Norsk barnespråkforsking på jumboplass

Språkutviklinga til norske barn er svært dårleg kartlagd. Det gjer det langt verre å hjelpe ungar med språkvanskar.

STORE SKILNADER: – Gjennom det tredje leveåret strevar barn med konsonantgrupper som startar på s, påpeikar professor Kristian Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Foto: Ståle Skogstad.

– Noreg er eit u-land når det gjeld kunnskap om barns språkutvikling. Vi treng kunnskap om både normal og avvikande språkutvikling for å hjelpe ungar med språkvanskar. I dag får mange barn ikkje god nok behandling, åtvarar professor Kristian Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på Universitetet i Oslo.

Kristoffersen er ein av svært få ekspertar her i landet som studerer normal språkutvikling hos barn. Målet med forskinga hans er å få betre kunnskap om kva som er normalt, slik at logopedar kan gi optimal behandling til barn med språkvanskar.

Han peikar på at resten av Skandinavia, Europa og USA har kome mykje lenger enn Noreg. Her i landet finst det så få lingvistiske studiar av ungar at ein kan telje dei på to hender. Heller ikkje innanfor fagfelta psykologi og spesialpedagogikk, som har ansvaret for logopedutdanninga, finst det mykje forskingsbasert kunnskap om barns språkutvikling.

Konsonanttrøbbel

Mange småbarn strevar med konsonantane. Nokre konsonantar er vanskelegare enn andre. Saman med professor i lingvistikk, Hanne Gram Simonsen, forskar Kristian Kristoffersen no på språkutviklinga til ungar mellom to og fire år og har sett på korleis dei klarer å uttale ord som begynner på ein dobbel konsonant. Det krev komplisert motorikk å uttale to konsonantar i sekvens.

– Gjennom det tredje leveåret strevar barn med konsonantgrupper som startar på s, medan andre konsonantgrupper er lettare. Sko vert ko og stol blir tol.

Av dei orda som starta med dobbel konsonant utan s, uttala barna i undersøkinga 80 prosent av orda rett. Derimot klarte dei berre 75 prosent av s-orda.

Då Kristian Kristoffersen undersøkte om uttalen var annleis hos ungar over og under to og eit halvt år, fann han ingen signifikant aldersforskjell på korleis ungane uttala dei orda som ikkje starta på s. Derimot var det klar aldersskilnad på korleis barn klarte uttalen av s-ord. Ungar under to og eit halvt år meistra berre fire sjettedeler av orda. Av dei ungane som var over to og eit halvt år, auka andelen til fem sjettedeler.

Også r valdar problem. Krone blir til kone og krokodille til kokodille. Både l og j er vanleg erstatning for den austlandske r-en. Grønn blir gjønn eller glønn. Men det er ingenting i datamaterialet som tyder på at ungane vert flinkare til å uttale r når dei er over to og eit halvt år gamle. Ei tidlegare undersøking tyder på at r-en er vanskeleg heilt fram til fireårsalderen.

Undersøkinga til Kristian Kristoffersen slår fast at det er store variasjonar i språkutviklinga hos barn frå dei seier det første ordet i eittårsalderen til dei stort sett har alt på plass i fire-femårsalderen.

– I dag seier logopedane: Det er mykje variasjon. Ta det med ro. Men fram til i dag har vi ikkje visst nok om denne variasjonen til å kunne seie kva som er naturleg.

For få ungar

Kristian Kristoffersen etterlyser fleire studiar om språklydar, slike som uttalen av enkeltkonsonantar, vokalar og konsonantgrupper uansett plassering i ord. Det finst berre to slike studiar i Noreg. Den eine er frå 1971, den andre frå 1990. I desse undersøkingane deltok det berre fire barn. I den nye undersøkinga hans om doble konsonantar i starten av eit ord deltok det 27 ungar.

– Det er framleis altfor lite. Den einaste fornuftige måten å skape eit skikkeleg bilete av språkutviklinga, er eit samarbeid med helsestasjonane, slik at vi kan undersøkje språket til langt fleire barn. Først då kan vi få eit meir nyansert bilete.

Nasjonale skilnader

Forskinga til Kristian Kristoffersen er ein del av eit internasjonalt prosjekt der det også deltar forskarar frå USA, Nederland og Israel. Dei har studert likskapar og forskjellar i korleis barn tileignar seg konsonantgrupper.

Spørsmålet er om uttaleproblema er dei same, uavhengig av morsmål. Det viser seg at amerikanske barn slit mindre enn norske ungar både med uttalen av ord som startar på s og med dobbeltkonsonant.

– Ein kan spekulere på kvifor. Det kan ha noko å gjere med at utvalet av barn er lite. Men det kan også vere skilnad på korleis ein skifter frå første til andre konsonant i norsk og engelsk, påpeikar Kristoffersen.

Likt norske barn har også dei nederlandske ungane ein signifikant skilnad i uttalen av s-orda. Denne forskjellen fann dei derimot ikkje hos dei hebraisktalande barna.

Syndrombarn

Kristian Kristoffersen meiner ungar med ulike syndrom, som Downs syndrom og Cri du chat-syndrom, er nokre av dei mange barna som kunne ha blitt hjelpte viss ein fekk betre kunnskap om tidleg språkutvikling.

– Mange av desse ungane har alvorlege språkvanskar og kan ha utbytte av språkterapi frå dei er fødde. Men desse barna får ikkje logopedhjelp i barnehagen. Her er noko riv ruskande gale, hevdar Kristoffersen.

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Nordiske språk, Anvendt lingvistikk, språkvitenskap, Samfunnsvitenskap, Pedagogiske fag, Spesialpedagogikk Av Yngve Vogt
Publisert 1. feb. 2012 11:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere