Heile verda i eit kondom

- Eg er forbausa over kor mykje meining som blir lagt i kondomet, seier Anne-Lise Middelthon. Ho har jobba i forhold til hiv-epidemien i meir enn ti år og trudde at kondomet etter kvart byrja å bli "tømt for meining". Men forskinga hennar tyder på at kondomet stadig har eit stort semiotisk potensial.

"Som teikn har kondomet ulike funksjonar, og det kan bere ulike funksjonar i seg samstundes"

(Ill.: Statens helsetilsyn ©) Foto: Ståle Skogstad

Før hiv-epidemien var bruk av kondom i Noreg i hovudsak sett på som eit prevensjonsmiddel til bruk ved heteroseksuell sex. Ein veit lite om bruk av kondom i homofile miljø før hiv- og aids-epidemien kom. Det var fyrst ved hiv-epidemien at bruk av kondom blant homofile verkeleg vart aktualisert. Det var då kondomet fekk ei avgjerande tyding i forholdet mellom liv og død.

Glasskål med kondompakker

Skål for kondomet! Ein av informantane i Middelthon si undersøking hadde alltid ein bolle med kondom ståande framme i heimen for å syne at han var eit ansvarlig menneske som praktiserer sikker sex.

Meir enn gummi

I utgangspunktet verkar det opplagt. Homofile menn som brukar kondom, kan sikre seg mot dødeleg hiv-smitte. Så kvifor la vere å bruke kondom? Men seksualitet handlar om menneskelege relasjonar, og Middelthon finn at det er ei rekkje andre forhold enn fornuft og helse som verkar avgjerande når homofile vel å bruke eller la vere å bruke a kondom. Sentrale spørsmål som tillit, intimitet, respekt, utlevering og audmjuking påverkar meininga ein legg i kondomet. Samtalane med unge homofile menn avdekkjer at bruk og manglande bruk av kondom blir tolka på ei rekkje ulike måtar, avhengig av kontekst, tid og relasjonar. Kondomet blir tillagt langt meir meining enn berre å vere ein "gummisak" som kan sikre ein mot hiv-smitte.

- Alle menneske leitar etter meining eller teikn i relasjonar, seier Middelthon. - Tenk berre på korleis ein leitar etter små teikn når ein er forelska. Eit blikk - eit smil. Vi leitar og tolkar. Det som er spesielt for unge homofile gutar, er at dei i mykje mindre grad enn heteroseksuell ungdom har tilgang på informasjon og kunnskap om de situasjonane dei kjem opp i. Ein ung homofil gut som skal debutere seksuelt, kjenner kanskje få eller ingen andre homofile menn. Eit av spørsmåla han kan kome til å stille seg sjølv, er kva den seksuelle partnaren meiner med å bruke eller la vere å bruke kondom.

Kondomet som teikn

På kva måtar kan ein så sjå kondomet som teikn? Gjennom å tolke den seksuelle partnaren sin bruk eller manglande bruk av kondom, kan ein homofil mann dra slutningar om tilhøve som er fråverande eller ikkje opplagte. Middelthons diskusjon av materialet tek utgangspunkt i den amerikanske filosofen Charles Sanders Peirce sin definisjon av teikn. Peirce ser teiknet som ein triade som er sett saman av teikn, objekt og det nye teiknet som vert skapt gjennom relasjonen mellom det første teiknet og objektet. Middelthon er oppteken av objektet eller det som blir representert, slik det opptrer i den "semiotiske prosessen". Dette objektet blir med Peirces terminologi kalla det umiddelbare objektet. Til dømes ser ho på korleis unge homofile menn i tolkingsprosessen kjem fram til tidsavgrensa konklusjonar på kva motiv eller intensjonar partnaren har for å bruke eller ikkje bruke kondom under eit samleie. Tolkinga kan endre seg, ikkje berre over lengre tid, men også innanfor ein situasjon.

- Ein av informantane mine hadde alltid ein bolle med kondomar ståande framme heime hjå seg sjølv. Han brukte dette medvite for å signalisere til potensielle partnarar at han var eit ansvarleg menneske som praktiserer sikker sex. Ein annan meinte derimot at det var risikofylt å ha kondomar framme, fordi dette kunne oppfattast som eit teikn på at han ynskte analsex, når det ikkje var det han faktisk ynskte. Ein annan av informantane, vi kallar han "Per", fortalde meg om korleis han hadde tolka ein situasjon der ein partnar hadde plassert kondomar synleg framme. Fyrst hadde "Per" sett pris på at kondomane låg framme og tolka dette nettopp som eit teikn på at partnaren praktiserte sikker sex. Seinare hadde "Per" tenkt at dei synlege kondomane tydde at partnaren hans også hadde mange andre partnarar, og at partnaren neste gong kom til å ha sex med ein annan mann. Per fortalde at han då kjende seg som berre "ein i rekkja". Han følte seg som han nesten ikkje var nokon. Her fører "Per" altså ein indre dialog med seg sjølv om kva partnaren meinte med å ha kondomar liggjande framme. Dette er ein semiotisk prosess, der "Per" går igjennom ei tolkingsrekkje og kjem fram til stadig nye mellomliggjande konklusjonar, som igjen skaper nye tolkingar, forklarer Middelthon.

Kondom som teikn på tillit

Som teikn har kondomet ulike funksjonar, og det kan bere ulike funksjonar i seg samstundes.

I den forma for semiotikk som er nytta her, opererer ein med tre former for teikn eller meir presist, tre aspekt ved teiknet. Desse teikna, ikon, indeks og symbol, representerer forskjellige funksjonar i den semiotiske prosessen.

- Eit ikonisk teikn representerer objektet gjennom likskap. Eit fotografi av eit kondom er det mest opplagte dømet, men likskapen kan også vere metaforisk. Eit døme kan ein finne i historia om "Jakob". Han byrja å bli seksuelt aktiv i slutten av tenåra. Han gjekk på barar for homofile menn og kom i nokre tilfelle til å ha sex utan at han eigentleg ville det. "Jakob" var den passive parten i samleiet, og han opplevde fleire gonger at partnaren ikkje brukte kondom, jamvel om "Jakob" ba om det. Han syns det var nedverdigande at eldre partnarar trudde dei kunne behandle han som ein "dritt" berre fordi han var ung. "Jakob" tolkar det at partnaren ikkje brukar kondom som eit ikonisk teikn på korleis partnaren ser han som ein "dritt".

- Kva så med kondomet som indeksikalt teikn?

- Det er i kondomet som indeksikalt teikn eg har funne flest interessante teiknrelasjonar. Det indeksikale teiknet representerer objektet sitt gjennom samband, anten dette dreiar seg om nærleik eller truleg årsakssamanheng. Gjennom samtalene eg har hatt med homofile menn, kom det fram at bruk av kondom i mange høve er sterkt knytt til spørsmål om tillit. For nokon blei det å la vere å bruke kondom i eit stabilt forhold oppfatta som eit teikn som representerte tillit. Paret markerte på denne måten at dei hadde eit spesielt forhold til kvarandre. Fråværet av kondom blir då eit indeksikalt teikn på tillit, fordi dette fråværet er mogleg eller kjem av at partnarane har gjensidig tillit til at dei ikkje utset kvarandre for fare. For andre hadde kondombruk i eit stabilt forhold heilt motsett tyding. Til dømes fortalde "Eivind" at i forholdet hans representerte kondombruk tillit. "Eivind" meinte at ein ved å bruke kondom, viste at ein ville sikre både seg sjølv og partnaren mot hiv-smitte, fortel Middelthon.

Ufarleggjer kondomet

- Kvifor valde du ei semiotisk tilnærming når du skulle undersøkje bruk av kondomblant unge homofile?

- Den semiotiske tilnærminga opnar for analysar av fleire funksjonar ved teiknet, så vel som for forandringar som dukkar opp etter kvart. Gjennom det semiotiske rammeverket kan ein danne seg eit omgrepsapparat og auke forståinga av dei ulike tolkingsprosessane som kondomet skaper.

- Du går djupt inn i kva meining den enkelte homofile mannen legg i kondomet. På kva måte kan funna dine nyttast i til dømes førebyggjande helsearbeid?

- Når ein driv førebyggjande arbeid og er i dialog med unge homofile, er det viktig å vere klar over at kondomet har eit kraftfullt meiningspotensial. Kondomet blir altså tillagt ei langt vidare tyding enn berre å vere ei fysisk barriere av gummi eller lateks som kan sikre ein mot hiv-smitte. Når det gjeld helseopplysning, eksisterer det framleis ei underleg tru på kva rein informasjon kan utrette. Det er ei seigliva oppfatning innan helseopplysninga at det eksisterer eit slags automatisk tilhøve mellom kunnskap, haldningar og åtferd. For eksempel kan det verke som folk trur ein kan endre den seksuelle åtferda til folk ved å setje opp ein plakat der det til dømes står "Bruk kondom". Studien min viser blant anna korleis mange andre faktorar, utover dei helsemessige, verkar inn på om homofile vel å bruke eller la vere å bruke kondom. Innsikta kan vere viktig for å forstå kvifor folk gjer val som helsepersonell ofte oppfattar som heilt uforståelege

- Kjenner du til korleis kondomet fungerer som teikn blant heterofile?

- Vi veit at når jenter har gått med kondomar "på lomma", så er dette blitt tolka som eit teikn på at dei er "lette på tråden". Men her skjer det haldningsendringar. I større grad enn før er det no akseptert at også jenter er seksuelle subjekt. Både blant heteroseksuelle og homoseksuelle er det nok framleis mange som kan tolke ei heil verd ut av kondomet.

Frå eit helsemessig perspektiv er det ynskjeleg at kondomet blir tolka som eit teikn som står for ein handling som er like vanleg som å pusse tennene, avsluttar Anne-Lise Middelthon.

Anne-Lise Middelthon

Foto: Ståle Skogstad

Anne-Lise Middelthon (biletet) er antropolog har sidan 1985 arbeidd med utfordringar knytt til hiv- og aids-epidemien, nasjonalt og internasjonalt. Som del av ein studie av unge homofile menn sine meistringsstrategiar i høve til hiv-epidemien, har Middelthon gjort analysar av korleis unge homofile tolkar bruk og manglande bruk av kondom. Analysane er gjort ved hjelp av et semiotisk rammeverk.

Det empiriske materialet er mellom anna gjentekne djubdeintervju med 20 menn mellom 17 og 22 år som identifiserte seg som homofile. Gutane vart rekrutterte av Helseutvalet for homofile.

Middelthon er tilsett ved Seksjon for medisinsk antropologi som ligg under Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag ved Det medisinske fakultetet. Forskarane på denne seksjonen undersøkjer forhold knytt til helse gjennom sosialantropologiske metodar.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Sosialantropologi Av Aslaug Veum
Publisert 1. feb. 2012 12:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere