Spyflugefangst redder lutefisken

Spyflugelarvane et seg inn i tørrfisken og gjer så stor skade at tørrfisknæringa kan tape 20 millionar i året. No går næringa til kamp mot fienden. Anders Aak har utvikla ei uimotståeleg lukt som lokkar flugene i feller.

EGGLEGGING: Spyflugene oppsøkjer daud fisk for å leggje egg. Klimaendringane kan føre til at problemet aukar. Foto: Anders Aak.

Den raudkinna spyfluga, som også vert kalla makkfluge, oppsøkjer daude fiskekadaver for å leggje egg. Egga utviklar seg raskt til larvar, som gjer stor skade. Spyflugelarvane kostar tørrfiskprodusentane fem millionar kroner i året.

– I år med mykje fluger kan tapet vere så stort som 20 millionar kroner, fortel stipendiat Anders Aak ved Universitetet i Oslo og avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet.

I Noreg vert tørrfisk brukt til lutefisk. I Italia og nokre andre land er tørrfisk eit luksusprodukt. Italienarane legg fisken i vatn i sju til ti dagar og et han som ferskfisk. Eksporten av dette luksusproduktet er derfor ekstremt viktig for tørrfiskprodusentane.

FARE VED MILDVER: Lofoten er ein av dei få stadene i verda der tørrfisken kan hengje ubehandla. Viss det blir varmare dei to til tre første vekene etter at fisken er hengd opp, er det fare på ferde. Foto: Anders Aak

Tørrfiskprodusentane tok sjølve kontakt med Folkehelseinstituttet og lurte på om det var mogleg å gjere noko med flugeproblemet. No leier Aak eit fireårig forskingsprosjekt, som også er ein del av doktorgraden hans ved UiO. Dei fleste tørrfiskprodusentane i Lofoten og Værøy deltek i prosjektet.

Øydelegg luksusmat

Produksjonen av tørrfisk startar når lofotskreien kjem inn for å gyte i februar-mars. Fisken vert teken rett opp or hav-et og hengt utandørs fram til mai.

– Lofoten er ein av svært få stader i verda der ein kan hengje ubehandla, rund fisk til tørk for å produsere luksusmat. Her tørkar fisken seint på grunn av den låge temperaturen på fem til ti grader, seier Aak.

Viss det derimot blir varmare dei to-tre første vekene etter at fisken er hengt opp, er det fare på ferde.

– Nokre få milde dagar kan vere nok. Med ein gong det blir varmt, er spyflugene ute. Då kan skadane bli store. Men held det seg rufsete og kaldt, blir ikkje fluger noko stort problem.

– Kva om det blir klimaendringar med høgare temperatur?

– Då kan problemet auke. Men om det framleis blir periodar med regn og vind, kan fisken få god tørk sjølv om temperaturen aukar litt.

FLUGEFELLER: Nedst ser vi to felletypar som er brukte i prosjektet: limfeller og rusefeller. Foto: Anders Aak

Flugefeller

Aak konstaterer at det i dag er unaturleg tett med fluger på hjellområda.

– Blir det mykje skade eit år, vert det også avla mange spyfluger. Difor skaper tørrfiskprodusentane sitt eige problem.

– Var fluger eit mindre problem tidlegare?

– Også i tidlegare år vart produksjonen øydelagt. I makkflugeprotokollen frå 1919 skreiv Tron Soot-Ryen, dåverande konservator ved Tromsø museum: “i 1883 var der et stort makk-aar; al fisk i Finnmarken blev opspist.” På 1960-talet prøvde Lauritz Sømme å løyse flugeproblemet ved å dyppe fisken i insektmiddel. Men ein måtte bruke små mengder med gift for å unngå restmengder av pestisid i fisken. Metoden var difor ikkje til stor hjelp.

Både Soot-Ryen og Sømme var inne på at det kunne vere ei løysing å fange flugene. Men det er først no – i det nye prosjektet – at flugefangst blir prøvd ut i stor skala.

– Vi set opp gule limfeller på hjellområdet, for å fange fluger under sjølve produksjonen om våren. I tillegg set vi opp rusefeller med luktstoff som lokkar flugene i fella. Desse heng oppe heile året. Tanken er at om vi fangar fluger heile sommaren, vil det truleg bli færre fluger som overvintrar til neste år. Vi har også kontrollområde utan feller. Første året var det ingen forskjell på område med og utan feller. Men eg håpar at vi det fjerde året kan måle ein effekt av arbeidet.

GJER EI FLUGE FORTRED: Stipendiat Anders Aak leiter etter eit attraktivt luktestoff for å fange flest mogleg spyfluger. Foto: Ola Sæther

Attraktive luktstoff

For å lure fleire fluger inn i rusefellene, forskar Aak på kva luktstoff som er mest attraktive. I samarbeid med Bioforsk på Ås driv han forsking med elektrofysiologiutstyr og testing av fluger i vindtunnel. Flugene har svært god luktesans.

– Flugene luktar med antennene, og flyg mot vinden når dei skal finne fram til kadaveret. Ved å kople elektrodar til insektantennene, kan eg måle korleis ulike kjemikal gjev respons hjå flugene. Deretter testar eg ut desse kjemikala. I ein vindtunnel av glas blir flugene plasserte i ein luftstraum som inneheld eit smalt luktspor. Slik kan eg studere åtferdsmønsteret til flugene når dei blir utsette for ulike luktstoff. No har eg funne fram til ein ny miks som er sett saman av tre ulike kjemiske stoff, og som verkar like tiltrekkjande på flugene som halvroten lever. Resultata frå laboratoriet blir prøvde ut direkte i feltet. No har eg fem feller på hjellområdet, med gammal og ny miks, og eg har fått svært gode resultat. Den nye miksen lokkar dobbelt så mange fluger i fellene.

For å lykkast med å redusere flugebestanden, må forskarane også finne ut meir om livssyklusen under forholda i Lofoten.

– Når larvane er ferdig utvikla, slepper dei seg ut av fisken og kryp vekk, før dei forpuppar seg og blir til vaksne fluger. Dei flugene som gjer skade på fisken, er fluger som overvintrar som vaksne. Vi veit enno for lite om overvintringsstrategi og talet på generasjonar av spyfluger per år, seier Aak, som har stor tru på forskingsprosjektet.

– Om eg lukkast med prosjektet, kan eg nesten rekne ut kva tørrfiskprodusentane vil spare. Dette kan få store konsekvensar for produsentane og for lokalsamfunna i Lofoten.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Økonomi, Bedriftsøkonomisk analyse, Matematikk og naturvitenskap, Zoologiske og botaniske fag Av Johanne Landsverk
Publisert 1. feb. 2012 11:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere