Grusom, men velretta salve

Svar til Rand-Hendriksen: Apollon har bede tre universitetsprofessorar med særskilt engasjement i spørsmål om studiekvalitet (Rolv Mikkel Blakar, Karen Jensen og Bernt Hagtvet) om å kommentere student Morten Rand-Hendriksens artikkel.

"Vi må bort frå slike digre pensumlister som uengasjerte lærarar i dag blir tvungne til å undervise etter." (Foto: Ståle Skogstad ©)

Det seier Bernt Hagtvet , mannen som - alt etter augo som såg - blei herostratisk eller verkeleg berømt då han for halvtanna år sidan skulda studentar flest for å mangle erkjenningslyst. - Kva må gjerast? - For det fyrste må vi få eit system med langt nærare samband mellom universitetslærarane sine forskingsinteresser og undervisninga. I dag er undervisninga på lågare grad ofte sett på som ei finare form for forvising til Sibir. Forelesarane sleper seg til dei store auditoria med lenker kring føtene. Slik kan det ikkje halde fram, korkje for studentane eller lærarane.

Look to America

Hagtvet kjenner det amerikanske universitetssystemet godt og meiner vi må lære av dei beste amerikanske statsuniversiteta. Her får lærarane undervise om sine eigne forskingstema, altså det dei verkeleg brenn for. Og studentane er nøydde til å levere essay kontinuerleg - gjennom heile studiet. Det er ein stor skilnad på å lese fagbøker med tanke på å reprodusere orda på ein eksamen - og på å lese for å få svar på brennande spørsmål.- Vi må bort frå slike digre pensumlister som uengasjerte lærarar i dag blir tvungne til å undervise etter, meiner Hagtvet. - Der eg studerte i USA, hadde vi aldri eksamenar der poenget var berre å reprodusere kunnskap, og det blei teke for gitt at vi følgde med i kursa, altså var budd til kvar gong. Og det vart lagt stor vekt på at studentane heldt innlegg i seminaret. Det var litt av ei eldprøve og ei god trening. - Men Blindern er ikkje Yale. - Nei, men vi treng ikkje vere så mykje dårlegare, og verre er det likevel blitt. Vi har nå fått eit stort fleirtal av ein passiv, uengasjert, fagforeiningstenkande studenttype som går heim kl. 16. Eg høyrer redselsskildringar t.d. frå tysk og nordisk. Mitt svar til dei studentar som er matleie er ikkje særs konstruktivt, berre dette: "Finn på noko anna å gjere!" Universitetet er ein heilag stad, ikkje ei varmestove.- Aldri før har det vore lettare for unge menneske å orientere seg i verda, aldri meir interessant å leve! Kven som helst kan leggje ut på reiser - virtuelle eller verkelege - mest kor som helst. Tilfanget for intellekt og kjensleliv er enormt og spanande. Og så blir studentane matleie. - Ein gåte! sukkar Hagtvet, og legg til at identiteten til studentane i dag har med alt anna enn fag å gjere: Dei er salsadansarar, MC-køyrarar eller førsteelskarar langt meir enn dei er statsvitarar, fysikarar eller juristar. Det er ein heilt annan kamp om merksemda nå.

Hagtvet meiner universitetet må skjerpe seg kraftig i denne situasjonen og er glad for at universitetsdirektøren nyleg i Uniforum sette fingeren på den nye konkurransen frå utanlandske universitet. Og likevel vil han seie at han møter mange nordmenn som kjem heim etter år i utlandet og seier at Blindern slett ikkje var så dårleg. Sjølvkritikk, men ikkje masochisme, med andre ord!

Taust om det gode som skjer

Han synest likevel det blir gale å seie at ingenting skjer. Innføringa av ex.fac.-ordninga - det fakultetsvise førsteårsstudiet med tilhøyrande nye lærebøker - er ei særs viktig hending.- I kulturland ville ein slik pedagogisk reform for ein heil generasjon vekkje sterk offentleg debatt. Her i landet får ei middelmådig lefse av ei diktsamling langt meir spalteplass enn ein tredels hyllemeter med bøker der dei fremste forskarane gjer sitt aller beste for å formidle faga sine til heile årskull av gangen, fnyser Hagtvet. Ex.fac.-ordninga er eit pedagogisk nybrottsarbeid som gjer Universitetet i Oslo til eit føregangsuniversitet. Men innafor ordninga er det særs viktig å organisere diskusjonsgrupper og seminar blant studentane sjølve slik at dei kan reflektere over stoffet seg i mellom og lære gode arbeidsvanar. Studia må vere intense frå fyrste stund!

Emneord: Samfunnsvitenskap, Pedagogiske fag Av Professor Bernt Hagtvet:
Publisert 1. feb. 2012 12:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere