Diagnosen karikert. Resepten ganske god

Svar til Rand-Hendriksen: Apollon har bede tre universitetsprofessorar med særskilt engasjement i spørsmål om studiekvalitet (Rolv Mikkel Blakar, Karen Jensen og Bernt Hagtvet) om å kommentere student Morten Rand-Hendriksens artikkel.

Prorektor Rolv Mikkel Blakar gir svar på tiltale. (Foto: Ståle Skogstad ©)

- Vi i universitetsleiinga har ikkje formulert noko slagord for vårt arbeid, men "kunnskap i sentrum" er eit godt slagord som vi kan vere sams om. Det er jo dette det dreier seg om, seier prorektor Rolv Mikkel Blakar .

1. Eksamen

Han er samd i at måten eksamen er organisert på, har store konsekvensar for korleis studentane studerer. Har du skipa til eit riktig godt studium, er den store utfordringa å finne ei eksamensform som ikkje øydelegg dette studiet.

- Vi må ha ei eller anna form for kvalitetskontroll, meiner Blakar, men vi treng eit mangfald av eksamensformer. Såkalla "portefølje-evaluering" er ei av fleire som er aktuelle.- Spørsmålet om hjelpemiddel under eksamen er også viktig. Eksamen utan hjelpemiddel er ofte ein heilt unaturleg situasjon med tanke på framtidig yrkesliv. Tenk berre på ein advokat som ikkje skulle ha tilgang til lovtolkingar og andre papir i ein rettssak! I tillegg til at ein tradisjonell skoleeksamen ofte er pedagogisk uheldig, er han kostbar. Rektor Norum og eg gjekk mellom anna til val på dette at vi ville flytte ressursar frå kontroll til undervisning.- Men det er ikkje slik at vi startar på bar bakke. Den store reformen på juss, der ein har gått bort frå svært findelte karakterar, er ikkje noko småtteri. På odontologi-studiet har ein gått ned frå 23 til 11 eksamenar på kort tid, kan Blakar fortelje. Og både medisin og odontologi har kutta ut karakterane og gått over til bestått/ikkje bestått. Så her er det berre å fylgje opp!

2. Undervisningsformene

"Problembasert undervisning" er sjølve overskrifta på den store reformen som er gjennomført på medisinstudiet. Heile universitetet bør i prinsippet gi slik undervisning. Men også gode forelesningar kan vere viktige i eit studium. Verken evalueringsmåtar eller undervisningformer bør bli einsretta - dei må ta utgangspunkt i kvart einskild fag.

3. Likeverdig dialog mellom lærar og student?

- Læraren må vise respekt for studenten - og vice versa. Men denne respekten er som mellom meister og lærling i handverksfag, meiner Blakar.- Det finst ikkje den lærlingen som vil forlange likeverd med læremeisteren. Det er bra at studentar vil ta del i fagleg debatt, men ein fersk grunnfagsstudent kan ikkje forlange å bli oppfatta som ein fagleg likeverdig debattant av ein forskar som har brukt 30-40 år på å trenge stadig djupare inn i faget sitt.

- Dette med dialog og kommunikasjon er jo ditt fag når du ikkje er prorektor. Korleis kan det bli dialog utan likeverd? - For at det skal bli ein dialog, må talaren tale på lyttaren sine premissar. Men lyttaren må samstundes lytte på premissane til talaren. Egosentriske forsøk på kommunikasjon blir ikkje-dialogisk, berre ved å opptre desentrert kan vi få verkeleg kommunikasjon i gang. Men slik god kommunikasjon kan gjerne skje mellom den som veit mykje om eit emne, til dømes ein god forelesar, og den som veit mindre, men er nysgjerrig, seier Blakar.

4. Fagleg utvikling i høve til normert progresjon

Blakar er fullt ut samd med Rand-Hendriksen i at sterk normering og produksjonstenking er lite ønskeleg når kunnskapen skal stå i sentrum:- Kunnskap treng tid og mogning, og normeringstenkinga har lenge ridd utdanningssystemet som ein mare. Men vi lever ikkje i ei ideell verd, og vår store utfordring er å ta best mogleg vare på studenten samstundes om ho og han kjem gjennom studiet på normert tid.- Sett under eitt har vi ikkje vore gode ved Universitetet i Oslo. Vi har framleis eit langt stykke å gå før vi kan seie at vi møter førsteårsstudentane slik dei fortener. Og oppgåva blir sjølvsagt ikkje enklare dersom fleirtalet av studentane er så øydelagde av skolen når dei kjem hit, som Rand-Hendriksen hevdar.

Av Prorektor Rolv Mikkel Blakar:
Publisert 1. feb. 2012 12:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere