Moderniserte namn - ikkje fint nok

Dei fleste norske etternamna er gardsnamn. Namneforskarar lurer no på kor sterkt etternamnet knyter oss til garden, og om identiteten blir svekka viss gardsnamnet får ei moderne språkdrakt.

LOKALE STADNAMN: Botolv Helleland (frå garden Helland i Ullensvang) brukar kartblad i arbeidet med å samla inn lokale stadnamn. Her viser han fram eit kart frå Jondal i Hordaland. Kartet har med vel tusen namn, kvart av dei er merkte med eit tal. Foto: Ståle Skogstad

I dag finst det langt meir forsking på fornamn enn på etternamn. Om etternamn kjenner ein berre til kor mange som finst, om dei forskjellige typane me har og den geografiske fordelinga av bruken. Det er også forska ein del på framvoksteren av etternamn, og det er skrive eit leksikon med forklaring på dei etternamna som blir brukte av minst tjue personar.

Derimot har forskarane nesten ingen kjennskap til kva slags rolle etternamna har som tankefenomen. Ei forskargruppe ved Seksjon for namnegransking på Universitetet i Oslo er no i full gang med å undersøkja nettopp dette. Dei skal leggja fram resultata på ein internasjonal konferanse i Oslo i slutten av november.

– Det finst neppe noko anna europeisk folk som har så mange stadnamn til etternamn som nordmenn. Namn er grunnleggjande for identiteten til kvar enkelt av oss. Hypotesen vår er at nordmenn ikkje berre er spesielt knytte til etternamnet, men også til den staden etternamnet kjem frå, fortel førsteamanuensis Botolv Helleland ved Seksjon for namnegransking.

Mange gardsnamn

Av norske etternamn er 70 prosent gardsnamn, slike som Bondevik , Dale og Ellingsrud . 26 prosent av etternamna er patronym , det vil seia sen-namn som Hansen og Larsen . Dei resterande fire prosenta er etternamn med utanlandsk opphav, som Schmidt , Vogt og Wikstrøm .

Mange nordmenn bur framleis på eller i nærleiken av garden med same namn som dei sjølve. Andre har flytta frå garden for fleire generasjonar sidan.

– Sjølv i dei store byane finst det framleis eit rikt utval av norske gardsnamn som etternamn. Dette gir ein tryggleik til folk, ei kjensle av å vera på talefot med andre nordmenn og med det norske språket – og namnelandskapet, peikar Helleland på.

Noreg står i så måte i ei særstilling. Namneskikken med gardsnamn er langt mindre vanleg i Danmark og Sverige. I Danmark er det vanlegare med sennamn og handverkarnamn som Møller , medan Sverige skil seg ut med soldatnamn som Storm og konstruerte namn som Almgren og Winquist .

Patronym

Patronym (farsnamn) var vanlege hos husmenn. Før i tida blei desse namna ikkje oppfatta som vanlege etternamn. Namna endra seg frå generasjon til generasjon. Viss Lars hadde sonen Torbjørn og dottera Kari, vart dei omtalte som Torbjørn Larsson og Kari Larsdotter. Stadnamnet fungerte som adresse. Flytta Torbjørn frå Vik til Berg, endra han namnet frå Torbjørn Larsson Vik til Torbjørn Larsson Berg. I daglegtale kunne han verta kalla Larsa- Tobben eller Torbjørn på Berg.

Den første namnelova kom i 1923, men då var det allereie blitt vanleg med faste etternamn. Utover attenhundretalet stivna namneskikken i dei to hovudmønstra – gardsnamn og sen-namn, slik at Torbjørn blei heitande Torbjørn Vik eller Torbjørn Larsen, uansett kvar han flytta til.

Sjølv om husmenn kunne ta plassnamnet som fast etternamn, valde dei fleste å halda på sen-namnet.

I byane og i dei høgare sosiale laga var det vanleg med etternamn allereie på sekstenhundretalet. Dei som sette i gang moten med faste etternamn, var gjerne innflyttarar frå Danmark og Tyskland.

Dei tilflytta prestane og embetsmennene på bygda hadde også etternamn.

– Akkurat som alt det andre borgarskapen hadde, blei etternamn oppfatta som fint.

‘Fine’ etternamn

– Nokre gardsnamn var gjævare enn andre, men no tenkjer ein ikkje lenger på om namnet kjem frå ein storgard eller husmannsplass.

I dag har ‘fine’ bokstavar i namnet langt meir å seia enn statusen til garden.

– Framande bokstavar som c , q og x og dobbel a kan vega opp for husmannskjensla. Braathen vert oppfatta som finare enn Bråtan , sjølv om båe formene kjem frå ordet bråte, som tyder rydning – altså ein stad med låg status.

Og Wiig og Dahl blir oppfatta som finare enn Vik og Dal. Dei bokstavrike skrivemåtane har bakgrunn i den gamle dansk-tyske skriveskikken.

– Det var ofte tilfeldig korleis namnet vart skrive før i tida. Men allereie tidleg på attenhundretalet byrja styresmaktene å normera stadnamn. Etternamn er meir konservative i stavemåten enn gardsnamn. I dag har gardsnamna stort sett ein moderne skrivemåte. Mange opplever dette som identitetskonflikt til sitt eige namn. Ingvil Nordland er i gang med ei masteroppgåve om denne konflikten med bakgrunn i klager på normering av stadnamn.

Sjølv om mange har etternamn av gardsnamn, veit dei knapt kvar staden ligg.

– Spørsmålet er om dei likevel har ein identitet knytt til staden, spør Solveig Wikstrøm , som no tar mastergraden på kva namna har å seia for Oslofolk.

Hypotesen hennar er at urbane namneberarar ynskjer å knyta seg til røtene gjennom den tradisjonen namna kan gi.

Namnlause stader

Forskarane studerer også kva stadnamn har å seia for forholdet vårt til landskapet.

Kvar gard kunne ha opptil femti til hundre lokale stadnamn innanfor området sitt. På det meste har det vore fire til fem millionar stader med eigne namn i Noreg. Før vegnamna kom var desse lokale stadnamna viktige som geografiske markørar.

– Ei stor mengd stadnamn har forsvunne fordi det ikkje er bruk for dei lenger. Me mister namn på omgivnadene våre. Når smånamn er borte, er også tankane borte, meiner Botolv Helleland.

– Stadnamna er dei knaggane som representerer landskapsidentiteten vår. Namna er også mentale inngangar til dei stadene me kjenner. Dei er vesentlege for å knyta medvitet til den staden ein tenkjer på eller snakkar om. Me vil undersøkja kva rolle stadnamn spelar for å kjenna oss heime i landskapet. Når ein er fortruleg med stadnamna, nærmar ein seg landskapet på ein annan måte. Spørsmålet er om ein kan kjenna den same identiteten til eit landskap utan namn, spør Helleland.

Han peikar på at stadnamna står som språkmonument over fortida.

– Me meiner at namn gir individualitet til landskap og at namn peikar ut enkelte delar av landskapet. Når ein har namn på ein lokalitet, er det lettare å kontrollera og sansa staden, poengterer namneforskaren.

Emneord: Kulturvitenskap, Nordisk kulturvitenskap, Språk og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800), Nyere tids historie (før 1800) Av Yngve Vogt
Publisert 1. feb. 2012 11:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere