i studietida. Som sagt meiner eg at naturvitarar og teologar absolutt burde snakke saman. Men initiativet må kome frå teologane, og dei er generelt ikkje særleg interesserte i naturvitskap. Eg syns det er merkeleg at teologane ser på våre problemstillingar som heilt uinteressante.

Du er interessert i dialogen med naturvitarane, Skard Dokka, men kva med teologar flest?

Skard Dokka: - Eg vil påstå at teologien generelt er eit av dei minst dogmatiske faga me har ved universitetet. Det er stor fridom til å utvikle eigne teoriar innan teologien. Samstundes må eg vedgå at grunnlaget for å møte naturvitskapen til no ikkje har vore så godt her i landet. Medan dialogen er høgst aktuell i internasjonale miljø, har synet på naturvitskap i norske kristne miljø vore prega av motførestellingar, angst og manglande kunnskap. Menmotviljen mot å integrere naturvitskapen er jo elles like sterk innan dei fleste humanistiske faga, både i samfunnsfaga og filosofien. Dette vonar eg det no blir ei endring på. Kven som tek initiativet til dialogen, er ikkje så interessant. Det viktige er at me får til ein samtale.

Emneord: Språk og kultur, Teologi og religionsvitenskap, Teologi, Matematikk og naturvitenskap Av Aslaug Veum
Publisert 1. feb. 2012 12:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere