Når misjonærar blir språkforskarar

Med dei europeiske oppdagingsreisande og tidlege kolonialistane kom dei kristne misjonærane. No skal forskarar ved Universitetet i Oslo studera korleis misjonærane skreiv ned språka til folka dei møtte i Amerika og Asia.

SPRÅKFORSKAR: Otto Zwartjes   Foto: Ståle Skogstad (©)

Klassisk og romansk institutt ved Universitetet i Oslo har no fått tildelt 4,2 millionar kroner av Forskingsrådet til forsking på dei første spansk- og portugisisktalande grammatikkane over språka i Amerika og i Asia. Prosjektet skal bidra til å globalisera faget misjonærlingvistikk ved å kryssa nasjonale og språklege grenser og grensene mellom katolisismen og protestantismen.

– Dei første europeiskspråklege grammatikkane over språka i Asia og Amerika blei lagde av spanske og portugisiske misjonærar, og målet vårt er å trekkja dei fram i lyset igjen og gi dei den plassen dei fortener innan historia om språkvitskapen, fortel prosjektleiar Otto Zwartjes.

Han er professor i spansk språk ved Klassisk og romansk institutt, og skal i samarbeid med professor Even Hovdhaugen ved Institutt for lingvistiske fag vera ansvarleg for dette forskingsprosjektet.

– Den aller første grammatikken over eit indianarspråk blei nedskriven av spanske misjonærar i Mexico i 1547. Den grammatikken skildra nahautl , som var aztekarane sitt hovudspråk. Faktisk så trur eg at måten desse misjonærlingvistane frå 1500- til 1800-talet skildra eit ikkje-indoeuropeisk språk på, også kan vera nyttig for lingvistar i det 21. hundreåret. Gjennom dei siste 100 åra har mange sagt at misjonærgrammatikkane ikkje har vore gode nok, men eg meiner at dei ikkje kan samanliknast med dagens grammatikkar. Derimot må me tolka resultata av arbeida deira utifrå deira eiga samtid, seier ein engasjert Zwartjes.

Misjonærlingvistikk er blitt definert av professor i språkvitskap, Even Hovdhaugen, som studiet av ordbøker og grammatikkar skrivne av misjonærar. Zwartjes og Hovdhaugen tilhøyrer verdas fremste forskarar på misjonærlingvistikk, og begge har publisert bøker om dette temaet. Forskingsprosjektet skal gå over tre år og vil inkludera seks forskarar i Noreg som skal samarbeida med forskarar på Filippinane, i Brasil, Mexico og Spania. Dei vil studera misjonærgrammatikkar over til dømes mandarin i Kina, japansk , tagalog på Filippinane, mapuche i Chile, tupi i Brasil og mochica i Peru. Neste år vil verdas fremste ekspertar på dette området samlast på verdas første internasjonale konferanse om misjonærlingvistikk på Voksensåsen Hotell i Oslo.

Globalt perspektiv

– I den internasjonale forskingsverda er det ynskeleg å samanlikna grammatikkar som blei skrivne om forskjellige språk, som til dømes latin, spansk, portugisisk, engelsk, fransk, tysk, dansk og nederlandsk og på forskjellige kontinent. På same måten skal dette prosjektet bidra til å globalisera faget misjonærlingvistikk ved å kryssa nasjonale, språklege og religiøse grenser. Nettopp innanfor dette feltet finst det mange tomrom som det tidlegare ikkje er forska på. Mange manuskript er til dømes aldri blitt publiserte, og mange gamle verk har heller aldri blitt analyserte på ein god nok måte, fortel Zwartjes, som trur det kan gjerast mange interessante funn innan denne forskinga.

– Svært lite er gjort med asiatiske misjonærgrammatikkar skrivne av spanske og portugisiske prestar og munkar, sjølv om desse går inn i den same religiøse og koloniale tradisjonen som me finn i Amerika. Heller ingenting er gjort når det gjeld analyse av lingvistiske idear og språkteoretiske spørsmål i misjonærgrammatikkar sett i samanheng med spansk- og portugisiskspråklege grammatikkar, skrivne i Europa i renessansen, konstaterer Zwartjes. Forskingsprosjektet vil også sjå nærare på misjonærarbeid i samband med omsetjingshistorie.

– Ingen har sett på korleis misjonærane handterer dei renessanse-humanistiske ideane i praksis når dei omset religiøse tekstar, understrekar Zwartjes, og viser til at det i Europa på denne tida for første gong utvikla seg nye idear, metodar og metalingvistiske aspekt for å skildra nasjonale språk som mest ikkje er skildra før.

Nye metodar

– Det er ikkje lenger haldbart å oversjå dei hundrevis av grammatikkar for indianske språk, der ein møtte akkurat dei same utfordringane. I mange tilfelle blei det utvikla nye metodar. Desse dokumenta er ein viktig del av språkvitskapen si historie, og Universitetet i Oslo kan spela ei viktig rolle på dette feltet, er han overtydd om.

Den katolske misjonærtradisjonen involverte alle dei religiøse ordenane.

– Både dominikanarane, jesuittane, fransiskanarane og augustinarane kom fram til ukjende land med målet om å kristna dei lokale folkegruppene, som snakka forskjellige og inntil då ukjende språk. Dei forsøkte å læra seg dei framande språka for å kunna gjennomføra planane sine om å gi indianarane kristendomsundervisning på ein enklare og meir effektiv måte. Difor valde dei som regel ut eit ”hovudspråk”, som dei studerte og lærte såpass bra at dei kunne læra dette språket bort til folk frå andre stammer. Dette førte til at dei i løpet av få generasjonar var i ferd med å mista sine eigne språk. Slik blei quechua i Peru, nahautl i Mexico, chibcha i Colombia, aimara i Peru og Bolivia, tupinambá i Brasil og guarani i Paraguay, Brasil og Argentina etablerte som generelle språk. Men misjonærlingvistane lagde også grammatikkar over språk som i dag er utdøydde, og difor gir dei oss forskarar heilt unike opplysningar om desse språka, forklarar Zwartjes.

Pengane til dette forskingsprosjektet vil også dekka reise- og opphaldsutgiftene for deltakarane frå Sør-Amerika, Russland og Filippinane på konferansen om misjonærlingvistikk.

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Allmenn språkvitenskap og fonetikk, Østasiatiske språk, Spansk språk Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 12:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere