Kva er ei ku?

Organisasjonen Norsk Raudt Fe (NFR) er ein av etterkrigs-Noregs store suksessar. Ved å nyte godt av lojalitet frå bøndene og overvake så å seie kvar eineste norske ku, har NFR ein unik "storfedatabase" resten av kuverda drøymer om. Ei norsk ku er ikkje det ho ei gong var.

KU-VEN: Lars Risan har mellom anna studert ulike fjøskulturar, og vart oppteken av kor viktig NRF-systemet er for norsk kuhald. Foto: Eva C. Simensen (©)

For kva er i grunnen ei ku? Det ville antropolog Lars Risan finne ut ved å studere nettverket av menneske, kyr, kunnskap og maskiner i doktorgradsavhandlinga Hva er ei ku? Norsk Rødt Fe som teknovitenskap og naturkultur. Når sant skal seiast, hadde ikkje Risan tenkt å skrive ein doktorgrad om NRF i det heile, men i løpet av studiet blei han så overvelda av NRFs rolle i kulivet at det vart uunngåeleg. Som antropolog var Risan mest interessert i å bruke antropologisk metode på kyr og på samhandling mellom menneske og dyr. På denne måten ville han bryte med den sosialkonstruktivistiske tradisjonen som oppsto på 1960-talet, der det berre var samhandlinga mellom menneske som sto i fokus, og der «natur» berre blei sett på som eit resultat av denne samhandlinga.

– I utgangspunktet var eg oppteken av teknologi, IT og vitskapsteori og gjorde feltstudiar i eit lausdriftsfjøs på Jæren som var høgmoderne og datastyrt. Desse fjøsa stod for meg som eit framsteg for dyrevernet, forklarer Risan.

Målet var å imøtegå det han kallar “den urbane dyrevernretorikken”, som hevdar at teknologi “framandgjer” dyr og dyrehald. Etter å ha halde til i fire månader mellom lukkelege kyr som kunne gå fritt i teknologiske omgivnader, meiner Risan at dyrevernretorikken no er motprova. Faktisk er det dei gamle "naturlege" fjøsa, der kyrne står bundne fast i båsar heile døgeret, som hindrar kyr i eit naturleg liv.

Variasjonar i fjøset

– Meir vitskap har i dette tilfellet faktisk ført til meir natur, hevdar han. I sin observasjon av fjøs blei han likevel overraska over at det finst fjøskulturar som varierer frå fjøs til fjøs.

– I nokre fjøs har bonden veldig lite kontakt med kyrne, dei vert ikkje klappa eller kosa med, men utanfrå ser vi likevel at det vert danna eit harmonisk kuliv mellom dyra. Dei finn venner og søv snute mot snute med yndlingskameraten. Somme blir også i periodar mobbeoffer, og det er gjerne ulykkelege kyr, fortel Risan.

Feltarbeidet på Jæren var sett saman av fast morgonstell i eit fjøs og mange besøk i andre fjøs. Norsk Rødt Fe møtte han overalt.

– Eg blei slått av det systemet som NRF representerer, og tilliten dei nyt frå bøndene, seier Risan. Han tok til å nøste i NRFs historie, og med det skifte fokuset i avhandlinga undervegs.

Ku-rasisme

– NRF har stor legitimitet nedanfrå. Eg vart imponert over kor lojalt alle som har med ei ku å gjere, rapporterer til NRF. Bonden, veterinæren, inseminøren, meieriet og slaktaren; alle observerer heile tida kvar einaste ku, som er heilt uvitande om denne overvakinga og lever i ei teknologisk matrise, forklarer Risan.

Alt kua gjer, blir observert og styrt, og NRF har god oversikt over kvar hending i kua sitt liv. Dermed kan kyr parast i forhold til data som finst hjå NRF. Kvar ku får difor ein optimal okse når det er på tide å setje på kalv.

– NRF fekk monopol på feavl her i landet i 1968, utan direkte statleg innblanding. Monopolet voks fram delvis med lokal støtte, og det var ein reaksjon på den norske kupolitikken som hadde grunnlag frå 1890-åra, då landet vårt vart svært oppteke av nasjonalisme. Den norske kua slapp ikkje unna å bli ein del av dette prosjektet, seier Risan.

– Kva var det NRF ville endra på?

– NRF ville ha ei funksjonell ku: Mjølkekua. Tidlegare var kua ein del av ”distriktsideologien”, der kvart distrikt hadde sin type ku, sin feavl, og den skulle ikkje blandast med kyr frå andre distrikt. Feavl skulle representere det lokale særpreget og blei med det ein del av den nasjonalistiske ideen, der landets identitet skulle vere lokalt særpreg og mange bygder. Ideen "Noreg" skulle vere små, sjølveigde bruk. NRF var opposisjonell til ideen om "reine rasar i kvart distrikt", som blei diktert av ein statskonsulent. På ein måte var statsprosjektet "ku-rasistisk", meiner Risan.

For NRF var ei hybrid ku målet. Ein god okse og ei god ku skulle pare seg, uavhengig av distrikt.

– NRF var ein pragmatisk reaksjon på nasjonalismen, meir oppteken av avl enn rase, seier Risan.

Genteknologi

I dag heiter Norsk Rødt Fe ikkje lenger Norsk Rødt Fe, men GENO.

– Det betyr ikkje anna enn eit namnebyte med tanke på internasjonal konkurranse, fordi GENO sit på ein unik database som den genteknologiske verda kan vere interessert i. GENO peikar seg truleg ut som den mest gjennomført vitskaplege avlsorganisasjonen i verda, fordi dei tek vitskap på alvor når dei brukar populasjonsgenetikk. Det spesielle i denne vitskapen er at den norske bonden sitt lydige samtykke går inn som eit så viktig element at bonden blir ein del av laboratoriet. Solidaritet mellom mjølkebønder blir ein del av vitskapen.

– Har kua forandra seg mykje å sjå til etter NRF-monopolet?

– Nei, ikkje anna enn at ho har litt større jur. Vi må hugse at dei gamle norske kurasane var unormalt små på grunn av 400 års sveltefôring og vog ikkje meir enn rundt 300 kilo. Ei ekte villku veg opp mot 1000 kilo og ei NRF-ku veg om lag 550 kilo. Då importforbodet vart oppheva og vi begynte å blande dei bittesmå kyrne med kyr frå Skottland og Sverige, blei kyrne faktisk meir normale.

– Har ikkje NRF møtt nokon motstand?

– Jau då, i Oslo 3. Der bur dei som er glade i gourmetmat, og dei veit at det finst betre biffar enn biffen frå kombinasjonskua til NRF. Dei vil ha biffkyr. Men dette har ikkje nådd marknaden, og det vert ikkje bevisst avla biffkyr her i landet. Vi satsar på mjølk, seier Risan

Emneord: Samfunnsvitenskap, Sosialantropologi, Landbruks- og fiskerifag, Landbruksfag, Husdyravl, oppdrett, forplantning Av Linn Stalsberg
Publisert 1. feb. 2012 12:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere