Bigamist mot sin vilje

I nokre land er det nesten umogleg å få sivil skilsmisse. Konsekvensen blir at ektepar vert rekna som gifte med kvarandre i heimlandet, sjølv om dei har skilt seg og gifta seg med ein ny partnar i Noreg.

MED VILJE: – Bigami skjer berre dersom nokon giftar seg på nytt utan å opplysa om han eller ho ikkje er formelt skilt frå den tidlegare ektefellen, konstaterer religionsforskar Berit Thorbjørnsrud. Foto: Ståle Skogstad

Viss ein person er gift i heimlandet og ikkje opplyser om dette når ho eller han giftar seg igjen i Noreg, vert vedkomande rekna som bigamist. Då blir det ikkje tatt omsyn til at det ikkje er mogleg å skilja seg i det landet den personen kjem frå. Det viktige er at personen ikkje spelte med opne kort og ikkje sytte for å få ei sivil skilsmisse i Noreg før det nye ekteskapet, seier religionsforskar Berit Thorbjørnsrud ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk på Universitetet i Oslo.

Skilsmisseklausul

For eit par år sidan gjekk ho gjennom ekteskaps- og skilsmisselovgjevinga til alle dei religiøse trussamfunna i Noreg. Ho fekk oppdraget frå Kommunal- og regionaldepartementet, i samband med at fleire stortingsrepresentantar meinte det var naudsynt å ha med ein klausulom at begge partar ville gi kvarandre rett til skilsmisse som skulle vera gyldigbåde i høve til sivil og religiøs lov. Det vil seia at denne klausulen skulle kunna overstyra trussamfunna sin eigen motstand mot skilsmisse. Bakgrunnen var at dei ville gjera det lettare for muslimske kvinner å skilja seg frå mennene sine. Berit Thorbjørnsrud fann ut at det ikkje var blant dei muslimske innvandrarane problema var størst.

Strengast i katolske land

– Dei tre katolske landa Chile, Filippin-ane og Malta har i dag den strengaste skilsmisselovgjevinga. I alle desse landa var det inntil for kort tid sidan berre mogleg å bli separert. I Chile har dei no introdusert ei viss opning for skilsmisse, men både på Filippinane og på Malta er det framleis umogleg å bli skilt. Årsaka er påverknaden Den katolske kyrkja har over lovgjevinga i desse landa. I dag godkjenner ikkje Den katolske kyrkja skilsmisse, og ekteskapet er samtidig rekna som eit heilagt sakrament. Det er grunnen til at Den katolske kyrkja har reagert sterkast på framlegget om å ta inn ein klausul om at begge partar gir kvarandre rett til skilsmisse. I Den katolske kyrkja kan eit ekteskap berre kjennast ugyldig ved ein religiøs dom. Dei som er skilde sivilt og har inngått eit nytt sivilt ekteskap, kan nektast å ta imot nattverden. Og dei kan heller ikkje gifta seg på nytt i Den katolske kyrkja. Resultatet kan bli at både sivilt skilde menn og kvinner kan bli stigmatiserte i visse grupper. Medan mennene kan få ord på seg for å ha stukke av frå forsytaransvaret for kone og barn, kan kvinnene bli rekna for uansvarlege som forlét ektemannen og ikkje gir han lov til å bu saman med seg og barna lenger, fortel Thorbjørnsrud. Ho viser til at mange katolikkar i Noreg kjem frå land der det er sterk skepsis til skilsmisse.

– Dei som skil seg og giftar seg igjen, kan difor oppleva sosiale sanksjonar, til dømes viss filippinske kvinner skil seg i Noreg. Då kan dei gifta seg igjen med ein annan mann på Tinghuset. Men om dei drar tilbake til Filippinane, vil dei likevel vera gifte med den første mannen, sidan landet deira ikkje aksepterer skilsmisse. Dette kan føra til mange ufullenda skilsmisser blant kvinner både frå Filippinane og frå Chile i Noreg, seier ho.

Muslimske kvinner

Mange nordmenn trur at islam berre aksepterer skilsmisse for menn som ber om det, men ikkje for kvinner som tar initiativ til det. Berit Thorbjørnsrud har påvist at det er ei heilt feil oppfatning av den islamske ekteskapslovgjevinga.

– Det europeiske islamske fatwa-rådet har uttalt at sivil skilsmisse er heilt i orden. Men det er ikkje alle muslimar som aksepterer det. I det store og heile er det nok også langt vanskelegare for ei kvinne å få skilsmisse enn det er for ein mann, sjølv om kvinner har ein sjølvstendig rett til skilsmisse på visse vilkår. Og i eit land med eit “ikkje heilt feilfritt rettssystem” er det ofte slik at den som har mest pengar, alltid vinn fram. Det er mange norskpakistanarar som gjerne vil ha ei formell godkjenning av ei norsk skilsmisse i Pakistan, før dei giftar seg igjen i Noreg, har ho funne ut.

Vanskeleg

Ei skild pakistansk kvinne kan av og til få store problem om ho giftar seg igjen.

– Dersom den første ektemannen ikkje aksepterer den norske sivile skilsmissa og det nye ekteskapet hennar, kan han i verste fall melda henne for utruskap i Pakistan, sidan ho manglar pakistansk godkjenning av den norske skilsmissa. Om ho vender tilbake til Pakistan, vil ho leva farleg, sjølv om ho kan hevda at han ikkje har oppfylt forpliktingane sine, understrekar ho.

– I dag veit me at mange muslimske kvinner, også pakistanske, avgrensar seg til den sivile skilsmissa. I praksis treng ikkje det hindra henne i å skaffa seg ein ny ektemann i Pakistan. Muslimar har ulike syn på om det er naudsynt med ei islamsk skilsmisse. Det kan variera utifrå muslimsk rettsvitskap, med behovet for å vera i pakt med bakgrunnslandet sine lover eller med eige sosialt miljø, konstaterer Thorbjørnsrud, som vil åtvara mot å likestilla islam med katolis-ismen.

– Det er ikkje mogleg å sjå på islam som ein gjennomintegrert, einskapleg organisasjon med eit heilskapleg læresystem slik ein har i Den katolske kyrkja. Islam rommar kompliserte og varierte læresystem, som blir praktiserte gjennom mange ulike organisasjonar. Makta til imamane er avgrensa av viljen trusfellane deira har til å gi dei denne makta, peikar ho på.

Ulik praksis

Thorbjørnsrud viser også til at det er stor skilnad på praksis blant muslimar i Aust-Afrika samanlikna med muslimar i Pakistan.

– Langs swahilikysten i Aust-Afrika er det vanleg at muslimske kvinner giftar seg fleire gonger, medan skilsmisse blir rekna som stor skam i Pakistan. Blant norske trussamfunn er det faktisk berre muslimar som har høve til å få ein eigen skilsmisseklausul integrert i ekteskapskontrakten sin. Verken katolikkar, jødar, hinduar, sikhar eller andre vil akseptera å omdefinera forståinga si av ekteskapet for å få med ein slik klausul, slår ho fast.

Religionsforskaren ser at ufullenda skilsmisser representerer eit internasjonalt problem, men stiller likevel spørsmål ved om ein sivil stat kan overprøva læra til eit trussamfunn.

– Det er trass alt frivillig å vera medlem av eit trussamfunn i eit land som Noreg. Det kan vanskeleg bli sett på som noko brot på menneskerettane at folk ikkje får skilsmisse i Den katolske kyrkja. Og den norske staten kan heller ikkje tvinga frie trussamfunn til å tilpassa sine dogme og religiøse oppfatningar til det staten til ei kvar tid meiner om skilsmisse. Staten skal ta seg av den sivile lovgjevinga. Om eit ektepar er skilt sivilt, så er det ikkje staten sitt ansvar om Den katolske kyrkja ikkje aksepterer skilsmissa. Det finst grenser for det staten skal rydda opp i. Individa må også ta sin del av ansvaret, poengterer Thorbjørnsrud.

Bigami i praksis

– Diskusjonen om bigami må også sjåast i lys av at det i Noreg er mogleg å leva med fleire i praksis. Det finst jo éin norsk kjendis som bur saman med éi kvinne, medan han formelt sett framleis er gift med ei anna. Så lenge han ikkje giftar seg på nytt, samtidig som han framleis er gift med den første ekte-maken, er det ikkje noko problem for staten. Men dersom dei gjer det, blir det bigami, viser ho til.

– Og det er også mogleg for ein mann å bu i eit kollektiv med ti kvinner utan at det er noko problem for staten. Han blir ikkje rekna som bigamist før han prøver å gifta seg med ei av dei, samtidig som han er gift med ei anna. Det er ikkje forbode å ha mange partnarar eller vera ein rundbrennar. Så du kan vera praktiserande bigamist, men det er ikkje noko problem før du prøver å få ei juridisk godkjenning av meir enn eitt ekteskap, seier Berit Thorbjørnsrud.

Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere