Ukritisk kritikk

Svar til Rand-Hendriksen: Apollon har bede tre universitetsprofessorar med særskilt engasjement i spørsmål om studiekvalitet (Rolv Mikkel Blakar, Karen Jensen og Bernt Hagtvet) om å kommentere student Morten Rand-Hendriksens artikkel.

"Dei pedagogiske framlegga som Rand-Hendriksen kjem med er gode. Ikkje berre fordi dei kan føre til betre kontakt mellom gruppene, men også fordi dei kan gi betre vilkår for den tankeforma som eg meiner er universitetet sitt varemerke; nemleg den dvelande, ettertenksame og utdjupande." (Foto: Ståle Skogstad ©)

Karen Jensen er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, har mellom anna forska på studentar og forholdet deira til studiene og underviser ei lang rekkje universitetslærarar kvart år. Ho meiner at både studentar og tilsette i slike debattar bør vere varsame med å gjere sin eigen måte å vere student på til moralsk målestokk for alt og alle.

  • Viss vi vil ha eit opent masseuniversitet, må vi akseptere at det er ulike måtar å vere student på og at eit universitetsstudium kan inngå i livet til folk på ulikt vis. Ein treng ikkje vere "øydelagd" fordi ein har ei litt meir smålåten målsetting enn den totale fordjupinga, seier Jensen. Men sjølvsagt er det trist når ein oppdagar heile miljø der kampen om karakterar står i fokus. - Meiner du at alt i grunnen er OK?
  • Universitetet har viktige problem å stri med som er knytte til motivasjons- og meiningstap. Særleg i dag, med ein aukande tendens til å trivialisere rolla som lærar og student og til å underkjenne betydninga av det dei gjer. Når krava og forventningane samtidig aukar, er det lett for båe partar å kjenne seg utpint og snytt. I ein slik situasjon kan ein betra kontakt mellom studentane og lærarane gjere sitt til å hjelpe. Studentane fordi dei lærer meir og lærarane fordi dei tydelegare ser gevinsten av innsatsen sin. Det er ein gjensidigheit her som vi må søke å betre.

Gode forslag

Jensen synest dei pedagogiske framlegga som Rand-Hendriksen kjem med er gode. Ikkje berre fordi dei kan føre til ei betre kontakt mellom gruppene, men også fordi dei kan gi betre vilkår for den tankeforma som ho meiner er universitetet sitt varemerke; nemleg den dvelande, ettertenksame og utdjupande.- Dette er ein tankeform som er truga i samfunnet vårt. Tanken er, som Adorno uttrykker det, blitt kortpusta. Når alt som tidlegare kom etter eit semikolon i ei setning blir oppfatta som uviktig, sit vi att med berre overskrifter. Fordi det er ein nær samanheng mellom form og innhald - og altså mellom undervisningsform og innhald - bør vi støtte alle tiltak som gjer sitt til å verne om og vidareutvikle ein dvelande, ettertenksam - ja, gjerne kritisk tankeform, avsluttar Jensen - ettertenksamt.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Pedagogiske fag Av Professor Karen Jensen
Publisert 1. feb. 2012 12:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere