Koma, kylne, kødd og 25000 andre k-ord

Eit halvt hundre år etter riksmålsordboka er nynorskfolket i siget. Dei får no ei av dei mest moderne digitale ordbøkene i verda. Sjette bandet er nettopp ferdig. Det inneheld alle tenkjelege og nær sagt utenkjelege ord på k frå både nynorsk og alle dialektar i landet.

SPRÅKUTVIKLING: Kødd er eit ord som etter kvart har fått fleire tydingar. Teikning: Ingrid Reime ©

For den som står utanfor, kan prosjektet verke uoverkomeleg. Og kanskje også drepande einsformig. Dei 28 språkekspertane ved Universitetet i Oslo som skriv Norsk Ordbok, med tidsfrist til grunnlovsjubileet i 2014, ser det ikkje slik.

– Arbeidet er språkvitskapleg utfordrande og gjev dessutan høve til å gjere interessante djupdykk også i norsk kultur og historie. Kvart ord er eit kikhol inn i det verkelege livet, seier prosjektleiar Kristin Bakken. Når orda skal dokumenterast, vert det kartlagt både når og kvar ordet er brukt første gong, opphavet til ordet, dialektvariasjonane det har, og ulike tydingar og bruksmåtar.

For den som står utanfor, kan prosjektet verke uoverkomeleg. Og kanskje også drepande einsformig. Dei 28 språkekspertane ved Universitetet i Oslo som skriv Norsk Ordbok, med tidsfrist til grunnlovsjubileet i 2014, ser det ikkje slik.

SPENNANDE ARBEID: – Kvart ord i språket er som eit kikhol inn i det verkelege livet, seier prosjektleiar for Norsk Ordbok 2014, Kristin Bakken. Foto: Ola Sæther

– Arbeidet er språkvitskapleg utfordrande og gjev dessutan høve til å gjere interessante djupdykk også i norsk kultur og historie. Kvart ord er eit kikhol inn i det verkelege livet, seier prosjektleiar Kristin Bakken. Når orda skal dokumenterast, vert det kartlagt både når og kvar ordet er brukt første gong, opphavet til ordet, dialektvariasjonane det har, og ulike tydingar og bruksmåtar.

300 000 oppslagsord

No er band seks av ordboka ferdig. Når heile verket er sluttført, vil det vere på 12 band med plass til omkring 300 000 oppslagsord i alt.

– Samla har vi 548 000 ulike ord i arkivet, så vi må prioritere hardt og avgrense mykje. Sidan dialektane er så rike, vil svært mange ord som også kan reknast som bokmålsord, bli tekne med. Men eit utprega skriftleg bokmålsord som hvorledes fell utanfor. Det same gjer samansette ord der tydinga seier seg sjølv, til dømes krisemaksimeringsline, fortel Bakken.

Arbeidet tok til for heile 75 år sidan, rundt 1930, som eit svar på arbeidet med Norsk Riksmålsordbok. Meir enn 700 frivillige har opp gjennom tidene sendt inn opplysningar om ordbruk, ordformer og ordtydingar frå dialektane sine. Framleis får redaktørane inn omkring 15 000 slike referansar per år frå språkinteresserte.

– I dag inneheld dette arkivet 3,2 millionar nedteikningar, og det er ei viktig kjelde til ordboka. Men arkivet er noko ”baktungt”, då dei den første tida ofte leitte etter det sjeldne i språket. I 2002 begynte vi difor å byggje opp eit elektronisk arkiv, eit tekstkorpus, som no har over 30 millionar ordformer som viser korleis ulike ord er brukte. Her har vi teke med forfattarskapen til sentrale nynorskdiktarar som Fløgstad, Hoem, Vesaas, Duun og mange andre. Dei enkelte orda er registrerte med både setninga dei står i, og heile avsnittet, seier Kristin Bakken. Mange eldre tekstar som ikkje fanst elektronisk, er skanna inn.

Stortingsvedtak

Medan riksmålsordbokas fire bind blei ferdige i perioden 1937 til 1957, kom ikkje første band av Norsk Ordbok ut før i 1966. I tida etter gjekk det også trått, med band to i 1978 og tredje bandet i 1994. Med den farten ville dei ikkje bli ferdige før i 2060!

I 2001 vedtok Stortinget at dei ville ha arbeidet klart til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Staben vart auka frå 8–9 personer til 28, og Stortinget løyver årleg vel 12 millionar kroner til prosjektet, medan universitetet held fire årsverk, driftsmidlar og lokale.

Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo har utvikla eit unikt og avansert dataverktøy som syter for å effektivisere arbeidet. Programmet gjer det enkelt å halde styr på tilvisingar til andre ord, forenklar korrekturen og kan enkelt konvertere manus til ferdig sats, slik at ein ser kor mange linjer teksten fyller.

– For å bli ferdige må vi produsere omkring 530 sider per år. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men når enkelte ord kan ha fleire tusen referansar, som vi skal gå gjennom og systematisere for å dokumentere dei ulike tydingane, blir det eit komplisert og omfattande arbeid, seier Kristin Bakken. Grunnlagsmaterialet avgjer kor mange linjer kvart ord skal få, og dersom nokon skriv for langt, må dei anten kutte i teksten eller skrive kortare om eit anna ord.

Koma, kylne og kødd

– Vi legg stor vekt på å få med både gamle dialektord og nyare ord som ungdommen bruker. Men viss orda er brukte i hermeteikn, er det ikkje alltid vi tek dei med. Det indikerer at dei ikkje er skikkeleg innarbeidde i språket, presiserer Bakken.

Arbeidet med dokumentasjonen kan vere veldig forskjellig.

– Det mest omfattande ordet i dette k-bandet er verbet koma, som går over heile 10 sider i ordboka. Ordet er lingvistisk interessant, med mange kombinasjonsløysingar og tydingar, og det er eit svært omfattande og komplisert ord å dokumentere. Dialektord kan ofte by på store utfordringar, men er også gjerne kulturhistorisk interessante å arbeide med. Eit ord som kylne, eller kjone som dei seier i Telemark, der eg kjem frå, tyder eit hus til å tørke malt, korn eller lin i. Det kan sporast tilbake til det norrøne kylna, som tyder ’tørkehus’ eller ’badstove’, og vidare tilbake til det latinske culina, som betyr ’kjøkken’, og som vi også finn igjen i ordet kulinarisk.

Ordboka viser korleis språket er vove saman, og korleis orda har utvikla seg og skift meining over tid. Kødd betyr frå gammalt av testikkel eller pung, men er etter kvart også blitt vanleg som nemning på ein usympatisk person (din kødd!) eller tull og tøys (bare kødd). På Lurøy er ordet også registrert brukt for å omtale ein velståande mann som har arbeidt seg fram i livet…

Seint ute

Noreg er ikkje noko pionerland når det gjeld å dokumentere språket, tvert imot. Alle dei store språka i Europa er for lengst dokumenterte. Svenskane og danskane har også sine ordbøker, og eit lite land som Litauen har nettopp sluttført sitt prosjekt.

– Til gjengjeld dreg vi store fordelar av teknologiutviklinga, og får ei unik ordbok der også kjeldene er digitale og søkbare. Det er det mange som misunner oss, seier Kristin Bakken.

Ho trur bokverket, etter kvart som det blir ferdig, vil bli brukt av mange, ikkje berre språkforskarar og lærarar, men også vanleg språkinteresserte. Det er Det Norske Samlaget som har forlagsrettane i dag, men Kristin Bakken reknar med at dei kjem fram til ein avtale slik at databasen om eit års tid vil vere tilgjengeleg på internett. Då vil også dei fire første banda vere ferdig digitaliserte.

Norsk ordbok 2014

• Norsk Ordbok skal dokumentere det nynorske språket og alle norske dialektar.
• Ordboka skal bli ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Verket vil vere på i alt 12 band og skal innehalde omkring 300 000 oppslagsord.
• Band seks er ferdig i desse dagar. Det er på 802 sider og handlar om ord på bokstaven k.

Emneord: Allmenn språkvitenskap og fonetikk, Anvendt lingvistikk, språkvitenskap, Språkvitenskapelige fag, Språk og kultur Av Harald Aas
Publisert 1. feb. 2012 11:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere