Bibelen for botanikarar

Blomsterelskarane kan gle seg. Ved nyårsleitet kjem den første nasjonale floraen på ti år ut. Sidan den siste utgåva kom i 1994, har professor Reidar Elven studert ein halv million pressa blomstrar. Det har ført til at mellom ti og femten prosent av alle artsnamna er endra.

GIGANTHERBARIUM: Det vitskaplege grunnlaget til den nye floraen er ein million pressa planter, fortel professor Reidar Elven på Botanisk museum. Foto: Ola Sæther.

Dei siste ti åra har professor Reidar Elven på Botanisk museum ved Universitetet i Oslo jobba med den nye versjonen av floraen over alle floraer, som Det Norske Samlaget gjev ut på nyåret. Floraen vert rekna som bibelen for botanikarar og gjev eit detaljert bilete av det botaniske mangfaldet her i landet.

– Dei fleste land med respekt for seg sjølv har ein slik flora, med unntak av Sverige og USA. Floraen er like viktig som nasjonal ordbok og kartverk og er referanseapparatet til naturen. Han er essensiell for god naturforvalting. Utan ein slik flora kan vi ikkje forstå naturen. Då ville alt prat om biologisk mangfald vere tull, forklarer Reidar Elven.

Det vitskaplege grunnlaget for floraen byggjer på ein million pressa planter, godt systematiserte i eit gigantisk arkiv i dei to midtre etasjane på Botanisk museum ved Universitetet i Oslo. Samlinga er større enn nasjonalherbariet i Canada, men likevel langt mindre enn verdas største herbarium i London, Genève og St. Petersburg. Kvart av dei kan skilte med åtte til ti millionar pressa planter.

1000 eksemplar

For å dokumentere utbreiing, veksestad og høgdefunn må Reidar Elven ha bevisa. Då greier han seg ikkje berre med ei pressa plante per art. Han treng mengder av eksemplar av den same arten samla inn frå eit så spreitt område som råd.

– Det er ikkje uvanleg at vi har mellom 500 og 1000 eksemplar av same art. For artar varierer. Har vi berre ein art per geografiske område, veit vi lite, både om utbreiing og utsjånad.

Plantesamlinga gjev også Reidar Elven høve til å studere om artane bør delast inn på ein annan måte. Kvart år får herbariet inn mellom åtte og ti tusen nye objekt. Det vil seie at det har kome inn mellom 80 000 og 100 000 nye objekt etter at den førre floraen kom ut for ti år sidan.

– Vi har altså fått inn nesten ti prosent nye opplysningar i herbariet sidan sist. Ein stor del av desse nye opplysningane dreiar seg om utbreiing. Vi kan også dokumentere meir enn 50 nye artar.

Reidar Elven har samanlikna desse funna med tidlegare funn. I løpet av dei ti siste åra har han gått gjennom nesten ein halv million herbarieobjekt.

– Vi har spesielt sjekka artar der vi har mistanke om problem. Då har vi systematisk gått gjennom objekta og sortert på variasjon.

Analysane har ført til store endringar i den nye floraen. Ti til femten prosent av artsnamna er endra frå den førre utgåva i 1994.

DNA-analyse

Som analyseverktøy har botanikarane teke i bruk DNA-analyse. Men det er tidkrevjande og kostar fleire titals tusen kroner. Botanikarane må difor i stor grad basere seg på morfologi, det vil seie korleis plantene ser ut.

– Genetikken er ein revolusjon for botanikken og viser samanheng og evolusjon. Dersom analysematerialet av ein art gjev genetisk tydeleg ulike DNA-sekvensar samstundes som morfologien er forskjellig, deler vi opp i nye artar eller underartar. Viss genetikken derimot ikkje svarar til morfologien, må vi gjere eit namneval. Men vi må uansett ta omsyn til utsjånaden i floraen, for at folk kan kjenne att blomstrane, forklarer professoren.

Sjølv om universitetsherbariet er stort, ønskjer Reidar Elven ei endå større samling. Sjølv har han i år samla inn eit par tusen planter, men brorparten, 70 til 90 prosent av dei pressa plantene, vert sende inn frå amatørar som ikkje har tilknyting til Universitetet i Oslo.

– Utan desse amatørane kunne vi aldri ha laga ein flora. Mange av dei er medlemmer av lokale botaniske foreiningar. Ein rogalending åleine har samla inn tusenvis av planter og har dei siste 15 åra funne meir enn ti nye artar i Noreg, mellom anna ein ny art av sisselrot på Rennesøy utanfor Stavanger. Reidar Elven er mest interessert i at folk samlar fleire vanlege planter.

– Ein arktisk liten rase av tytebær er no funnen på Varangerhalvøya, men vi har så lite tyttebær i herbariet at vi ikkje kan seie om den også finst elles i landet.

Berre for å dele opp finnmarksrøyrkvein i underartar måtte Reidar Elven ha 200 objekt.

Tal på artar av mispel, som blir mykje brukte som prydplanter i hagar og vegkantar, har eksplodert på tjue år. Frøa vert spreidde via fugleavføring. I 1987 blei det berre dokumentert tre artar. I 1994-floraen 16 artar, av dei 14 forvilla artar. Denne gongen kan Reidar Elven dokumentere 22 artar.

Gråor-kick

Gråor vekkjer også stor interesse hjå professoren. På herbariet har han tre kassar fulle av gråor. For ti til femten år sidan blei han klar over at det fanst to ulike rasar her i landet. Den eine kom sørfrå, den andre nordaust frå og inn gjennom Finnmark etter siste istid.

– Nokre gråor har ujamn kant på blada, med fløyelshår på undersida. Andre blad har rundare og mjukare kantar. No ser det ut til at rasane blandar seg saman. For ti år sidan var det ingen som såg på gråor. No ropar dette materialet etter ei genetisk undersøking. Det kan fortelje oss noko om innvandringshistoria. Reidar Elven brukar også herbariet til å dokumentere utrydda artar.

På trettitalet blei ein svært sjelden art verna med gjerde mot sauer og kyr. Arten døydde ut under krigen, fordi den vart kvalt av annan vegetasjon.

– Vi har beviset for at planta har eksistert. I floraen står ho i ein fotnote som utdøydd, men vi tek likevel vare på all informasjon om arten, i tilfelle den blir oppdaga igjen.

Floraeventyret

Det norske floraeventyret starta på førtitalet. Då blei det gjeve ut ikkje mindre enn to konkurrerande floraer. Omtrent samtidig. Begge forfattarane heldt til på Tøyen, men dei var ikkje alltid gode vener. Professor Rolf Nordhagen i Botanisk hage gav ut ei bokmålsutgåve. Den kom aldri meir ut. Ho måtte gje tapt for den illustrerte nynorskutgåva til konservator Johannes Lid på Botanisk museum. Han var nemleg så heldig at kontordama på Botanisk, Dagny Tande , vart forelska i han.

– Den einaste måten å vinne mannen i hennar liv, var å teikne blomster. Ho vart ei av verdas mest kjende florateiknarar.

Sidan den gongen er Lids flora komen ut kvart tiande år. Kvar gong i ei svært revidert utgåve. Då floraen kom ut i si sjette utgåve til femtiårsjubileet i 1994, var floraen blitt dobbelt så stor.

I 1987-utgåva dekka floraen både Noreg, Sverige og Finland. For Sverige hadde ingen flora, og Finland hadde berre ein førkrigsflora. Men salet gjekk dårleg, for nett då dei norske botanikarane slo til, blei den første finske floraen på femti år utgjeven. Og svenskane sleit med nynorsken. I 1994 vart det difor valt å gje ut ein rein norsk flora.

Løgnaktig prest

Sjølv om herbariet er det viktigaste vitskaplege grunnlaget for å dokumentere det biologiske mangfaldet, kunne ikkje prest P.V. Deinbol frå Nesseby i Finnmark dy seg i 1823.

– Han stod for brorparten av alle funn frå Aust-Finnmark og melde inn fleire titals nye artar. Men han bytte planter med andre og gav dei ut for å vere frå Finnmark. Vi kaller han berre den løgnaktige presten. Alle ønskjer å gjere noko essensielt, men han gjekk heilt opplagt over streken. Dei trudde på funna ei stund, men skjønte allereie på attenhundretalet at det var juks, fortel professor Reidar Elven.

Emneord: Matematikk og naturvitenskap, Zoologiske og botaniske fag, Systematisk botanikk, Basale biofag, Genetikk Av Yngve Vogt
Publisert 1. feb. 2012 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere