print logo

Språkutviklinga blant barn varierer enormt

Eigedomsuttrykk som ’min’, ’din’ og ’mamma sin’ dukkar opp ein månad eller to før alle andre grammatikalske former. Ny og eineståande undersøking viser at språkutviklinga blant norske barn varierer voldsomt.

NY, STOR UNDERSØKING: For første gong har har ein no sikker kunnskap og solide data om den tidlege språkutviklinga til norske barn. (Foto: Yngve Vogt)

Den store barnespråkundersøkinga er i hamn. Aldri har forskarane visst så mykje om utviklinga av ordtilfang, grammatikk og kommunikative gestar hos små barn som dei no gjer.

– For første gong har vi sikker kunnskap og solide data om den tidlege språkutviklinga til norske barn, fortel professor Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO.

Foreldra rapporterer

For nokså nøyaktig eitt år sia sende Statistisk sentralbyrå ut 20 400 invitasjonar til foreldre med barn mellom åtte månader og tre år. Dei blei bedne om å delta i ei nettundersøking om barnets ordtilfang, kommunikative gestar og bruk av grammatikk. Noreg er eitt av 47 land i verda som gjennomfører denne undersøkinga. Kristoffersen er prosjektleiar for den norske delen av prosjektet, saman med professor Hanne Gram Simonsen ved same institutt.

Då innsamlingsperioden var over, hadde det kome inn svar om 7500 barn. Rundt 1000 av desse blei ekskluderte av ulike grunnar, og det endelege materialet for analyse var 6574 barn.

– Funna våre stadfester mykje av det som er kjent om tidleg språkutvikling hos barn som lærer andre språk enn norsk. Men for første gong har vi solid forskingsbasert kunnskap om dette også for norske barn, understrekar Kristoffersen.

Analysane i seg sjølv baud ikkje på dei heilt store overraskingane: Mellom dei første orda barn både forstår og seier sjølve, finn vi ’mamma’, ’pappa’, ’hei’, ’nei’ og ’nam’. Ordforståing kjem før ordproduksjonen, og grammatikken kjem ei stund etter det igjen. Ein god del ord må på plass før grammatikken blir tatt i bruk. Grammatikkutviklinga kjem i gang for dei aller fleste ein gong i alderen mellom halvtanna og to år.

Jentene er først ute

– Ein ting vi faktisk blei litt overraska over, er at eigedomsuttrykk dukkar opp ein månad eller to før alle andre grammatikalske former, fortel Simonsen. ’Min’, ’din’ og ’mamma sin’ blir altså bestemt i det vesle hovudet lenge før verbbøyging eller fleirtal. Ein kan undre seg over kvifor. Truleg speglar det barnets fokus, som igjen speglar dei vaksne sitt.

Undersøkinga stadfester også at det er kjønnsforskjellar i språkutviklinga. Forskjellen er større ved produksjonen av ord enn når det gjeld å forstå, og det er jentene som ligg framom. Dei har også tidlegare meir komplekse språkstrukturar, fleire ord og meir variasjon i grammatikken.

Likevel er det større variasjon innafor kjønna enn på tvers, og det er større variasjon innbyrdes hos gutane enn hos jentene.

– Når jamnar det seg ut?

– Både variasjonen mellom barn generelt og variasjonen mellom kjønna ser ut til å jamne seg ut mot slutten av målinga vår, altså i treårsalderen, fortel Kristoffersen.

kristoffersen og simonsen

INGEN BARN ER LIKE: – Det er ein enorm variasjon i språkutviklinga til barn, konstaterar Kristian Emil Kristoffersen og Hanne Gram Simonsen. (Foto: Ola Sæther)

Medianen for tal ord er på dette alderstrinnet 647 ord når ein slår gutar og jenter saman. Spreiinga er framleis større blant gutane enn hos jentene. Dei seinaste gutane har 174 ord og de seinaste jentene 416 ord. Dette med variasjon er eit sentralt funn og eit viktig poeng. For det er ein enorm variasjon i språkutviklinga til barn. Ein viktig del av ”normaliteten” er nettopp den store variasjonen.

Programmert i hjernen?

Resultata frå undersøkinga vil dei to forskarane bruke til å lage ei norm som mellom anna helsestasjonar kan dra nytte av for å avdekkje språkvanskar hos barn. Dei ønskjer også å tilpasse dette kartleggingsverktøyet så det kan brukast på tospråklege barn.

Dei vil dessutan gå djupare ned i dei data dei allereie har.

– Vi vil blant anna sjå nærare på samanhengen mellom utvikling av ordtilfanget og utvikling i bruk av grammatikk, fortel Simonsen. Det er to ulike hypotesar, eller ”skuleretningar” i dette feltet. Ifølgje universell grammatikk-hypotesen ligg grammatikken programmert i hjernen. Når tida er inne, er det som å trykkje på ein knapp, så er det i gang. Den andre, såkalla kognitiv-lingvistiske hypotesen opererer ikkje med nokon spesifikk stad i hjernen der grammatikken ”held til”, men hevdar at barnet brukar dei generelle, kognitive evnene til å utvikle grammatikk gjennom blant anna generaliseringar over ord dei høyrer og brukar.

– Dei som er tilhengjarar av den første hypotesen, ser ordtilfang og grammatikk som noko veldig forskjellig. Mens vi finn at ordtilfang er sterkt knytt til grammatikken. Altså: stort ordtilfang – gode på grammatikk, fortel Kristoffersen. Dette vil dei utforske nærare.

Praktisk nytte

Forskarane er opptatt av at forskingsresultata deira skal kome til nytte utafor universitetet. Derfor har dei sett i gang formidlingsprosjektet “Hva driver dere med?” i samarbeid med institusjonar i praksisfeltet, som Frambu senter for sjeldne funksjonshemninger og Bredtvet komptetansesenter, og organisasjonar for pårørande til personar med språkvanskar, som Foreldreforeningen for barn med språkvansker. Prosjektet skal formidle korleis språkvitskapleg forsking og utviklingsarbeid kan hjelpe menneske med språkvanskar.

BARNESPRÅKUNDERSØKINGA

• Er den største undersøkinga i sitt slag i verda. Noreg er eitt av 47 land som deltar.

• Mål: skaffe ny kunnkap om språkutvikling hos norske barn mellom 8 og 36 månader.

• Språkmeistringa hos norske barn kan no samanliknast med tilsvarande i resten av verda.

Kartlegginga viser at:

• språkutviklinga hos barn varierer svært mykje

• ordtilfanget hos barn på halvtanna år er rundt 50 ord

• utviklinga av grammatikk startar mellom 1,5- og 2-årsalder

• jenter er generelt tidlegare ute med å produsere språk enn gutar

• det er større variasjon innafor kvart enkelt kjønn enn mellom kjønna

• det er størst variasjon blant gutane

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Anvendt lingvistikk, språkvitenskap Av Sidsel Skotland
Publisert 17. des. 2009 00:00