Spor i namn

Før i tida var det knapt ein innvandrar å sjå i Noreg. Trudde me. Men har ikkje einkvar av oss vandra i skogen til Løvenskiold, drukke kaffi på Møllhausen eller kjøpt bukse hos Adelsten? - alle innvandrarar dei siste få hundreår.

NAMNETYDAR: Sølvi Sogner Foto: Ståle Skogstad ©

Men kor mange var dei? Forskarane har leita i folketeljinga frå 1801 etter namn som kling av utland. – Innvandringa til Noreg frå midt på 1500-talet til 1800 var prega av såkalla ekspertinnvandring. Landet hadde store naturrikdomar som fisk, skog og metallar, men dårleg med fagfolk. Heilt sidan mellomalderen hadde tørrfisk vore ei etterspurd vare ute i Europa. Og fisken hadde nok fått ein og annan søreuropear til å trakka opp vegen nordover til Noreg. No trengtes meir fagleg ekspertise, kapital og kontaktar for å gjere pengar av fisken, skogen og metalla, seier professor i historie, Sølvi Sogner.

Kongen og hans rådgjevarar vende seg mot Europa med det mål for auga å knytte til seg folk med dei rette kvalifikasjonane. For innanfor ei rekkje verksemder mangla nemleg landet fagleg tradisjon, som til dømes bergverk, glasverk og saltverk.

– Me har kunna påvisa at den dansk-norske staten gjekk aktivt inn for å rekruttera utanlandske ekspertar til dei norske bergverkene, fortel ho. Etterkvart fekk innvandringa eit meir ”friviljug” preg, parallelt med den meir medvitne rekrutteringa. Det gjaldt ikkje minst ein rekkje utanlandske kjøpmenn og skipparar som henta varer i norske hamnar. Mange av dei valte å slå seg ned i Noreg for å halda fram med utanrikshandelen herifrå. Staten sine embetsmenn og tenestemenn vart óg rekrutterte. I dei mest sentrale stillingane sat som oftast danskar, medan nordmenn sat i dei øvrige.

Eit ope samfunn

– På 1600- og 1700-talet var ein ganske open for å taka imot innvandrarar og lata dei bli ein del av det norske samfunnslivet. Det hang truleg saman med medvitet om kor avhengig landet var av forsyningar utanfrå. Det fanst mykje positiv forventing til dei som kom, påpeikar Sogner. Men kor mange av dei blei verande i Noreg for godt? – Me har søkt svar på dette spørsmålet i folketeljinga i 1801. Dette er ein kjelde som inneheld svært mykje. For kvar einskild husstand får me vita namn på medlemane, kjønn, alder, yrke og sivilstand. I alt inneheld folketeljinga opplysningar om 883 603 personar. Men me får ikkje vita kor dei er fødd, seier ho. Korleis kan forskarane då auka si kunnskap om innvandringa til Noreg i perioden?

– Det er ikkje ført statistikk over kven som kom til Noreg i denne perioden som me kallar tidleg moderne tid. Men det er ganske openbart at det kan ha vore mange menneske. Me byrja med å sjå på familienamna som var oppførte i folketeljinga. I Noreg hadde ein ikkje faste familienamn på denne tida. Namneskikken her til lands var derimot grunna på personnamn og patronymikon: Per Knutsen hadde borna Ola Persen og Kari Persdatter. Det var ikkje før i 1923 at det vart påbode å ha faste, arvelege familie- eller slektsnamn. I mange andre land, derimot, hadde det vore vanleg med familienamn heilt attende til mellomalderen, fyrst blant adelen og seinare blant folk flest.

To prosent innvandrarar

– Me fann ut at det var til stor hjelp å sjå på reglane for korleis namn vert danna i ulike land. Difor gjekk me i gang med å sortera namn på forstaving og etterstaving, fortel Sogner. I undersøkinga vert ikkje-norske familienamn oppfatta som "markørnamn" for mogeleg innvandrarstatus. Forskarane har arbeidd ut frå hypotesen om at dersom ein held patronymane utanfor, og står att med familienamna, så vil dette gjeva ei tilnærma oversikt over ikkje-opprinnelege norske innbyggjarar.

– Det er mange skjær i sjøen med denne metoden. Til dømes vert det i våre granneland óg nytta patronymikon. Ved å halda dei utanfor, mistar me truleg nokre innvandrarar derifrå. Men undersøkinga gjev oss likevel ein slags temperaturmålar, seier ho.

– Me har telt alle dei utanlandske markørnamna, og me enda opp med 6823 ulike namn, som Aderup, Blanche, Blix, Bugge, Chrantz, Fabricius, Flueg, Gamtz, Hagerup, Leonard, Lochert, Norman, Rasch, Schøn og Wessel. I alt 20 000 personar bar desse namna. Dette tydar på at andelen menneske med utanlandsk opprinning utgjorde kanskje om lag to prosent av Noregs folk i 1801.

– I byane finn me særleg mange med familienamn. Det tyder, ikkje overraskande, på at mykje av innvandringa til Noreg gjekk til byane, til kystområde og til Nord-Noreg. Dei som ber utenlandske namn, utgjer frå 5 til 25 prosent av befolkninga i Kristiania, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen, Tønsberg, Skien, Porsgrunn, Kragerø og Larvik.

Stas med tysk namn

Av dei utanlandske familienamna var det flest tyske og tyskklingande. Desse namna har kome frå det tysktalande området, men mange óg via Danmark eller hertugdømma. Mange tyskarar var henta inn av kongen som ekspertar til dei norske bergverka. Dei kom til å tilhøyra dei øvste lag av befolkninga. Det tyske riket var velståande og kulturelt førande i Europa på denne tida. – Det å ha eit tysk namn, syntes nordmenn flest høyrdes flott ut. Min bestefar het Pedersen. Han søkte om å få bruke namnet Schulz. Det fekk han, fortel Sogner.

Innvandrarane kom óg frå Holland, England, Frankrike, Sverige og Finland. – Dei som har førd namn inn i skattelister og kyrkjebøker har gjerne likt å svinga litt med blyanten. Unorske bokstavar som c, w, x og z blei gjerne ført inn i gardsnamn som seinare blei eit familienamn. Det var ein måte å skilja seg ut på - og ein har teke vare på denne fine stavemåten.

Ho visar til at sjøl om eit namn kan ha hatt framand klang, så kan bæraren av namnet hatt norsk identitet, eller fått det med tida. Kanskje kjende ikkje førstegenerasjonsinnvandraren seg heilt ut norsk, men etterkomarane gjorde det.

– Eidsvollsmennene i 1814 bar familienamn som viste innflytting - Falsen, Christie, Sibbern, Sverdrup. For mange av dei hadde innflyttinga til Noreg gått føre seg både ein og feire ættledd tidlegare. Desse ”innvandrarane” var så norske som nokon i 1814. Å vera norsk var likt med å høyra til ein plass i landet og å føle at landet var ditt.

Av Trine Nickelsen
Publisert 1. feb. 2012 12:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere