Dette er vår arv frå Milosevic-tida, då universitetet vart medvite øydelagt. Ulike former for korrupsjon vart systematisert, pengar hamna i private lommer på regimetru lærarar og krigsprofitørar, mange registrerte eigne firma og brukte meir tid på forretningar enn undervising og forsking. Medan dei fleste gjekk på sveltelønningar i tida då inflasjonen kom opp i to prosent per time, vart nokre ovrike. Forskarrekrutteringa vart privatisert, og det kom inn ein hærskare av lojale undermålarar og turbopatriotar, som aldri burde ha vore tilsette. Det finst alltid folk som treng universitetet, men som universitetet ikkje treng.
Samstundes fekk dei opposisjonelle lærarane ofte forbod mot bruk av laboratorium, vart straffa med frådrag i lønna, fekk ikkje lov eller pengar til å reisa på kongressar, vart pressa vekk eller sagd opp frå sine stillingar, vart mobiliserte, slegde ned av leigde vakter frå høgreradikale grupper, arresterte eller forfølgde på andre måtar. (Desse indre sanksjonane var forresten i heile åtte år kombinert med ytre sanksjonar.) Mange forskarar ville eller klarte ikkje meir og utvandra; mellomgenerasjonen er no nesten heilt borte (i mange fag har vi no berre ein eller to lærarar i heile landet). Men mange vart verande i landet og valde å kjempa vidare, nokre mest på universitetet, andre mest gjennom fleire NGO-ar for utdanning på universitetsnivå, som vi laga for å tilby utdanning i det vi ikkje fekk lov til på det statseigde universitetet eller for å gje arbeid åt desse som vart sparka.
Universitetet vart i denne tida knekt organisatorisk, økonomisk, personalmessig og etisk, det vart til eit spegelbilete av landet som heilskap. Då ei nemnd vinteren 2001-02 skreiv den noverande universitetslova på oppdrag av den nye regjeringa, var vi klar over at ho berre skulle vera ei atterreisings- og overgangslov. Situasjonen var korkje politisk, økonomisk eller mentalitetsmessig moden for noko meir, vi på universitetet var usamde om vegen vidare, dei 18 regjeringspartia var usamde om hovudprinsippa, særleg om oppgjeret med fortida.
Universitetsreformen er naudsynt, landet har seks statseigde universitet (medrekna den serbiske delen av Universitetet i Pristina) med kring ti tusen forskings- og undervisingstilsette, halvparten så mange andre tilsette og om lag 160 tusen studentar. I tillegg kjem fire privateigde universitet, om lag 20 privateigde fakultet og fleire fakultet som vert drivne av ulike trusamfunn, men ingen har heilt oversikt over kor mange tilsette og studentar det finst på dei. (Det medvitne rotet med statistikken frå Milosevic-tida er ikkje så lett å få bukt med, og det gjeld også heile forskingssektoren, med over 50 forskingsinstitutt, militære ikkje medrekna.) Det luktar lettente pengar i utdanningssektoren, og det kjem nye søknader om danning av private fakultet inn til oss som sit i den nyoppretta akkrediteringsnemnda (tilsvarar norske NOKUT).
HOVEDSTADS- UNIVERSITETET: Den gamle bygningen til Universitetet i Beograd huser i dag blant annet administrasjonen. Det nordiske instituttet ligger i bygningen over. Foto: Ståle Skogstad (©)
Universitetet er for stort og urasjonelt, i si tid bygd opp for eit langt større og rikare land enn det fattige Serbia i dag med sine om lag 7,5 millionar innbyggjarar (Kosovo-Metohija ikkje medrekna), sett opp etter tjue år gamle samfunnsbehov og studentinteresser, og må rasjonaliserast. Vi treng ein ny, moderne, heilskapleg og einskapleg organisasjon av universitetet, innføring av kvalitetskontroll, integrering i høgskulesystemet av om lag 50 høgskular (ingen av dei vitskaplege) og så bortetter, for å møta utfordringane i eit land der berre litt over 5 prosent av folket har akademisk utdanning, analfabetisme på kring 10 prosent, heile 33,7 prosent nasjonale minoritetar, som treng utdanning på sitt språk, med dei farar som mogleg medlemskap i GATS og ei pågåande privatisering og kommersialisering i høgskulesektoren ber med seg.
Universitetet treng som institusjon ei stor organisatorisk opprydding og modernisering, men med folk frå det gamle regimet, deira medløparar og undermålarar og deira konservatisme, nasjonalisme, korrupsjon, professorvelde, særinteresser, frykt for konkurranse og systematisert egoisme, kjem vi ingen veg. Og dei har passiv støtte frå den absolutt største lærargruppa på universitetet; desse som berre sit og held låg profil og vonar at reformuværet skal fara over, så dei slepp å gjera noko.
Eit skikkeleg oppgjer med fortida er føresetnaden for reformen, men ein kan ikkje sparka folk av politiske grunnar. Samstundes kan ein heller ikkje la dei frå det gamle regimet forbli ustraffa, for urett fell ofte tyngre enn alt anna. Det finst ei lov for alle slags brotsverk, men det finst diverre inga lov som straffar det å øydeleggja eit land, å tvinga unge generasjonar til å svelta, kriga, utvandra. Det er dessverre ikkje straffbart å knekkja eit universitetssystem.
Difor er det vanskeleg å få folk med på reformen. Universitetet har overlevd nærast på entusiasme (eg er freista til å seia at vi har fått gjort noko trass i at vi har vore tilsette ved universitetet), men entusiasme slitst ned. Då vi stod og protesterte i september 2000 på Studenttorget i Beograd, slo det oss at nokre av oss har stått der og protestert sidan 1968. Ingen har lyst til å stå der og protestera i 30 år til. Vi er vorte så vane til det unormale at vi lenge har opplevd det som normalt. Dei fleste av oss er no temmeleg trøytte etter endelause protestar og demonstrasjonar, sidejobb for å klara seg økonomisk, mangel på tryggleik og årelang håpløyse (som enno ikkje har gitt seg). Dessutan løner reformarbeid seg ikkje: det tek tid frå forskinga (det einaste som tel i karrieren), skaper indre konfliktar med kollegaer og studentar og fører til ytre konfliktar med ein del av den politiske makteliten. (Eg sjølv har brukt meir tid dei siste månadene til å sitja på ulike møte som regjeringa sin representant i fleire fakultetsstyre og styret for Universitetet i Beograd enn eg har brukt på forsking.)
Den sosiale rekrutteringa til universitetsutdanning er ekstremt skeiv (særleg ved private institusjonar), det finst ingen offentlege stipend- og studielånsordningar, omkring halvparten av nye studentar vert aldri ferdige, og studia varer i gjennomsnitt dobbelt så lenge som normert tid (av ulike grunnar). Rekrutteringa til universitetsstillingane er enda verre. Grunnforsking og dyrare bruksretta forsking er nesten død, tverrfagleg forsking har stranda på dei skyhøge institusjonsmurane bygde opp av særinteressar, fagleg egoisme og sneversyn. Resultatet er at summen av individuelle kompetansar ligg monaleg over universitetet sin kompetanse som institusjon. Samarbeidet med næringslivet har, med visse unntak, gått i stå av finansgrunnar (draumen om oppdrags- og sektorforsking vert nok ein draum for dei fleste). Det er ein del samarbeid med utanlandske forskingsinstitusjonar, men mest gjennom bruk av vår billege akademiske arbeidskraft.
Kaos, ansvarsløyse og ein stat med innebygde funksjonsfeil er den arven frå Milosevic-tida som vi kjem til å stri med i lang tid framover. Ei ny universitetslov og ei ny forskingslov er no under arbeid med utgangspunkt i den interne og eksterne evalueringa frå i fjor, men møter kraftig motstand først og fremst frå Universitetet i Beograd, landets største. I tillegg ventar vi på lov om denasjonalisering av stiftingane og eigedomane til Universitetet i Beograd – truleg forgjeves – for å letta litt den samla økonomiske situasjonen for universiteta.
Reformarbeidet har byrja med at eit konseptdokument er distribuert, at dei viktigaste dokumenta om Bologna-prosessen er utgjevne, ved fleire konferansar med sterk deltaking frå studentane si side og gjennom evaluering. Mellom anna har mine studentar omsett Gunnar Handals Studentevaluering av undervisning, og Utdanningsdepartementet spreier no boka som materiale til reformarbeidet. Nokre fakultet har óg utarbeidd forslag til nye studieplanar.
Å få ei pakke papir er ikkje den same store lykka som tidlegare. I vinter fekk vi på Nordisk dei første bøkene sidan 1982, då eg sist fekk pengar frå fakultetet til å kjøpa utanlandsk litteratur (dei tusentals vi har er gåver), i april kom den fyrste fakultetskjøpte datamaskinen (dei andre er gåver). Fakultetets pengar, som tidlegare gjekk i private lommer, kjem no oss alle til gode. Om 10-15 år kjem vi kanskje tilbake til utgangsstoda i 1989. Dessverre har verda ikkje stått stille i mellomtida og venta på oss og kjem heller ikkje til å stå og venta på oss i framtida. Verre enn det har vore hos oss, kan det knapt bli, så det gjeld berre å halda ut og kjempa vidare.
Oppgjeret som har byrja etter drapet på statsministeren, lovar godt for framtida til universitetet óg, men vegen fram er heller tung enn lett. Det triste er at dei fleste studentar og unge forskarar eg snakkar med, framleis ser si framtid i eit anna land og er heller passive. Men stemninga kan snu.
Når eg om nokre minutt skal byrja ei førelesing om vokalsystemet i nordisk, deler eg faget med fagfrendane i Noreg, men tankane vi går med i det daglege arbeidet, er nok annleis, slik som denne artikkelen viser.
Logg inn for å kommentere
Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere