Forskar for demokrati

Kan samfunnsforsking medverke til demokratisering i eit land som Indonesia? Ja, meiner professor i statsvitskap, Olle Törnquist, som samarbeider tett med Indonesias demokratirørsle for å kaste lys over problema med demokratiutviklinga der.

LANGSINT PROFESSOR: Olle Törnquist og hans indonesiske kollegar forskar for folkestyre i Indonesia. Foto: Ola Sæther (©)

Olle Törnquist er langsint. I 1994 opplevde han at hans indonesiske kollega, Arief Budiman, vart kasta ut av universitetet sitt på Java. Saman med nokre kollegaer hadde Budiman bygt opp eit uavhengig studie- og forskingsmiljø, men det blei ikkje tolt av Suharto-regimet. Budiman og medarbeidarane hans miste jobben. Dette vart starten på ein serie forskingsprosjekt som har som mål å styrkje demokratirørsla i Indonesia og som har halde på sidan 1995.

– Eg held framleis på med å ta igjen for at dei øydela det progressive akademiske miljøet, fortel Törnquist, som er professor ved Institutt for statsvitskap på Universitetet i Oslo.

I haust var han tilbake i Indonesia for å hjelpe til med å fullføre ei stor intervjuundersøking mellom fleire hundre demokratiaktivistar.

Uavhengig miljø

Den svenske akademikaren har arbeidt i og med Indonesia sidan 1970-talet. Men då regimet slo ned på uavhengige akademikarar, gravande journalistar og andre demokratiforkjemparar i 1994, gjekk engasjementet hans inn i ein ny fase. Törnquist blei med på å utvikle eit frittståande miljø av forskarar, studentar og journalistar som jobbar for større politisk fridom. Dette miljøet har i dag mellom anna ei uavhengig journalistutdanning og opererer den største uavhengige radiostasjonen i Indonesia.

– Hendingane i 1994 førte for første gong til at ein intellektuell middelklasse stod fram og kjempa for eigne interesser. Men demokratirørsla var og er svært fragmentert. Det er stor naivitet rundt spørsmålet om demokrati, og haldninga synest å vere at ”berre vi får sivilsamfunnet på fote, vil demokratiet komme av seg sjølv”. Så enkelt er det ikkje. Vi må byggje demokratiet og endre maktforholda, konstaterer Törnquist.

Og det er her samfunnsforskinga ifølgje Törnquist kan spele ei viktig rolle: Ved å studere føresetnadene for demokratiutvikling og systematisk undersøkje demokratirørsla sine problem, meiner han at demokratiforkjemparane vil bli betre i stand til å forstå sin situasjon og handle politisk.

– Vi driv empirisk samfunnsforsking, men målet vårt er utan tvil normativt: Vi vil bidra til ei demokratisering i Indonesia. Og vi ønskjer at dei modellane og metodane vi utviklar, også kan nyttast i andre utviklingsland, seier Törnquist, som leier ei forskingsgruppe i Indonesia.

Politisk tomrom

– Mitt bidrag er at eg har kompetanse i komparative studiar og kan samanlikne med tilhøva i andre land. I tillegg kjem eg med innspel når det gjeld teori og metodar, men sjølve undersøkingane vert gjennomførte av lokale forskarar, fortel han.

Då Suharto-regimet miste kontrollen og diktatoren blei kasta i 1998, opna det seg eit større politisk handlingsrom i Indonesia. Men Törnquist meiner det var få gode alternativ til å fylle dette tomrommet.

– Indonesia manglar viktige føresetnader for demokratisering. Partisystemet fungerer ikkje, det finst ikkje politiske masserørsler, og rettssystemet er gjennomkorrupt. Berre for å nemne noko. Likevel finst det eit rom for politisk aksjon og diskusjon som vi ønskjer å sjå nærare på, seier Törnquist.

Det er eit hovudproblem at demokratirørsla er dårleg koordinert og fragmentert. Difor har Törnquist og hans kollegaer gjort fleire case-studiar av ulike rørsler, til dømes bondelag, forskjellige ”watchdog”-organisasjonar og kvinnerørsler. Boka ”The post-Suharto democracy movement” kom i haust.

Ut i provinsane

– No vil vi gå vidare. Eit stort problem er at folk flest ikkje føler at demokrati kan hjelpe dei til å betre livssituasjonen. Då kan vi som forskarar gå inn og studere konkret kva for institusjonar som ikkje fungerer og på kva slags måtar dei sviktar. Kor godt forankra er demokratiske institusjonar i Indonesia? Korleis bruker folk desse institusjonane? Svar på slike spørsmål gir oss betre innsikt i føresetnadene for demokratisering, fortel Törnquist.

Han og forskargruppa har fått støtte frå det norske utanriksdepartementet /NORAD, svenske SIDA, Ford Foundation og Soros Foundation til å gjennomføre ei større intervjuundersøking blant over 500 demokratiforkjemparar over heile Indonesia.

– Dette er ein pilotstudie der vi vil snakke med sentrale personar på lokalplanet i nesten alle landets provinsar. Ved å kartleggje korleis desse menneska opplever situasjonen får vi truleg eit meir detaljert bilete av kvar problema ligg. Det er langt betre enn å snakke med FN-tilsette på luftkondisjonerte kontor i Jakarta, seier Törnquist, og legg til at det er første gong nokon prøver denne framgangsmåten.

Han ser ikkje noko problem i at forskinga er så sterkt knytt til politisk aktivisme.

– Sjølve studiane er empiriske, kritiske og utan slagside. Eg har enno ikkje opplevt kollegaer som har kritisert det vitskaplege aspektet ved arbeidet vårt. Men målet vårt er klart: Å styrkje demokratiforkjemparane si sak, seier han.

Törnquist fortel at situasjonen i Indonesia er svært kompleks. Det finst mange maktinstansar som konkurrerer om kontroll, men det er framleis eit rom for demokratisk opposisjon.

– Det er uhyre viktig at dette rommet vert halde ved lag for å kunne endre maktforholda. Krigen mot terror trekkjer dessverre i ei anna retning. Militæret står sterkt og har styrkt sin posisjon som følgje av terrorkampen. I så måte stør Bush og Vesten dei antidemokratiske kreftene i Indonesia, seier han.

Og i april 2004 er det val på nasjonalforsamling.

Fakta

Indonesia er eit arkipel med rundt 13 000 øyar. Landet har om lag 235 millionar innbyggjarar og er den stat i verda som har størst muslimsk folkesetnad. Det er også verdas tredje største demokrati. Landet blei uavhengig frå Nederland i 1949. Landets første president, Sukarno, miste makta i 1965 til general Suharto. Suharto styrde Indonesia med hard hand til han vart kasta i 1998 etter økonomisk samanbrot og omfattande uro. Sukarnos dotter, Megawati Sukarnoputri, er no president i landet.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Statsvitenskap, Internasjonal politikk, Sammenlignende politikk Av Johannes W. Løvhaug
Publisert 1. feb. 2012 12:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere