Bruk og misbruk av historie

Det er eit komplekst forhold mellom bruk og misbruk av historie. Misbruk vil seie at fortida blir instrumentalisert og forvrengd for politiske eller andre føremål. Det ligg då i dette at det finst ei verkeleg fortid som ikkje må forvrengjast.

Foto: Ståle Skogstad (©)

Historie har spela ei avgjerande rolle i å skape og halde ved like kollektive identitetar. Nesten alle folkeslag, vestlege så vel som austlege, europeiske så vel som afrikanske frå sør for Sahara, nord- og søramerikanske og folk frå stillehavsøyane, har identifisert seg sjølve på ein måte som er prega av ei historisk

røynsle som går tilbake til fortida. Dette er ofte gitt ei episk utforming. Jødisk identitet gjennom tidene kan knapt tenkjast utan skildringa av utvandringa frå Egypt, gresk identitet utan dei homeriske dikta, identiteten til hinduane utan Veda-diktinga. Likevel tok det svært lang tid før det vart reist spørsmål ved om desse skildringane var sannferdige eller diktariske, spørsmålet vart knapt sett på som relevant. Det klåre skiljet mellom historie og myte er etter måten nytt.

Manipulasjon i opne samfunn

Det som i første rekkje interesserer meg, er ikkje kontroll og manipulasjon av historia under diktatoriske regime, sjølv om det òg er eit interessant emne, men manipulasjon av historia i samfunn som etter måten er opne. Til desse vil eg ikkje berre rekne dei demokratiske statane på 1900-talet, etter 1945 medrekna Japan, India og i seinare tid Sør-Korea og Taiwan. Eg vil òg ta med dei fleste europeiske samfunna på 1800-talet, til dømes dei tyske statane, Habsburg-monarkiet og til ein viss grad til og med Russland i tsartida, der det eksisterte eit rom for frie ytringar. Vi kjem nærast til ei direkte kontrollert historieskriving i Sovjetunionen og i Aust-Tyskland, sjølv om kontrollen på ingen måte var total, og særleg i sovjetdominerte statar som Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia var det ein stor del av den historiske forskinga som gjekk utanfor parametrane til den kommunistiske ideologien. Slik var det òg i Kina etter kulturrevolusjonen. Det som er interessant i Nazi-Tyskland, er ikkje så mykje historieskrivinga ved Walter Franks Riksinstitutt for historia til det nye Tyskland. Meir interessant er det at eit fleirtal av historikarar som ikkje var med i nazipartiet eller stod deira doktrinar nær, likevel gav sin faglege stønad til naziregimet eller i det minste til Tysklands sak i krigen gjennom sine tolkingar av tysk historie.

Profesjonell + ideologisk

Den klassiske modellen for profesjonalisering, det vil seie å lage Wissenschaft ut av historia, finn vi ved dei protestantiske universiteta i Tyskland på 1800-talet. Det var her forskingsimperativet vart til, med ei binding til tanken og idealet om objektivitet og uhilda, nøytral forsking. Det synte seg likevel at denne forskinga langt frå var uhilda og nøytral, men i nesten alle tilfelle var ideologisk påverka. Vi må forstå noko om sosiologien i forskingsmiljøa: Dei tyske universiteta var grunnlagde av staten. Historikarane var offentlege tenestemenn. Den respekten som staten og den utdanna delen av folket hadde for forskinga, gjorde at staten som oftast, men ikkje alltid, lèt vere å blande seg direkte inn i arbeidet til historikarane. I røynda hadde historikarane ofte større akademisk fridom i Tyskland enn i mange andre land på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet, som i USA, der universiteta ofte var privat grunnlagde og finansierte og var kontrollerte av eit styre med folk frå forretningslivet og regjeringa, som ofte blanda seg inn i det som vart gjort.

Det er viktig å hugse på at det store fleirtalet av historikarar var overtydde om at dei var heilt objektive og nøytrale når det dei kom fram til, i røynda var svært tendensiøst. Dei meinte at ei kritisk fordjuping i kjeldene avslørte korleis viktige tendensar arbeidde, ei metaforteljing der den etablerte moderne, vestlege sosiale ordninga og sivilisasjonen stod som eit endemål. Den tyske historikaren J.G. Droysen (1808-84), som òg i vår tid er hylla som den store teoretikaren som stod fram i den historiske vitskapen på 1800-talet, skilde skarpt mellom dei aspekta ved fortida som han rekna som historiske (Geschichte) og dei som han nedlatande omtalte som berre Geschäfte (private handlingar). Dei førstnemnde hadde å gjere med den politiske sfæren så langt dei høvde inn i den store forteljinga, dei gjaldt eliten og dei mektige; dei sistnemnde handla om dei mange aspekta ved livet til vanlege folk som ikkje var viktige i denne forteljinga og som systematisk held kvinnene utanfor.

Det er påfallande at samstundes som historia skulle bli forskingsorientert og dermed nøytral, vart ho sterkt politisert. Den nye interessa for historie og den stønaden faget fekk frå staten og til ein viss grad frå andre kjelder, hadde direkte samanheng med framveksten av nasjonalismen. Oppgåva for forskinga var å kome med bidrag til oppbygginga av ein nasjonal identitet, og det var nett det historikarane gjorde, innanfor den såkalla prøyssiske skolen vart det til og med gjort heilt ope. Historikarane gjekk inn i arkiva ikkje så mykje for å bli rettleia av kjeldene som for å finne stønad til dei argumenta som låg til grunn for forskinga.

Men tyskarane var ikkje åleine om denne instrumentaliseringa av vitskapen. Mot slutten av 1800-talet vart profesjonalisering regelen i heile den vestlege verda og i dei ikkje-vestlege landa som gjekk gjennom ei modernisering, slik som særleg Japan.

Patriotiske historikarar

På den andre - eller kanskje den same - sida: Å vere historikar, anten det var i Tyskland, Frankrike, Storbritannia, USA eller Japan, ville seie å vere patriot, og patriotisme gav seg først og fremst utslag i nasjonalisme, i mange tilfelle til og med sjåvinisme. Og dette var like mykje tilfellet i land som dei tsjekkiske områda og Polen, som kjempa for sjølvstende, og i nyleg sjølvstendige land som Hellas. Men kjende historikarar som Droysen, Michelet, Turner, Lambros og Palacky, såg ingen konflikt mellom den partsinteresserte tolkinga deira av historia og den profesjonelle etikken. Slik kom praktisk talt alle historikarar på båe sider i den første verdskrigen til å samle seg om flagget, ikkje berre som statsborgarar i landet sitt, men som profesjonelle historikarar.

Poenget er at misbruk av historie ikkje er avgrensa til autoritære regime, men finst òg i samfunn som i det minste på overflata gir godt høve til frie ytringar. Under overflata kan situasjonen vere annleis.

Objektive standardar likevel

I dei siste tiåra har det, som vi veit, vore ein god del skepsis omkring spørsmålet om objektiv historisk undersøking er mogeleg.

Trass i kritikken min mot den objektivitetskultusen som nesten heile den historiske profesjonen deler, vil eg ikkje gå med på at det ikkje finst objektive standardar for kritisk historieskriving. Det at profesjonelle historikarar har vore med på å byggje opp mytar om nasjonalitet, etnisitet, konfesjon og i seinare tid kjønn, tyder ikkje at det ikkje finst kriterium for rasjonell undersøking som gjer det mogeleg å plukke desse mytane frå kvarandre. Det er rett nok svært vanskeleg å etablere historiske sanningar. Det er klårt at kjelder kan liggje opne for ulike tolkingar. Desse tolkingane er likevel ikkje tilfeldige, men er avhengige av kjeldene. Historieskriving er såleis ein dialog som går føre seg, som det ikkje er sikkert vil føre fram til semje, men som kan utdjupe forståinga av fortida ved å setje lys på henne frå fleire perspektiv. Historikarane vil kanskje ikkje bli i stand til å oppfylle draumen til Leopold von Ranke om å skrive historia wie es eigentlich gewesen, men kan bli i stand til å syne wie es eigentlich nicht gewesen. For å gjere det, må dei bruke forskingsmetodar som er utvikla i profesjonaliseringsprosessen. Det er uunngåeleg at alle historikarar har ein ståstad. Men den beste måten for å unngå å kome fram til usanningar, er å analysere sin eigen ståstad og dermed vere klår over sitt eige perspektiv. Dette har vore ansvaret til historikarar i framtid og notid.

Denne vesle artikkelen i Apollon er derfor ikkje ei avvising av profesjonalisert historie, men meir ei oppmoding til å leve opp til ideala om intellektuell ærlegdom. Sjølve artikkelen ber i seg ei overtyding, som for somme kan verke som ein fordom, trua på at det finst standardar for humanitet og logisk tenking som kan styre den rasjonelle diskursen mellom historikarar.

Professor G. Iggers, professor emeritus ved State University of New York, Buffalo, har i meir enn 30 år vore ein leiande ekspert på internasjonal historieskriving.

Omsett av Torgeir Ulshagen

Emneord: Språk og kultur, Historie Av Georg G. Iggers
Publisert 1. feb. 2012 12:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere