Halden-l til Nord-Noreg, Trøndelag og Austlandet

Såkalla Halden-l – eller tungespiss-l – er ikkje lenger bare dominerande i søre Østfold, men har også etablert seg i store delar av Nord-Noreg. Professor Rolf Theil trur Halden-l etter kvart vil overta heile Nord-Noreg, Trøndelag og Austlandet.

SPÅR ENDRING: Professor Rolf Theil trur Halden-l vil bli vanlig i heile Nord-Noreg, Trøndelag og Austlandet om nokre år. Foto: Ståle Skogstad

– Kva slags språkleg fenomen er Halden-l?

– Det kjem kanskje som ei overrasking, men den såkalla Halden-l-en er ein heilt vanleg l-lyd som alle norsktalande brukar. Held vi oss til Søraustlandet, så er det spesielle med dialektane i søre Østfold at dei berre har éin l-lyd, medan resten av Søraustlandet har to forskjellige l-lydar, fortel professor Rolf Theil ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar.

Forklaringa er denne: I Oslo har dei fleste ulik l-lyd i til dømes /farlig/ og /salig/, slik at dei to orda ikkje rimar. Dei to orda kan skrivast med lydskrift på denne måten: /farlig/ [fa:Li], /salig/ [sa:li].

Den lyden som er skriven med [L], blir uttala ved at vi set tungespissen mot gommen (rett bak fortennene) i overmunnen, medan den som er skriven [l], blir uttala ved at vi set tungebladet (området oppå tunga rett bak tungespissen) mot gommen i overmunnen.

På målføra i søre Østfold rimar /farlig/ og /salig/, og dei blir uttala slik: /farlig/ [fa:Li], /salig/ [sa:Li].

– Med andre ord: Østfoldingane brukar tungespiss-l – altså [L] – i begge orda. Det er når dei brukar [L] i ord der oslofolk brukar tungeblad-l – altså [l] – at det heiter seg at dei har ein særskild l-lyd! Det må også nemnast at i mange andre målføre på Søraustlandet, mellom anna i min eigen uttale frå Porsgrunn, rimar /farlig/ og /salig/, men ved at tungeblad-l blir brukt i begge orda: /farlig/ [fa:li], /salig/ [sa:li]. ”Det er [fa:li], det!, som Ludvig hos Kjell Aukrust seier”, forklarar Theil.

Betre for rimsmedar

– Kor i Noreg nyttast tungespiss-l i alle ord av vaksne språkbrukarar?

– På Austlandet gjeld dette framleis berre i søre Østfold. I Oslo, til dømes, held skiljet mellom [L] og [l] seg framleis mellom vaksne, men faktisk i svært få samanhengar. Eg skal gå litt i detalj her: For eit par hundre år sidan blei tungespiss-lyden [L] berre nytta der skriftspråket har /rl/, medan tungeblad-lyden [l] blei nytta der skriftspråket har /l/, sier Theil, og viser til ei liste over ordpar som då ikkje rima:

/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:li]

/vårlig/ [vå:Li], /smålig /[små:li]

/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:li]

/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:li]

/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:li]

/rørlig/ [sø:Li], /rødlig/ [rø:li]

– Men skiljet mellom desse to språklydane er i ferd med å bli borte, og i dag skil dei fleste oslofolk berre mellom [L] og [l] etter vokalane a og å. I alle andre samanhengar brukar dei berre [L], hald professoren fram og peiker på at det har oppstått fleire nye rim-par:

/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:li]

/vårlig/ [vå:Li], /smålig /[små:li]

/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:Li]

/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:Li]

/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:Li]

/rørlig/ [sø:Li], /rødlig/ [rø:Li]

I søre Østfold, derimot, har dei teke steget heilt ut og kvitta seg med [l]. Resultatet er at østfoldske poetar har eit mykje større repertoar av rim-par enn kollegaer andre stader på Austlandet:

/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:Li]

/vårlig/ [vå:Li], /smålig /[små:Li]

/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:Li]

/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:Li]

/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:Li]

/rørlig/ [sø:Li], /rødlig/ [rø:Li]

På frammarsj

Halden-l er ein tungespiss-l nytta i ord der oslofolk har tungeblad-l. I dette perspektivet har /smålig/ [små:Li] og /salig/ [sa:Li] begge Halden-l, medan dei andre orda i lista ovanfor ikkje har det, endå alle har same l-en, og det er berre /smålig/ og /salig/ som ikkje blir uttala likt i Oslo og Halden.

– Den utviklinga som har skjedd i søre Østfold, har også råka store delar av Nord-Noreg, og utviklinga har gått gjennom akkurat dei same stadia. Til dømes høyrer ein dette tydeleg hos Tromsø-folk som er nokre og tretti år eller yngre. Tilhøva på Sørlandet og Vestlandet er så forskjellige at vi ikkje skal blande dei inn her, sier Theil.

– Kva slags geografiske og generasjonsmessige endringar ser du når det gjeld Halden-l?

– Bortfallet av [l] til fordel for [L] liknar sjølvsagt på bortfallet av kj-lyden til fordel for sj-lyden. Begge delar oppstår hos yngre folk, og var lenge primært assosiert med barnespråk, men brått – av ukjende årsaker – varar uttalen ved inntil vaksen alder. Små born over heile Austlandet lærer fyrst [L] og brukar han i alle ord, og fyrst seinare kjem [l] inn. Men det ville ikkje vere særskilt overraskande om vi snart såg same utviklinga i Oslo som i Tromsø og fleire andre nordnorske byar og tettstader. Eg trur tungeblad-lyden [l] blir meir og meir perifer i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet, og at han etter kvart blir borte, spår språkforskaren.

Ikkje noko problem

– Skal foreldra rette på born som ikkje ”veks” tungespiss-l-en av seg?

– Nei, det synest eg absolutt ikkje dei har nokon grunn til. Vaksne folk som synest det er greitt at /rørlig/ og /rødlig/ blir uttala likt, burde ikkje bry seg med at borna deira lèt /salig/ rime med /farlig/! Det er ikkje noko problem at språket endrar seg. Det har det alltid gjort, og det vil det alltid gjere. Det er berre daude språk som latin som ikkje endrar seg, seier Theil.

Han legg til at når det i Oslo finst det to l-ar og i Halden berre éin, så held han såkalla "tjukk l" utanfor diskusjonen, for språkforskarane reknar ikkje "tjukk l" som nokon l-lyd i det heile, men heller som ein r-lyd! Men det er ei anna historie!

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Nordiske språk, Allmenn språkvitenskap og fonetikk Av Johannes W. Løvhaug
Publisert 1. feb. 2012 11:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere