Unik undersøking: Godt språk gir småbarn venner

Barn etablerer vennskap mykje tidlegare enn før. Godt språk er særleg viktig for å få venner. – Kven i gruppa som har høg sosial status, er ungane medvitne om sjokkerande tidleg, seier Anne Inger Helmen Borge.

NATURLEG VERN: – Å ha ein gjensidig venn fungerer som eit naturleg vern mot psykiske problem, mistrivsel, einsemd og mobbing, seier Anne Inger Helmen Borge.
(Foto: Yngve Vogt)

Ved Psykologisk institutt på Universitetet i Oslo har forskarar gjort noko som ingen har gjort før dei, verken her til lands eller nokon annan plass i verda: Dei har granska utviklinga av vennskap hos hundrevis av småbarn, basert på personlege intervju med smårollingane sjølve.

– Aldri nokon gong eller nokon stad har så mange småbarn blitt intervjua så grundig. Barn er aktive og kompetente informantar og har tilgang til informasjon som dei vaksne ikkje har. Vi sit no med heilt eineståande data om kjenslelivet til dei minste blant oss, seier professor i utviklingspsykologi, Anne Inger Helmen Borge.

2200 barneintervju

Borge har forska på småbarn i over 20 år, og det er ho som leier den omfattande studien Mitt første vennskap, som starta opp i 2006. Forskarane har intervjua 546 barn frå barnehagar på Hadeland, dei var frå to til seks år då studien starta.

– For å sjå på effekten av vennskap over tid og korleis vennskap kan påverka barn si utvikling, har vi intervjua dei same barna kvart år sidan 2006. I tillegg til ungane sjølve er òg førskulelærarar og foreldre informantar i prosjektet gjennom å svara på spørjeskjema, fortel Borge.

Vennkap vert etablert tidleg

Ein har lenge trudd at venner har liten innverknad i tidleg barndom fordi familien er så sentral.

– Nesten alle norske barn går no i barnehage. Mange er berre eitt og to år gamle når dei er i lag med ungar på same alder i mange timar kvar einaste dag. Sosiale relasjonar med søsken og slektningar er noko anna enn dei relasjonane som barn etablerer ut frå eigne val av bestevenn og venner i gruppe. Så fort småbarn kan peika på jamaldrande, selekterer dei og blir sjølve ut- eller vekkvalde, understrekar Borge.

Vennskap er knytt til opplevinga av vennskap hos barna sjølve.

– Når vaksne ser og rapporterer om barn som oppheld seg saman og tilsynelatande ser ut til å ha det fint i lag, trur dei at det er vennskap dei observerer. Slik er det ikkje alltid. Vennskap må avleiast av ein kjenslerelasjon hos barna det gjeld. Det er difor vi spør ungane sjølve, poengterer Borge.

I lag med dei populære

Forskarane skil mellom vennskap, jamaldringsrelasjonar og popularitet.

Ein må ikkje forveksla vennkap med popularitet. Populære barn er barn som har høg sosial status i gruppa. Mange vil vera i lag med ein populær gut eller jente, sjølv om han eller ho ikkje blir oppfatta som ein venn.

For å finna dei populære barna, nytta forskarane den såkalla “busstesten“: Ungane blei viste ein stor, raud buss i papp med fem ledige sete. Barna skulle plassera seg sjølv bak sjåføren, og på dei tomme seta skulle dei plassera bilete av dei barna på avdelinga som dei helst ville ha med på bussturen.

– Smårollingar på to-tre år er fullt klar over kven av barna i gruppa som har høg sosial status og som det difor er gjævast å få med seg. Når vi spør ungane, er det å dela, trøysta og hjelpa kvarandre, altså såkalla prososial åtferd, viktig for om barn blir oppfatta som populære i gruppa, fortel forskaren.

Tre av fire har ein venn

Ein vennskap mellom to barn vert karakterisert av gjensidigheit: Begge partar opplever den andre som ein venn. Relasjonen er sterk og ikkje avhengig av at barna er på same avdeling eller i same barnehage.

Undersøkinga viser at tre av fire barn har éin gjensidig vennskap, 18 prosent har tre eller fleire gjensidige vennskapar. Det skal noko meir til for å bli omtala som bestevenn. Ikkje desto mindre seier 28 prosent at dei har minst éin gjensidig bestevenn, syner resultata. Gutar peikar stort sett ut andre gutar som venn, jenter andre jenter. Bestevenn av motsatt kjønn finn ein nesten ikkje. Til liks med i vaksensamfunnet finst det også i barnehagen ei lita gruppe som utmerkjer seg som særleg ettertrakta: Sju prosent av barna blir nemnde som venn av seks eller fleire barn.

Ungane treng ulike ferdigheiter for å forma vennskap, blant anna evna til å kunna regulera kjensler og hemma impulsar. – Det å ha gode språkferdigheiter, er særleg viktig. Det er ein variabel som ligg bak og trugar i kulissane heile tida. Godt språk, og dermed evna til å kunna gjera seg forstått, verkar førebyggjande på åtferdsproblem.

Empatiske jenter

Undersøkinga viser at alle ungane til ein viss grad har prososial atferd; dei deler, trøystar og hjelper kvarandre. Jentene er meir prososiale enn gutane gjennom heile barndomen, og dei blir meir og meir empatiske med åra i barnehagen. Men ved skulestart minkar omfanget av prososial åtferd, særleg blir det å hjelpa andre svakare. I barnehagen blir jentene av andre jenter oppfatta som spesielt flinke til å trøysta. Men dette forsvinn når dei byrjar på skulen.

– Blant to-tre år gamle jenter fann vi at fem prosent hadde symptom på tungsinn, angst og frykt. For desse kan det innebera ein risiko å ‘masa’ om å vera positive. Vi ser nemleg at dei engstelege jentene handterer dette dårlegare og blir endå meir engstelege av å vera hjelpsame og snille, konstaterer forskaren.

Undersøkinga viser at sosialt sjenerte barn har noko dårlegare språk og færre venner og er noko mindre populære enn andre ungar. Dei er òg litt seinare med å setja seg inn i andre barn sine tankar og kjensler.

– Dei blir mindre sjenerte med aukande alder. Språk er spesielt viktig for at sjenerte skal få bestevenner. Når dei etter kvart utviklar språket sitt, kjem vennene.

VERDAS STØRSTE UNDERSØKING OM SMÅBARNS VENNSKAP

• Tittel: "Mitt første vennskap." Undersøkjer vennskap blant barn frå to års alder og korleis vennskapane utviklar seg gjennom barnehagetid og inn i skulealder.

• Leiar er Anne Inger Helmen Borge ved Psykologisk institutt. UiO-forskarane samarbeider med universitet i Canada, Sveits og Australia.

• Studien omfattar 546 barn frå 33 barnehagar og 13 barneskular 46 ulike plassar på Hadeland.

• Forskarane har gjennomført eit 25 minuttars personleg, strukturert intervju med kvart einskilt barn fire gonger med eitt års mellomrom frå 2006 til og med 2009.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Psykologi, Utviklingspsykologi Av Trine Nickelsen
Publisert 1. feb. 2012 11:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere