print logo

Lukkeleg student med kritisk blikk på universitetet

- Eg kjenner ganske stor avstand til det vitskaplege personalet også etter fleire år som heiltidsstudent. Mange studentar blir nok skuffa over undervisninga, og dette at ho er forskingsbasert, som det står i festtalane, merkar ein ofte ikkje så mykje til.

Det seier Ommund Vareberg (32). Han er noko så gamaldags som ein heiltidsstudent full av erkjenningslyst.

- Du har bakgrunn som dataingeniør og har nyleg levert hovudoppgåve i nordisk litteratur om Fløgstads Dalen Portland i ljos av spanske vandrarromanar eller pikareskromanar frå 1500- og 1600-talet. Er det her snakk om omskolering eller vidareutdanning?

- Ingen av delane. Eit slikt studium er ikkje noko naturleg framhald av ingeniørstudiet. Men på den andre sida: Når du har studert eit fag mest blotta for filosofi og erkjenning, kan det oppstå eit sakn. Sjølv kjende eg meg på sett og vis dummare etter ingeniørstudiet enn før - eg sakna diskusjonane i norsk-, religions- og samfunnsfagstimane på gymnaset. Og eg hadde venta meg meir matematikk og logikk i studiet.

Kva for fortrinn har du i arbeidslivet jamført med dei medstudentane på ingeniørhøgskulen som ikkje har studert humaniora ved universitetet?

- Det kjem an på kva slags rolle eg skal ha i arbeidslivet. Som IT-teknikar på eit operasjonelt nivå vil eg ikkje ha noko fortrinn. Men som medarbeidar i ein organisasjon der du skal ta avgjerder, er den humanistiske utdanninga god å ha. I den rolla får du bruk for mange andre kunnskapsfelt enn dei tekniske og økonomiske. Dels vil humanisten vere meir open for uformelle mønster i organisasjonen, dels vil han og ho ha meir av det eg vil kalle konfliktmedvit. Dersom du har arbeidd mykje med litteratur, ikkje minst skjønnlitteratur, vil du få skjerpa evna til å sjå spenningar og interessekonfliktar både mellom personar og grupper.

Slikt kan gjere at du blir mindre utsett for manipulasjon og at du kan sjå kvar det ligg konfliktstoff, og så kan du gjere noko med dette før konflikten bryt ut. Endeleg er det historiske medvitet godt å ha med seg. Når du kjenner organisasjonen si historie, vil du til dømes lettare skjøne tregleiken i systemet. Men historisk medvit dreier seg også om å ha eit reflektert forhold til kva det vil seie å leve i Noreg og Europa i det 20. hundreåret. Det å ha ein litt samansett bakgrunn er jo allment sett ein fordel - i mitt tilfelle kan eg kanskje bygge litt bru mellom IT-kulturen og andre fagmiljø.

- Du er no på veg ut av universitetssamfunnet att - når lesarane får dette nummeret av Apollon, er du på plass i Statskonsult for å gi råd om dataopplæring av statstilsette. Dersom ein IT-rådgjevar i Næringsdepartementet spør deg om korleis dei er, desse framande forskarane på Blindern, kva svarar du?

- Eg må nok svare at dei framleis er litt framande. Ein student blir først synleg på Nordisk institutt heilt på tampen av hovudfagsstudiet. Først då er han ein fagperson, og då forsvinn dei fleste ut att, altså utan å ha kome dei tilsette forskarane inn på livet. Eg kjenner ganske stor avstand til det vitskaplege personalet også etter fleire år som heiltidsstudent. Mange studentar blir nok skuffa over undervisninga, og dette at ho er forskingsbasert, som det står i festtalane, merkar ein ofte ikkje så mykje til.

Kva kan ein gjere med dette?

- Noko ferdig oppskrift har eg ikkje. Men studentar på mellom- og særleg på hovudfagsnivå skulle hatt betre høve til å arbeide i ei forskargruppe, slik vi ser det i mange naturvitskaplege fag. Det å skrive artiklar eller arrangere seminar saman med medstudentar og ferdigutdanna forskarar, måtte kunne minske avstanden.

Då du tok farvel med ein datajobb i Justisdepartementet for å studere nordisk frå grunnen av, fekk du høve til å bli kjent med særs mange yngre studentar. Korleis råkar Bernt Hagtvet sine påstandar om at den typiske studenten er pensum- og karakterfiksert og manglar erkjenningslyst?

- Erkjenningslyst er jo ikkje berre eit spørsmål om god vilje. Sjølv var eg privilegert: Eg kunne når som helst fått ein godt betalt jobb, men valde å følgje erkjenningslysta mi. Andre, som ikkje har slik tryggleik i bakhand, vil kjenne det annleis. Eg synest ikkje grunnfagsstudentar på nordisk er særleg karakterfikserte, faktisk trur eg ikkje HF-karakterar har noko særleg meining i samfunnet utanfor, og det veit studentane. For arbeidsgjevarane blir vel karakterane viktigare når dei skal tilsetje folk med reine profesjonsutdanningar. Men pensum er viktig - ikkje minst grunnfagspensumet er særs omfattande. Ein skal vere glad om ein kjem gjennom det på normert tid. Samstundes må eg seie at eg har blitt ganske sterkt provosert når eg har høyrt medstudentane klage over dei aller mest engasjerte forelesarane fordi desse ikkje held seg til pensum. Vi treng leik og verkeleg engasjement. Viss universitetsstudentar heller vil ha pensumrams enn fagleg engasjement, skulle dei finne seg ein skule å gå på.

Men mange studentar er i dag ein slags skuleelevar som ikkje primært kjem for å lære, men for å få seg ei utdanning.

- Eg ser dilemmaet her, og det er stort. For det å vere ved eit universitet, skulle dreie seg om å lære å kommunisere betre, om å ta del i ein akademisk og fagleg fellesskap. Det er ikkje lett å sameine med masseundervisning. Kan hende skulle vi reise diskusjonen, slik eg nå ser at danskane gjer, om vi skulle få eitt eller fleire eliteuniversitet.

Du kjem frå Nittedal og Grimstad, og så har du bestemt deg for å skrive hovudoppgåva på nynorsk. Kvifor?

- I Nittedal snakka vi dialekt og fekk skriveopplæring på radikalt bokmål. Dermed fekk eg bygd opp det språklege medvitet som må vere forklaringa på følgjande historie: På nordisk hovudfag er regelen at den stutte vitskapsteoretiske heimeoppgåva og den lange hovudoppgåva skal skrivast på kvar si målform. Som austlendingar flest starta eg å skrive heimeoppgåva på nynorsk. Men det kjendest så godt og greitt at eg spontant tok ei ny avgjerd: Denne sjansen til å skrive konsist og beint fram ville eg spare til den lange hovudoppgåva.

Emneord: Språk og kultur, Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur Av Johan L. Tønnesson
Publisert 1. apr. 1998 00:00