Kvifor NO?

Norsk Ordbok har vore både i skotlinja og vinden i år. Lenge var dette filigransarbeidet med norske målføre og nynorsk skriftmål ei sak for spesialistar og ein flokk kulturidealistar i bygd og by. Men i april 2000 hende noko.

Kommentar og parolar om Norsk Ordbok

Då bladde undersøkjande journalistar i Dagens Næringsliv gjennom ei fersk stortingsmelding om Arkiv, museum og bibliotek. Der fann dei lite spennande stoff, før ein godbit plutseleg dukka opp på dei departementale sidene: Prosjektet Norsk Ordbok, eitt av fire oppslagsverk som «Kulturdepartementet tek sikte på skal vera avslutta til tohundreårs-markeringa av Grunnlova i 2014. Det er eit mål som krev auka innsats alt frå 2001.» Kva var denne Norsk Ordbok, undra journalistane seg. Det blei sensasjonsoppslag med «sjå så rare dei er»-reportasje – og mykje merksemd følgde i kjølvatnet. Mange blei harme, men truleg gjorde næringslivsavisa prosjektet ei stor teneste denne våren.

"Kva synest du om nyanseringa mellom ’mager av svolt’ og ’sunn og slank’ her: gjenta vart mindre og grannare og ho var så grann i leggjene. Slik nyansering er mat for ei diktarsjel!" Foto/ill: Ståle Skogstad (©)

Dyrt og eksotisk

Kvifor sensasjonell godbit? Sensasjonell fordi ein «auka innsats» for dette prosjektet vil koste Staten 20 millionar kroner per år – det blir meir enn ein kvart milliard dei neste 14 åra. Mange vil synest det er ein sjokkerande sum – i alle fall til dei får tenkt seg om, slik leiarskribenten i Stavanger Aftenblad gjorde då han skreiv om sensasjonsoppslaget: «Vi rister på hodet. Inntil vi slår opp i Aftenposten samme dag, hvor fallskjermene og pensjonsordningene til de fremste lederne i norsk næringsliv er listet opp. 15 på topp-lista summerer seg til 300,6 millioner kroner. Vi er ikke så sikre på om språkforskerne bør ha dårlig samvittighet likevel.»

Godbit fordi prosjektet med sin grundige metodikk, lange tidshorisont og sitt litt avsondra tilvære på Seksjon for leksikografi på Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo kan verke kuriøst, eksotisk og aldri så lite komisk på urbane sjeler. Her sit sære filologar og held på med sitt i tilsynelatande splendid isolation frå eit hektisk storsamfunn som nett no er opptatt av å avskaffe sidemålsstilen, senke bensinprisane, krone Carl I. Hagen til president og velje Mette-Marit til dronning. No er dei komne til bokstav H i alfabetet, raringane på Blindern. Det fjerde av i alt tolv band er snart ferdig. Rett nok gav seksjonen saman med Norsk språkråd i 1986 ut den særs nyttige kortversjon av Norsk Ordbok – Nynorskordboka – med heile 90 000 oppslagsord.

Ikkje nett NO

Men «NO» – den offisielle forkortinga på eit verk stappfullt av forkortingar – er ei litt paradoksal kortnemning for ein mål- og målføredugnad som tok til i 1930 og som med med dagens utgjevingsfart er ferdig i 2060. Paradokset gjeld ikkje berre tidsspennet. Dette er heller ikkje ei ordbok som først og fremst legg vinn på å vere up to date: «Nyord er vi skeptiske til fordi Norsk Ordbok er eit verk som speglar utviklinga i språket over ei viss tid, og dei orda vi tek inn, bør ha sett seg rimeleg godt fast i språket og ikkje berre vere døgnfluger», kan redaktør Lars S. Vikør fortelje. Og bakover: Ordboksstaben ønskjer å leggje vekt på den nyare norske språkhistoria frå 1525 av. Men det er lite materiale å ta av før Ivar Aasens tid, så «generelt må vi seie at ordboka legg størst vekt på å dokumentere den eldre fasen av utviklinga til det nynorske skriftmålet».

Raskare, men like godt

Argumenta både mot døgnflugeord og for ein historisk profil verkar rimelege. Og ei ambisiøs, nasjonal ordbok kan ikkje vere hastverksarbeid. Deutsches Wörterbuch kravde 123 års innsats, Woordenbuch der Nederlandsche Taal 146. Når Norsk riksmålsordbok «berre» tok 35 år – eller 73 med supplementsbanda – har det nett med ambisjonsnivået å gjere: Her er ikkje talemålet med, og det skriftlege, litterære grunnlaget er meir snevert enn i NO.

Men er ikkje tida ute for oppslagsverk på papir? Burde det ikkje mane til ettertanke når eit storverk som Encyclopaedia Britannica for lenge sidan har gitt opp papirutgåva og no berre kjem ut elektronisk? Ettertanke, ja. Papirstopp, nei, seier NO-folka. Men det tyder ikkje at dei er slike reaksjonære NO-sayers som hippe modernistar sikkert gjerne vil ha det til. Også Norsk Ordbok-medarbeidarane lever i Internett-alderen, og Dokumentasjonsprosjektet på HF-fakultetet har allereie gjort allment tilgjengeleg det omfattande kjeldematerialet som før berre fanst i forskarane sine gøymer. Ei «metaordbok» på data med heile ordtilfanget for alle tolv banda er ein sentral del av planen for dei næraste åra. Også dette synest tillitvekkjande.

Men no skal altså framdrifta intensiverast. Institutt for nordistikk og litteraturvitskap har sett målmannen, politikaren og advokaten Steinulf Tungesvik på jobben med å greie ut 2014-vrien. Han reknar med å konkludera med at dette skal late seg gjere utan å gi avkall på kvaliteten, seier han, men det vil sjølvsagt krevje langt meir pengar og folk. Fleire av dagens redaktørar er pensjonistar lenge før 2014. Så no trengst det rekruttar , og dei må bli motiverte i månadene og åra som kjem.

Nye brennpunkt

Apollon vil gjerne hjelpe til her. Rett nok ser vi at brennpunkta i norsk språkutvikling i åra framover langt frå berre vil vere nynorsk og tradisjonelle målføre. For norsk demokrati og åndsliv har det vore særs viktig å inkludere bonde- og industriarbeidarsøner frå til dømes Sauda og bygdene der omkring i slike danningsprosjekt som utan nynorsken ville vore reserverte for embetsmanns- og patrisiarborn. Men i åra framover er det like vesentleg at nysgjerrige pakistanske og somaliske jenter frå Holmlia blir inviterte med i det norskspråklege, offentlege livet. Her sit verken Aasen, Vikør eller Tungesvik med nøkkelen.

I erkjenninga av at det er lov å ha fleire tankar i hovudet på same tid, lanserer vi her nokre parolar, forma som:

Seks argument

for storverket Norsk Ordbok, retta mot ulike grupper unge menneske:

  • Til deg som verkeleg vil lese andre sin litteratur: Mykje av det beste på norsk berre finst på nynorsk. Då bokmålsdiktaren og den ferske æresdoktoren Jan Erik Vold nyleg tala for fullpakka auditorium på Blindern om den norske poesien, var Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas hovudpersonar. Dersom du les Hauge, Vesaas eller Jakob Sande og finn ord du ikkje har sett før, kan du gå til Nynorskordboka eller ei anna bruksordbok. Men viss du vil arbeide vidare med diktet eller romanen, kan eit oppslag i Norsk Ordbok trylle fram rikdomen i det einskilde ordet.
  • Til deg som vil dikte sjølv: Unge lyrikarar, ofte med dei viktigaste litterære impulsane henta frå rocketekstar og engelskspråkleg lyrikk, seier stundom at dei synest det er vanskeleg å unngå klisjear når dei skal skrive på norsk. Difor må dei dikte opp ord. Det er vel og bra. Men i Norsk Ordbok finst ei skattkiste full av ord som er klare til bruk eller til å dikte vidare på. Og viktigare: Her finst breie vifter av tydingar og nyansar for kvart einskild ord. Ta berre ordet grann. Som adjektiv kan det brukast særleg om «sylinderforma ting», om ein tone i skalaen eller for å uttrykkje at noko er tydeleg og klårt. Men når det gjeld folk, kan ordet tyde «mager, tunn, skrinn, slank». Kva synest du om nyanseringa mellom ’mager av svolt’ og ’sunn og slank’ her: gjenta vart mindre og grannare og ho var så grann i leggjene. Slik nyansering – eventuelt i kombinasjon med dei andre, nemnde tydingane – er mat for ei diktarsjel! Det blir grant så ein gler seg til å nytte ordet grann neste gong!
  • Til deg som elskar Noreg: Å vere sikker i internasjonal kontakt er ikkje berre å vere god i engelsk og fransk, men å vere trygg på eigen nasjon. Norsk Ordbok er, trass i målstriden, ein felles, nasjonal kulturinstitusjon med stort nasjons- og kulturbyggjande potensial i seg.
  • Til deg som hatar (ideen om det homogene) Noreg: Ettersom målførevariantar er det dominerande innhaldet i Norsk Ordbok, kan ho vere ein reiskap for alle som vil hevde mangfald og pluralisme mot nasjonal normering og uniformisme. Norsk Ordbok representerer «Dei andre» i det EU-fiserte, globaliserte og amerikaniserte Noreg.
  • Til deg som elskar vitskapen: Norsk Ordbok er det suverent fremste vitskaplege ordboksprosjektet her til lands. Her tyder «vitskap» både systematikk og strenge dokumentasjonskrav, men også kritikk, sjølvkritikk og stendig teoretisk-metodisk ajourføring. I 1997 inviterte såleis staben fleire ekspertar til å evaluere ulike aspekt ved ordboka. Kritikken blei til dels krass, men konstruktiv. Etterpå trykte dei kritikken og freista ta han til seg. Den vitskaplege kompetansen i prosjektet er for øvrig allereie flittig nytta i afrikansk målreising (sjå http://www.dokpro.uio.no/allex/allex.html ).
  • For dei som hatar (den elitære) vitskapen: Norsk Ordbok er eit folkeleg prosjekt både i vesen og opphav. Mange av subskribentane er ikkje-akademikarar med kjærleik til ord – altså filo-logar i rette forstand. Og høyr berre kva Sigmund Skard skreiv om ordsamlarane i 1932: «Maalet for Norsk Ordbok maa – sjølvsagt – vera aa faa samlarar i arbeid i kvar einaste norsk bygd og by, og helst fleire på kvar stad.c Det har vore merkeleg aa sjaa kor mange samfundslag som er representerte i samlarflokken; der er fiskarar, smaabrukarar og bønder, gardsdrenger og studentar, husmøder og ungjentor. Det har vore imponerande aa sjaa kor sterk maal interesse det finst ute millom «vanlege folk» – og kva for filologiske lærdomsverk det kann finnast jamvel i fiskarstovor lengst uti havgarden.»

Framleis er det innsendte materialet frå vel 1000 ulønte og frivillige samlarar ein berebjelke for Norsk Ordbok, eit historisk notidsretta prosjekt som altså på same tid er nasjonalt, antinasjonalt, akademisk og folkeleg!

Emneord: Språkvitenskapelige fag, Nordiske språk, Språk og kultur Av Av Johan L. Tønnesson
Publisert 1. feb. 2012 12:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere