Ordbøker på morsmålet: Gir sjølvrespekt og lærelyst

– Å bruka dei gamle kolonispråka i undervisninga representerer eit enormt hinder for den intellektuelle utviklinga i Afrika, seier Herbert Chimhundu. Han står bak den fyrste ordboka på shona, morsmålet til nesten åtti prosent av befolkninga i Zimbabwe.

STATUS: – Vi ser at standardiseringa av morsmåla gjennom ordboksarbeidet har gitt språka auka status og at dei blir nytta i stadig nye samanhengar, seier Oddrun Grønvik, Herbert Chimhundu og Christian-Emil Ore. (Foto: Ola Sæther)

Heilt i byrjinga på nittitalet reiste språkforskaren Herbert Chimhundu til Universitetet i Oslo for å be om hjelp og støtte til å laga ei definisjonsordbok for shona, språket til det store fleirtalet i Zimbabwe.

– Etter å ha undervist nokre år såg eg klårt kor nært språk er knytt til eigenutvikling og tru på seg sjølv; kor forløysande det verkar å møte teoretisk kunnskap og problemstillingar på morsmålet. Behovet for undervisningsmateriell på morsmåla var skrikande. I arbeidet med å lage læremiddel trong vi ordbøker.

Enorm interesse

Forskaren frå Universitetet i Zimbabwe blei bønhøyrd – og meire til: Vitjinga markerte starten på eit 15 år langt samarbeidsprosjekt i afrikansk leksikografi, det såkalla African Languages Lexical Project, forkorta til ALLEX. Etter fire år var den fyrste ordboka på shona eit faktum. Den fyrste ordboka på ndebele, morsmålet til om lag femten prosent av befolkninga, blei lansert fire år seinare, medan ei utvida shona-ordbok kom ut i 2001.

– Ordbøkene blei møtte med enorm interesse og begeistring i heimlandet mitt, fortel Chimhundu, som har vore koordinator for prosjektet ved Universitetet i Zimbabwe.

Også Noreg ein koloni

– Mange har undra seg over korleis norske forskarar skulle kunne bidra til ei slik oppgåve. At vi sjølv har vore ein koloni og reist eit språk frå grunnen, har gjort oss til ein god samarbeidspartner, trur Oddrun Grønvik, som har vore fagleg koordinator for prosjektet. Ho er språkforskar ved UiO og har arbeidet sitt ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.

Forskarar frå universiteta i Oslo og Gøteborg har vore med på å driva prosjektet og sytt for utstyr og opplæring i databasert leksikografisk teori og praksis.

– Grunnideen for heile prosjektet er at morsmålslingvistane sjølv må skrive ned og definere orda, seier Grønvik.
For å redigere morsmålsordbøker må ein ha tekst som syner språket i bruk. Difor er eit stort munnleg materiale samla inn.

–Ekstremt viktig dokumentasjon

– Arbeidet har vore ganske enormt. Studentar fekk ei rask opplæring i språkleg feltarbeid og vitja så folk i heimane deira, på arbeidsplassane og andre møteplassar. Dei tok opp samtalar med informantane på band. Det munnlege materialet er transkribert og lagt inn i databasar. Det er blitt ei omfattande samling tekstar av ulike slag, og med stor spreiing på emne, held Chimhundu fram.

No kan ordbøker og mange andre slags produkt hentast ut av desse ’bankane’.

– Det munnlege materialet er svært stort, også i internasjonal samanhang. 1500 timer tale, fordelt på to korpus, er digitalisert. Det fins ein kopi her på UiO. Dette er ekstremt viktig dokumentasjon av shona, seier Christian-Emil Ore, fagleg leiar ved Eining for digital dokumentasjon på Institutt for nordiske og lingvistiske studiar, UiO.

Oppdagar nytt om språka

Når ordbøker blir redigerte inn i databasar, må ein avgjere på førehand kva slags opplysningar ein vil ha med, og korleis dei skal vere ordna innbyrdes – det vil seie kategoriar og kategoriorganisering.

– Når ein så handsamar eit tilfang heilt systematisk, oppdagar ein også lettare om det ein har trudd om til dømes språka shona og ndebele, er riktig. Dermed blir den materialbaserte ordboksproduksjonen forsking, og det er nettopp dét universiteta skal vere flinke til, påpeikar Ore.

Resultatet av prosjektet er to tekstkorpus og nokre andre språkverktøy, ti ordbøker, mellom anna ein folkemusikkterminologi på både shona og ndebele. Seks doktorgradsstipendiatar har vore knytte til prosjektet, og har tatt emne og råmateriale frå ALLEX-samlingane.

Auka status til morsmåla

Chimhundu peikar på at eliten i landet brukar det engelske språket som eit middel til å halda på makta. Mykje prestisje og status er knytt til engelsk. Morsmålet har aldri vore eit prioritert felt hos dei som styrer landet.

– Men vi ser no at standardiseringa av shona og ndebele gjennom ordboksarbeidet har gitt språka auka status og at dei blir nytta i stadig nye samanhengar.

Ordbøkene fungerer som handbøker for lærarane i skulen. Dei inneheld grammatikk og forklaring av lydsystemet. Det er no utvikla undervisningsmateriell på alle nivå i morsmålsopplæringa.

– I løpet av femten år fullførde vi det meste av det vi hadde sett oss føre. Reaksjonane på prosjektet var så positive at vi blei inspirerte til å halde fram med arbeidet, seier Oddrun Grønvik, som i 2006 blei utnemnd til årets æresdoktor ved
Universitetet i Zimbabwe.

Grenselause språk

Modellen er no utvida til eit større område. Målet er å samle språk som kolonitidas grenser skilde. To språk krysser grensa mellom Zimbabwe og Mosambik, det tredje ligg i møtepunktet mellom desse to landa og Sør-Afrika.

– Med dei tre språka shona, changana og sena dekkjer vi nokre av språka som kryssar grensene i regionen. I Mosambik har styresmaktene no kome i gang med morsmålsarbeidet, og 16 språk har offisiell status, fortel Ore. Han er fagleg koordinator for nettverksprosjektet Cross Border Language Harmonization (CROBOL) mellom universiteta i Maputo, Harare og Oslo.

– Det nye prosjektet femner vidare enn ALLEX gjorde. Vi kan oppnå meir fordi både språkbrukarar, forskarar og styresmakter forstår måla for arbeidet og tykkjer at språk er viktig.

Ore fortel at CROBOL-prosjektet er blitt svært godt motteke i Mosambik.

– Assimileringspolitikken i kolonitida hadde som mål å omdanne folk til portugisiske borgarar. No ser ein at det er naudsynt at det blir lagd lærebøker og undervisningsopplegg for alle dei 16 språka i skulen Og stadig fleire våger å vere det dei er; dei vil stå ved språka sine og kulturen sin. Arbeidet med å kartleggje språka og løfte dei opp til standardspråk er ynskt. Då er det òg lettare til dømes å bli samd om uavklåra spørsmål, som skriftsystem og rettskriving.

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag Av Trine Nickelsen
Publisert 1. feb. 2012 11:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere