Kona til Ibsen påverka Ibsens drama

I alle biografiane har kona til Ibsen berre fått birolla som ei borgarleg og triviell kvinne. Men det var ho som gav inspirasjon til dei opprørske og kontroversielle kvinnefigurane i Ibsens drama.

STERK KVINNE: – Suzannah Ibsen hadde ein intellektuell kapasitet som var fullt på høgd med Henrik Ibsens. Når det gjeld orientering mot litteraturen i tida, meiner eg ho var Ibsen overlegen, seier Astrid Sæther, som har skrive biografien “Suzannah. Fru Ibsen”. Foto: Ståle Skogstad

  • I bøkene om Henrik Ibsen er Suzannah Ibsen framstilt som kontrollerande, usjarmerande og lite pen. Dette har provosert meg, seier førsteamanuensis Astrid Sæther på Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Ho har no skrive biografien “Suzannah. Fru Ibsen”, som kjem ut på Gyldendal Norsk Forlag i november.

Ho meiner det er eit tankekors at Henrik Ibsen, som har skapt dei mest kontroversielle og opprørske kvinnene i dramatisk kunst, kan ha levd med ei kvinne som passivt “ofra seg” og sette seg sjølv til sides.

– Eg ville skape eit meir sant bilete av Suzannah, kvinna bak Henrik Ibsen.

I arbeidet med biografien har ho brukt mykje tid på å studere heilt ukjent brevmateriale.

I tillegg til Ibsen sine brev har ho granska breva frå sonen Sigurd og brevvekslinga mellom Suzannah og søskena hennar.

– I eitt brev frå broren fann eg oppsiktsvekkande opplysningar om forholdet mellom Suzannah og Henrik Ibsen. Det er nokså merkeleg at dette materialet ikkje har vore nytta før. Eg meiner tidlegare biografar har oversett dei mest nærliggande kjeldene, nemleg alle brev som er skrivne til og frå Suzannah og hennar nære familie.

Inspirert av barndommen

Suzannah Ibsen var døypt Susanne Daae Thoresen og voks opp på Herøy prestegard på Sunnmøre, der faren var prost. Ho var den tredje av fem barn i prost Thoresens andre ekteskap. Suzannah miste mor si då ho var berre fem år. Då ho var åtte, flytta familien til Bergen.

– Oppveksten hennar ved kysten har inspirert Ibsen. I fleire drama, som i Gengangere og Rosmersholm, møter vi hav, tronge fjordarmar og innelukka miljø på store herregardar. Eg er overtydd om at Suzannah har formidla inntrykka sine frå barndommen ved kysten, livet på prestegarden, men også frå Solnør Gaard innanfor Ålesund, der onkelen hennar budde. Suzannah kom frå ein fargerik heim, som Ibsen kalla “et hus med de mange viljer og ringe enhet”.

– Her hadde Ibsen eit stort stofftilfang, for blant dei mange søskena og halvsøskena er det sterke lagnader. I persongalleriet til Ibsen kan ein mellom anna kjenne att fleire av søstrene til Suzannah.

Observatør og partnar

Suzannah møtte Ibsen gjennom Bergens norske Theater, der Ibsen var regissør.

Stemora til Suzannah, Magdalene Thoresen , skreiv anonymt for teatret, noko som var temmeleg ukonvensjonelt for ei prestekone på den tida. Magdalene har nok hatt stor innverknad på døtrer og stedøtrer. Suzannah vart tidleg glad i litteratur, og ho las både fransk og tysk.

Sæther meiner Suzannah hadde ein intellektuell kapasitet som var fullt på høgd med Henrik Ibsens.

– I alle fall når det gjeld lesing og orientering mot litteraturen, meiner eg ho var Ibsen overlegen. Suzannah var ein observatør med eit skarpt blikk. Ibsen kalla henne for “Ørnen”, eit namn som brørne gav henne først. Alt ho observerte, fortalde ho til Ibsen. Ho hadde eit særeige blikk for det psykologiske, og i breva sine sende ho “rapportar” om alt ho opplevde og menneske ho møtte. Dei to hadde ein slags partnarskap, ein kunstnarverkstad. Han las for henne alt han skreiv, og ho var ein kritisk tilhøyrar.

Kvinnesak og frigjering

Gjennom lesinga fanga Suzannah opp frigjeringstankane som var til stades i romankunsten på 1800-talet.

– Vi veit at ho lånte mange bøker av radikale forfattarar, som Madame de Stäel og George Sand . Dette går fram av låneprotokollen i Den skandinav-iske forening i Roma . Eg vil hevde at desse frigjeringstankane aldri hadde kome til Ibsen utan ein formidlar som Suzannah.

Ekteparet Ibsen fekk fleire gonger besøk av Camilla Collett, både då dei budde i Dresden, München og Roma.

– Etterpå var det ei spennande brevveksling mellom Suzannah og Camilla. Også Suzannah og Aasta Hansteen vart nære venner. Men Ibsen likte ikkje Aasta Hansteen, for han syntest ho var stygg og ukvinneleg.

– Hadde Suzannah og Henrik eit lykkeleg ekteskap?

– Det var i alle fall eit vellykka kunstnarleg forhold. Men eg trur ikkje ekteskapet var lykkeleg i vanleg forstand. Ibsen var mykje borte, og han hadde ofte nokre store utblåsingar. To gonger reiste ho frå han, men som regel var det han som reiste frå henne. Dei ferierte også nesten alltid kvar for seg.

Reiste i protest

Ekteparet var nærare 30 år på flyttefot i utlandet, og heile tida hadde Suzannah ønskt at dei skulle flytte heim.

– Dei flytta heim til Noreg samtidig i 1891, men Suzannah flytta ut igjen nesten med ein gong. Frå 1891 til 95 budde ho stort sett i utlandet. Det seiest at det var på grunn av gikta, men eg trur det var psykisk. Det stod så dårleg til med ekteskapet at ho ikkje heldt ut lenger. Suzannah var rasande fordi Ibsen hadde eit forhold til ei ung dame, Hildur Andersen, og alle i byen snakka om det. Eg trur ho reiste i protest.

Sterk kvinne

Sæther meiner Suzannah må ha vore ei sterk kvinne.

– Suzannah Ibsen hadde sterke meiningar og eit dramatisk temperament. Ho stod opp imot Henrik Ibsen. Konfrontasjonen mellom dei to på meiningsplanet har vore med på å skjerpe Ibsens medvit og interesse for sterke kvinner.

Då Ibsen skreiv “Et dukkehjem”, skal det ha vore Suzannah som insisterte på den revolusjonære sluttscena. Dei diskuterte i vekevis, ofte i ei oppheta stemning. Til sist skal Suzannah ha reist seg og forkynt med høg røyst: “Om du ikke lar Nora gå, så går jeg!” Og slik vart det. Nora gjekk.

Emneord: Nordisk litteratur, Litteraturvitenskapelige fag, Språk og kultur Av Johanne Landsverk
Publisert 1. feb. 2012 11:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere