"Tokjernefamilien" - eit brukbart alternativ?

Skilsmisser, oppløyste sambuarforhold og nye familiekonstellasjonar treng ikkje representere noko samfunnsproblem, men kan tvert om vere ein rikdom for kulturen. Ein treng klare alternative modellar til den klassiske mor-far-og-barnfamilien, meiner dr. philos. Odd Arne Tjersland ved Senter for klinisk psykologisk forsking.

I den vestlege verda i dag er det oftast kvinna som tek initiativet til skilsmisse. (Foto: Tobias Röstlund/Pressens Bild/SCAN-foto©)

Spør smilande nygifte par på kyrkje- og rådhustrapper om kor lenge dei trur ekteskapet deira vil vare, og dei aller fleste vil svare at sjølvsagt skal det halde livet ut. Likevel går nær halvparten av alle ekteskap i oppløysing. Parforhold mellom menn og kvinner varer generelt kortare enn før. Det er blitt vanleg å skifte partnar ein eller fleire gonger i livet. Dette gjeld både for gifte og sambuande par, med og utan barn. Odd Arne Tjersland er psykolog og har arbeidd med familieterapi og parforhold i meir enn femten år. Han spår at utviklinga med oppløyste parforhold vil halde fram. Tjersland har fleire forklaringar på kvifor svært mange moderne par ikkje held saman til døden skil dei åt.

Skilsmissebølgja

Utviklinga som sosiologen Turid Noack har kalla den moderne skilsmissebølgja i Noreg tok til på 1960-talet og heldt fram med å auke utover i 1970- og 80-åra. I denne perioden vart talet på skilsmisser firedobla. Nyare forsking viser at det i den vestlege verda i dag oftast er kvinna som tek initiativet til skilsmisse. Tjersland framhevar då også endring i kvinna si stilling i samfunnet som ei viktig forklaring på at stadig fleire parforhold vert brotne.

- Kvinner på 1950-talet levde i eit samfunn der det var ein viktig verdi å bli "godt gift". I dag er utdanning og arbeid blitt like viktige verdiar for kvinner som for menn. At stadig fleire kvinner er økonomisk sjølvstendige, har også verka inn på sjølvrespekten og sjølvtilliten til kvinnene. Dei fleste kvinner i dag veit at dei kan greie seg sjølve dersom parforholdet dei lever i vert oppløyst, seier Tjersland.

Kvinner si aukande deltaking i arbeidslivet har også ført til at kvinner og menn har fått fleire møteplassar enn før. På arbeidsplassen får menn og kvinner høve til å stadfeste kvarandres kompetanse, kreativitet og eigenart. Vilkåra for vennskap og forelsking er gode, kanskje langt betre enn i heimen, der det ofte er pliktene og rutinene som dominerer.

I Tjerslands doktoravhandling kom det klart fram at nye kjærleiksforhold ofte er ein sentral faktor når parforhold vert oppløyste. I dagens parforhold er kjærleik blitt det viktigaste "limet", i motsetnad til tidlegare då ekteskap førte med seg både økonomisk tryggleik og sosial plassering. Når kjærleiken er blitt så viktig i relasjonen mellom han og henne, er utruskap også ein større trugsel enn før. Korkje økonomiske eller sosiale tilhøve gjer at ein treng å tolerere svik. Barn bind foreldre saman, men i dag vil dei aller fleste sambuarar og partnarar seie at barn ikkje er avgjerande for om ein blir verande i parrelasjonen.

Betre økonomiske støtteordningar gjer at det i dag er mogleg for den eine av foreldra å ta over omsorga for barna. Med auken i talet på skilsmisser følgjer også ein aukande sosial aksept for oppløyste parforhold og familiar.

- Forsking viser mellom anna at barn av skilte foreldre oftare skil seg enn barn som har foreldre som lever saman. Ei forklaring kan vere at barn av skilte foreldre i større grad ser skilsmisse som ei reell løysing dersom det oppstår problem i parforholdet, seier Tjersland.

Dei kritiske fasane

Jamvel om Tjersland ser nye familieformer som eit godt alternativ til den klassiske kjernefamilien, vil han ikkje bagatellisere dei smertefulle kjenslene som vanlegvis oppstår når parforhold og familiar går i oppløysing.

- Par som lever saman, skaper ei historie saman. Samlivshistoria inneheld ei rekkje felles opplevingar som julefeiring, påsketur og sommarferie med barna, slekt og vener. Når eit parforhold vert oppløyst, vert det eit brot på den historia som familien har skapt saman. Ofte er det dette brotet som vert opplevd som mest smertefullt når paret ikkje lenger greier å leve saman.

- Er det mogleg å gardere seg mot samlivsbrot?

- Etter mange år som familieterapeut må eg slå fast at familiar er utruleg forskjellige og at det ikkje finst noka oppskrift på eit ideelt samliv. Menneske kan leve saman både i svært lause og i svært faste organiseringar. Løysingar som fungerer for ein familie, fungerer aldeles ikkje for ein annan.

- I seinare tid er det kome framlegg om at samliv må inn som fag i skulen. Er det mogleg å lære korleis ein skal takle eit parforhold?

- Eg har lita tru på at tiltak som samlivsundervisning og ekteskapskurs som byggjer på ein moralsk idé, har nokon førebyggjande verknad. Difor er eg svært skeptisk til at samfunnet skal bruke pengar på slike tiltak.

- Så du har ingen råd for korleis ein kan få eit parforhold til å vare?

- Det er viktig at partane ikkje prøvar å oppdra kvarandre, men i staden viser kvarandre gjensidig tillit. Mange parforhold endar i ei inntørka myr fordi partane stadig prøvar å endre kvarandre.

Tjersland skildrar to ytterkantar av eit parforhold: Den eine ytterkanten er to individ som lever på kvar sin planet utan punkt som rører ved kvarandre, den andre er to individ som smeltar saman til ei celle. Båe ytterkantar kan vere ein trugsel mot parforholdet og familielivet. I eit parforhold må ein ha mot til å senke eigne grenser og vise kor naken og sårbar ein er. Samstundes må kvar av partane ha lov til å setje grenser, til dømes for kva ein vil snakke om.

- Det er elles viktig at paret skil mellom fantasiar og handlingar. Eg har møtt ein del par der det er fantasiar og ikkje handlingar som er problemet. Ein må akseptere at ein aldri vil kunne kontrollere fantasiane til kvarandre.

Innan den terapeutiske familieterapi-tradisjonen tenkjer ein seg elles at familien går gjennom ein livssyklus. Familiar opplever kritiske fasar i livet, på same måte som individet. Dei kritiske periodane i familien er knytte til sentrale hendingar, som når parforholdet blir danna, når paret får barn, når barnet byrjar å snakke og røre seg, når barnet byrjar på skulen, når barnet blir ungdom og når barnet flyttar heimanfrå.

- Mange av desse periodane er utfordrande og risikofylte for familien og parforholdet. Dei krev at familiemedlemene endrar seg, men ofte er det svært vanskeleg å endre seg i takt med desse livsfasane, seier Tjersland.

Bilde

Innvandrarfamiliar kan ha andre måtar å leve på enn den klassiske norske kjernefamilien. Dei nye familiane er varierande sosiale konstellasjonar. (Foto øvst: Karl Melander/Pressens Bild/SCAN-foto © Foto under: NTB-foto ©)

Familieterapi

I Noreg er familievernet blitt veldig bygd ut dei siste åra, og i dag finst det om lag 60 såkalla familievernkontor i landet. I arbeidsmetodane som vert nytta i familieterapien, legg ein opp til at fleire ulike profesjonar skal arbeide saman. Eit særtrekk ved verksemda er at paret eller familien vert definert som klient, i motsetnad til andre verksemder som i hovudsak berre definerer enkeltindivid som klientar. I Odelstingsproposisjonen om lov om familievernkontor heiter det at siktemålet med familieterapi er å arbeide førebyggjande i høve til utvikling av psykiatriske og psykosomatiske lidingar, og i høve til familieproblem som fører til at barnevernet, rettsapparatet eller politiet må gripe inn.

Tjersland meiner at oppbygginga av familievernet her i landet viser at det er politisk vilje til å ta vare i familien, jamvel om kompetansen på korleis ein skal møte og meistre familiar i kriser er svært varierande.

- Kva er etter di meining målet med familieterapi?

- For familieterapeutane er det ikkje utan vidare eit mål å berge familien i den noverande forma. Oppgåva er saman med klientane å utforske alternative måtar familien kan leve på. For nokre klientar finst løysingane innanfor den tradisjonelle familieramma, for andre utanfor. Terapeutane må ikkje møte klientane med løysingar som er låste fast på førehand, men prøve å finne fram til den kompetansen som ligg i familien sjølv. Det er elles viktig at familievernet er ei teneste med låg terskel. Ein treng ikkje tilvising frå lege for å oppsøkje tenesta, og klientane blir ikkje definerte som psykiatriske pasientar, seier Tjersland.

- I kva grad har familieterapi vist seg å vere vellukka?

- Det finst ingen overtydande dokumentasjon av kva effekt familieterapi har. Årsaka er mellom anna at ein vanskeleg kan trekkje bastante slutningar om kva som er god effekt av slik behandling. Men brukarundersøkingar som er gjort ved familievernkontor, har synt at klientane i stor grad er nøgde med den hjelpa dei får der.

Resultat frå Tjerslands eiga doktoravhandling Samlivsbrudd og foreldreskap. Meklingsprosessens psykologi  viste at heile 86 prosent av klientane var nøgde med tilbodet dei fekk på familievernkontoret. Eit fleirtal av klientane meinte at dei hadde fått hjelp til å betre kommunikasjonen seg imellom. Mange var nøgde med å få hjelp til å gjere avtaler seg imellom og at familieterapeutane var nøytrale og la vekta på klientane sine eigne framlegg til løysingar.

"Tokjernefamilien"

I dag finn skilte foreldre mange alternative måtar å leve på, homofile gifter seg, sambuande homofile får barn og innvandrarfamiliar kan ha andre måtar å leve på enn den klassiske norske kjernefamilien. Dei nye familiane er varierande sosiale konstellasjonar og kommuniserer med kvarandre. Ein har mangla sosiale konvensjonar for korleis ein skal leve alternativt til kjernefamilien. Dei fyrste skissene til nye familiemønster er no i ferd med å vekse fram. Tjersland ser for seg ei framtid med stadig nye familietypar og meiner dette er positivt i eit samfunnsperspektiv.

Eit trekk ved dei nye familiemønstra er at ekteskap, foreldreskap og bufellesskap ikkje er kopla saman i same grad som før. Den amerikanske samfunnsvitaren Constance R. Ahrons har skildra ei utvikling frå kjernefamilien til det ho kallar "tokjernefamilien". Av nyare undersøkingar om barn og samvær går det fram at i to tredelar av alle parforhold med barn som går i oppløysing, held alle partane i familien kontakt med kvarandre også etter samlivsbrotet. Det vil seie at både mor og far deltek i livet til barna på ulike måtar. I ein tredel av dei oppløyste parforholda vert faren meir eller mindre borte frå resten av familien. Storfamilien, med besteforeldre, tanter og onklar, er likevel til stades i livet til mor og barn.

- Som familieterapeut har eg møtt mange familiar i oppbrotssituasjon. Klinisk praksis viser at jamvel om den klassiske kjernefamilien går i oppløysing, så er familien veldig til stades og avgjerande for korleis folk lever. Såleis er familien som institusjon på ingen måte død, men viser seg i nye former, avsluttar Tjersland.

OM SAMLIV OG FAMILIELIV

Sambuarskap og ekteskap

Ein reknar med at det i dag er om lag 225 000 sambuarpar i Noreg.Talet på ektepar er 850 000.

  • Det moderne sambuarskapet voks fram seinare i Noreg enn i dei andre skandinaviske landa.
  • Frå 1977 til 1987 vart talet på sambuarar tredobla.
  • På 1990-talet har det berre vore ein liten auke.
  • Det er berre blant personar under 30 år at sambuarskap er vanlegare enn ekteskap.
  • Ved inngangen til 1997 hadde eitt av tre spedbarn sambuande foreldre.

Skilsmisser

  • Skilsmissetala har auka gjennom heile det siste hundreåret.
  • Frå 1960-talet til 1980-talet vart talet på skilsmisser firedobla.
  • I 1995 vart det registrert 11,7 skilsmisser pr. 1000 ekteskap.
  • Utrekningar viser at nær halvparten (47 prosent) av alle ekteskap vil ende i skilsmisse.

Barn i oppløyste parforhold

  • Fire av fem par som skil seg, har barn.
  • 17 prosent av alle barn under 18 år bur saman med berre mor eller far.
  • Det er mest vanleg at mor har foreldreansvaret aleine.
  • Tre av ti foreldrepar har felles foreldreansvar.
  • Svært få fedrar (fire prosent) har foreldreansvar aleine.
  • Meir enn 75 prosent av foreldra i oppløyste parforhold, både gifte og sambuarar, har avtale om samværsrett med barna.
  • Felles foreldreansvar er meir vanleg dersom foreldra var gifte enn når foreldra har vore sambuarar.
  • Mindre enn fem prosent av foreldrepara har ei ordning der barnet bur om lag like mykje hjå båe foreldra.
  • Foreldre med høg utdanning og høg inntekt har fleire samværsdagar med barna enn andre foreldre.

Kjelder: An-Magritt Jensen og Stein-Erik Clausen: Samvær og fravær (1997)

Ivar Frønes og Andreas Hompland (red.): Den nye barne- og familieboka (1994)Statistisk sentralbyrå

Emneord: Samfunnsvitenskap, Sosiologi, Psykologi Av Aslaug Veum
Publisert 1. feb. 2012 12:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere