Tenåringar tek kontroll over tennene

Ingen tenåringar endrar åtferd fordi andre masar om det. Dette har forskarar ved Det odontologiske fakultetet teke konsekvensen av. I eit nytt forskingsprosjekt skal dei unge sjølve motiverast til å ta kontrollen over si eiga tannhelse.

GÅR IKKJE TIL TANNLEGEN: Dei siste åra har det vore eit aukande problem at tenåringar ikkje har møtt fram til tannbehandling. Ofte er det smertefulle opplevingar hos tannlegen då dei var små som gjer at dei unge ikkje møter. (Foto: Ola Sæther)

– Dei siste åra har det vore eit aukande problem at ungdomar ikkje har møtt fram til tannbehandling. Ofte er det smertefulle opplevingar hos tannlegen då dei var små som gjer at dei unge ikkje møter til tannlegetimen, seier Erik Skaret, professor ved Det odontologiske fakultetet, Avdeling for pedodonti og åtferdsfag.

Tidlegare har Skaret forska på behandling av fobiar.

– Her ved barneavdelinga vil eg nytte kunnskapen min til å forske på førebygjande tiltak, slik at færre barn skal utvikle fobiar og tannsjukdom, seier han.

I samarbeid med professor Ivar Espelid jobbar Skaret med fleire prosjekt som fokuserer på endring av helseåtferd hos barn, ungdom og foreldre. Prosjekta byggjer på kjende teoriar for endring av åtferd og metodar som er baserte på Motivational interviewing (MI).

– MI er ein samtaleteknikk som har vore lite brukt i tannhelsetenesta. Men det er gjort viktig utviklingsarbeid med bruk av MI i Noreg, blant anna med avvenning frå alkoholisme, fortel Skaret.

Må ta eigne val

I eitt av prosjekta tek forskarane i bruk nettbaserte instrument. Ei ny nettside er under utvikling, der målet er å oppnå åtferdsendring hos ungdom som har problem med å gå til tannlegen.

– Det vi veit, er at ingen unge endrar åtferd før dei sjølve finn ut at det kanskje er lurt. Ideen med nettsida er at ungdomane skal lage sin eigen profil, og så krysse av på ein skala frå 1 til 10. Spørsmåla kan vere: ”Kor viktig er det for deg å behandle tennene dine?” eller ”Kor sterk tru har du på å få dette til?”

– Heilt grunnlegjande i Motivational interviewing er at pasientane skal kunne velje blant fleire alternativ. På denne måten får dei i større grad kjensla av kontroll og medansvar. Vi vil at ungdomane sjølve skal begynne å tenkje – og velje ut frå eigne erfaringar, forklarer professoren.

Vil måle erfaringar

No har ungdomar i alderen 12–18 år frå fire tannklinikkar i Akershus fått invitasjon til å delta i prosjektet. Dei svarar anonymt på Internett, og ideen er at profilane skal kunne skrivast ut og leverast til tannlegen.

– Kor stor svarprosent reknar de med å få?

– Vi veit ikkje, men vi vil sjå kven og kor mange som går inn og lagar ein profil. Og vi vil finne ut kva for alternativ dei vel når dei blir spurde om tidlegare erfaringar, fordelar og ulemper med å gå til tannlegen og kva dei synest om vidare behandling. Vi ønskjer også å måle angst, og kva dei unge meiner nettsida kan bety for dei som har problem med å gå til tannlegen.

Skaret

LAGAR EIGEN PROFIL: – Ei ny nettside skal hjelpe tenåringar i veg til tannlegen, fortel Erik Skaret. (Foto: Ola Sæther)

Skal teste ut nettside

No skal ein masterstudent ved Høgskolen i Akershus teste ut ei pilotutgåve av nettsida.

– Svara frå ungdomane skal gje grunnlag for ei masteroppgåve i helsekommunikasjon. Etter kvart som data frå pilotstudien kjem inn, skal nettstaden utviklast vidare til nye versjonar. Eg har tru på at dette kan bli eit godt forskingsverktøy til bruk i den offentlege tannhelsetenesta, med tanke på å få fleire barn og unge til å møte opp hos tannlegen.

I arbeidet med å vidareutvikle og teste måleinstrumenta samarbeider Skaret også med forskarar i USA. Data er samla inn frå ungdommar i Seattle og blant norske rekruttar.

– Nettstaden skal etter kvart vidareutviklast til bruk for ulike aldersgrupper og ulike helseproblem. Eitt av dei neste prosjekta vil bli å teste ut nettsida på ungdom med diabetes, fortel forskaren.

Sterk frykt gjev fobi

I mange år var Erik Skaret leiar for Senter for odontofobi ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Der var han med på to kliniske behandlingsstudiar, éin studie av odontofobi og éin av sprøytefobi.

– Pasientar med odontofobi har så sterk frykt for tannbehandling at dei ikkje greier å gå til tannlege. Det er funksjonelt å bli redd, også når du er hos tannlegen. Men om du er så redd at du gjer alt for å unngå å gå dit, og dette påverkar dagleglivet ditt, kan det vere at du fyller kriteria for ein fobi. Vi trur at om lag 2¬5 prosent av den vaksne, norske befolkninga lid av odontofobi. Fobi kan behandlast, men det er vanskeleg å komme i kontakt med desse pasientane. For dette er personar som ikkje lenger går til tannlegen. Dei møter ikkje opp.

Jenter mest ærlege

Ofte har desse pasientane opplevd tap av kontroll når dei i barndommen har vorte utsette for smerte.

– Difor er det viktig at små barn får tilvenning og god bedøving for å unngå smertefulle opplevingar. Tannlegar som blir utdanna i dag, er flinkare til å ta omsyn til barna på dette området, meiner Skaret.

Han fortel at kven som helst kan utvikle angst eller fobiar, og ofte er ein disponert for å utvikle dei.

– Men jenter har meir angst og fobiar enn gutar. Det er ikkje fordi jenter er meir pysete, men fordi dei tør å vere ærlege. Når det gjeld tannhelse, er nok jenter likevel meir opptekne av korleis tennene deira ser ut, seier han.

Jobbar med foreldra

I eit anna prosjekt ved barneavdelinga på fakultetet, ’Søt nok’, skal helsesøstrer bruke motiverande samtale om karies og overvekt i det helsefremjande arbeidet blant småbarnsforeldre.

– I dette prosjektet jobbar vi med å endre åtferd og haldningar hjå foreldra, fortel Skaret.

Han er oppteken av tverrfagleg forsking, i lag med kontaktar i andre delar av helsetenesta.

– Eg nyttar også kontaktnettet mitt i Seattle, Bergen og Göteborg. Målet er å drive meir forsking på førebygjande metodar, for å hindre at ungdom unngår tannbehandling, seier han.

SAMTALETEKNIKK

Motivational interviewing (MI) er ein samtaleteknikk som bygjer på universelle teoretiske prinsipp for endring av åtferd. Samtalen tek utgangspunkt i eigne tankar og oppfatningar hos pasienten, og byggjer på eit menneskesyn om at personen sjølv har ibuande føresetnader for å ta eigne val.

Emneord: Medisinske fag, Klinisk odontologiske fag Av Johanne Landsverk
Publisert 1. feb. 2012 11:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere