Genreparatøren

– Dei beste ideane mine har eg fått dei gongene eg har vore på fjellet eller på segltur og fått eit skikkeleg overskot. Det seier medisinprofessor Erling C. Seeberg ved Universitetet i Oslo og Rikshospitalet som i år får Anders Jahres store medisinske pris for den banebrytande DNA-forskinga si.

OPPLØFTA: - Eg er både glad og overraska over å få tildelt Anders Jahres medisinske pris, seier professor Erling Seeberg ved Universitetet i Oslo og Rikshospitalet.

Seeberg deler prisen med ein annan DNA-forskar, medisinprofessor Hans E. Krokan ved NTNU i Trondheim. Anders Jahres store medisinske pris, på til saman ein million kroner, er den framste utmerkinga for medisinforskarar i Norden, og vert i forskarmiljøa ofte omtalt som ”den lille Nobelprisen”. Seeberg og

Krokan får prisen fordi forskinga deira har hatt mykje å seia for forståinga av aldring og utvikling av kreft og kroniske sjukdomar.

– Anders Jahres store medisinske pris er ein pris som heng høgt, og eg er sjølvsagt både glad og overraska over tildelinga, seier Seeberg.

Reparasjonsgener

Medisinprofessor Seeberg er forskingssjef ved Avdeling for mikrobiologi på Rikshospitalet og nestleiar for SFF-senteret Senter for molerkylærbiologi og nevrovitskap (CMBN). Han er utdanna sivilingeniør frå NTH der han hadde kjemi som hovudfag. Etter at han avslutta sivilingeniørstudiet, avtente han militærtenesta ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) på Kjeller.

– Der blei eg sett til å forska på strålingsbiologi og fylgjene av radioaktivt nedfall. Slik byrja interessa mi for DNA- reparasjonsgenane. Særleg hadde eg interesse for korleis DNA-skadar som skuldast sollys, blei reparerte. Denne prosessen er defekt i pasientar med sjukdomen xeroderma pigmentosum. Desse pasientane utviklar hudkreft i ung alder og må gå i romdrakter og berre vera ute når det er mørkt for å kunna leva. På den måten kan dei unngå eksponering av sollys og forlengja levetida litt. Sjukdomen utviklar seg på grunn av ein defekt i eitt av åtte ulike DNA-reparasjonsgenar, som er naudsynte for å reparera fotoprodukt i DNA. Me kjenner i dag nesten 200 DNA-reparasjonsgenar hos mennesket. Desse genane er me nøydde til å ha for at DNA-skadar i cellene skal kunna reparerast. Kvart døgn oppstår det rundt 50 000 feil i DNA i kvar einskild celle i kroppen. Desse genane er truleg det viktigaste forsvaret som kroppen har mot utvikling av kreftsjukdom, forklarar Seeberg.

– Dessutan kan fleire typar kreft hos menneske sporast tilbake til somatisk mutasjon i genar som er involverte i DNA-reparasjon. Det gjeld for visse typar tjukktarmkreft, fortel han.

Seeberg er fascinert over kor stor rolle berre ein liten feil i reparasjonsgenane spelar for at ein sjukdom skal kunna utvikla seg.

– Mekanismane bak DNA-reparasjonane er vanlegvis nesten 100 prosent effektive. Det er berre når ein skade slepp unna DNA-reparasjon at mutasjon kan oppstå og det blir utvikla sjukdomar på grunn av det.

Gåta bak aldring

Eit anna spørsmål han er opptatt av, er kvifor nokon blir svært gamle, medan andre døyr tidleg.

– Me undersøkjer eit stort materiale av DNA frå 100-åringar for å sjå om det er spesielle eigenskapar ved reparasjonsgenane som gjer at nokon blir gamle, medan andre døyr tidleg. Ein populær teori for aldring er at det akkumulerer DNA-skade over tid, spesielt i celler som ikkje blir fornya, til dømes hjerneceller, og at når det blir for mange skadar, sluttar kroppen å fungera. Difor reknar ein med at ein føresetnad for eit langt liv kan vera at ein person har ein særleg effektiv reparasjonsmekanisme.

– Kan det ikkje skapa ein del etiske problem dersom målet er å få folk til å bli eldre enn i dag?

– Me er interesserte i å forstå aldring som ein biologisk viktig mekanisme, men me ynskjer ikkje å gripa inn i prosessen. Det ville vera store personlege og samfunnsmessige gevinstar dersom ein kunne gjera alderdomen sunnare. Dei fleste trur at det er ei naturleg grense for kor gamle menneske kan bli, konstaterer han.

Kloning

På 1970-talet deltok han i eit banebrytande forskingsforsøk ved Forsvarets forskingsinstitutt.

– Me var nok dei første i Noreg som tok i bruk genkloning. Det var eit svært enkelt forsøk, for det me gjorde var å flytta eit gen frå ei bakterie til ein annan stad i den same bakterien. Likevel vekte dei første forsøka med kloning sterke reaksjonar blant anna i Aftenposten, som spådde at dette kunne føra til dommedag på Jorda, minnest han og viser fram ein skanna versjon av avisartikkelen.

– Det var mykje på grunn av dei negative haldningane til genteknologi og til bruk av kloningsteknikkar at Noreg kom i bakleksa i medisinsk forsking. Noreg skulle heile tida vera best på ikkje å gjera noko. Difor låg Noreg langt bak Sverige og Danmark i medisinsk forsking på 1980-talet, meiner han. No ser han derimot lyset i ein lang, mørk tunnel.

– Norsk forsking har tatt seg skikkeleg opp sidan den gongen. Men det burde ha blitt etablert meir enn eitt senter for framifrå forsking innanfor medisin, synest han.

Emneord: Medisinske fag, Basale medisinske, odontologiske og veterinærmedisinske fag, Human genetikk Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 12:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere