Nytt universitetssenter i St. Petersburg

-Eg håpar senteret kan bli ein møtestad mellom norske og russiske forskarar, sa Kong Harald då han opna Det norske universitetssenteret i St. Petersburg den 28. mai, på dagen 395 år etter grunnlegginga av Russlands gamle hovudstad.

Norske flagg, kvinner i bunad og lange kjolar og menn i dress helsa Hans Majestet Kong Harald, då han kom til Det norske universitetssenteret presis klokka 10.00 torsdag den 28. mai 1998. Han blei ynskt hjarteleg velkomen av leiaren for Det Norske Universitetsrådet, rektor Lucy Smith, før han gjekk bort og sette seg på fremste rad i eit lokale som har sitjeplass til 50 personar.

Senteret er eit samarbeid mellom dei tre universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Det Norske Universitetsrådet og Utanriks-departementet har i fellesskap finansiert senteret, som leiger lokale hos det norske firmaet Smiga i sentrum av St. Petersburg.

I helsingstalen sin la styrar for senteret, professor Jan Ivar Bjørnflaten, stor vekt på det historiske sambandet mellom Russland og Noreg, frå vikingtida og fram til i dag. Han trekte spesielt fram Nils Olsen frå Stavanger, som etter kvart blei betre kjent som Cornelis Cruys.

-Denne nordmannen blei plukka opp av Peter den store i Nederland, som tok han med til Russland. Der utnemnde han Cornelis Cruys til admiral og gav han ei viktig rolle i oppbygginga av Den russiske marinen, sa Bjørnflaten, som trudde Det norske universitetssenteret kunne bli eit senter i Noregs samarbeid med Nordvest-Russland innanfor høgare utdanning. Han la også stor vekt på den viktige rolla St. Peters-burg har spela i Russlands kulturhistorie.

-Russlands møte med Vesten slo ut i full blomst i den kulturelle og vitskaplege aktiviteten som skjedde i dette landet i det 19. hundreåret. Det møtet fann stad i St. Petersburg, som Russlands vindauge mot Vesten. No er me vitne til eit nytt møte mellom Russland og Vesten. Dersom norske forskarar gjennom Det norske universitetssenteret kunne spela ei rolle her, ville me kunne seia at hovudmålsetjinga bak etableringa av senteret var nådd, sa Bjørnflaten.

Leiaren for Det Norske Universitetsrådet og rektor ved Universitetet i Oslo, Lucy Smith, fylgde opp med å takka Utanriksdeparte-mentet for generøs støtte til senteret.

-Eg trur dei skal få sjå at det har vore ei god investering. No håpar eg at Utanriksdepartementet vil fylgja opp denne løyvinga, oppmoda Lucy Smith før ho gav ordet til universitetsdirektør Tor Saglie som introduserte Hans Majestet Kong Harald.

-Det norske universitetssenteret kan gjera det lettare for norske forskarar å knyta kontaktar med russiske forskingsmiljø, sa Kongen. Han viste til at med etableringa av dette senteret er forholda lagt vel til rette for norske forskarar og studentar som ynskjer å gjera seg nytte av dei intellektuelle res-sursane som Russland rår over.

-Dersom universitetssenteret på denne måten kan visa seg å bli ein møtestad for norske og russiske forskarar, vil eit hovudmål bak denne etableringa og samtidig eit viktig mål i norsk politikk overfor Russland vera nådd, sa Kongen og ynskte dei tre norske universiteta og styrar Jan Ivar Bjørnflaten til lukke med Det norske universitetssenteret. Før han forlet lokala, bad han om å få sjå kjøkenet og kontora på senteret, dit han blei geleida av Bjørnflaten. Ein halv time etter at han hadde kome, kom han ut av senteret, tok avskil med Bjørnflaten og sette seg inn i ein svær, svart, russisk limousin, som frakta han til flyplassen der han skulle dra vidare til Murmansk saman med Dronning Sonja.

Det norske universitetssenteret står no til disposisjon for alle forskarar, doktorgradsstudentar og hovudfagsstudentar som har behov for ein kontorplass medan dei samlar inn data i Russland. Senteret kan også formidla kontakt til fagpersonar ved Universitetet i St. Petersburg.

Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 1998 00:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere