Realistane vann forskingsuniversitetet – men tapte skulen

På sekstitalet sette realistane forskingsverksemda over alle andre omsyn, og sende dei fagleg svakaste kandidatane ut i skulen. – Slik bidrog Universitetet i Oslo sjølv til å svekkja realfaga i samfunnet, seier Fredrik W. Thue.

MATEMATIKARANE sitt hus på heile tolv etasjar vert reist på Blindern i 1966; eit iaugefallande symbol på eit breiare mønster av systematisk ulikskap mellom universitetet sine to vitskapskulturar, humaniora og naturvitskap. (Foto: Universitetshistorisk fotobase)

Frå omkring 1960 opplevde Universitetet i Oslo ein vekst som ingen før hadde sett maken til på denne institusjonen.

Studentane skylde inn som ei flodbølgje: Dei rekordhøge ungdomskulla frå den fyrste etterkrigstidas babyboom søkte no til universitetet for å realisera seg sjølve.

– Omveltinga er dramatisk: På knappe femten år blir studenttalet firedobla, lærarstaben nesten tredobla og institutta omdanna frå små arbeidsceller til komplekse organisasjonar. Drivkrafta var ikkje universitetet sjølv, men samfunnet, som i ein heilt annan grad enn før etterspurde utdanninga som universitetet baud på, seier forskar Fredrik W. Thue ved Forum for universitetshistorie, Universitetet i Oslo.

Han er hovudforfattar til den av bøkene i det store verket om UiO som tek føre seg universitetshistoria i dei fyrste tre tiåra etter 1945.

Thue peikar på at den forserte, studentdrivne veksten aktualiserte – og til dels forsterka – gamle skilnader mellom fakultet og vitskapskulturar. Med utdanningseksplosjonen følgde ei forskyving av tyngdepunktet i studentmassen over mot fakulteta som kunne gje den billegaste utdanninga, nemleg juss, humaniora og samfunnsvitskap.

– Omveltinga gjorde forskjellane djupare og skapte nye forskjellar, fyrst og fremst mellom dei to kulturane humaniora og naturvitskap. Universitetet i Oslo var mest for ein laust kopla konglomeratinstitusjon å rekna. Å reformera universitetet som heilskap, viste seg å vera ein vanskeleg ambisjon å innfri.

– Likevel endra universitetet seg. Markante einskildpersonar og fagmiljø introduserte nye ideal for forskingsarbeid og organisering. Modellar blei utveksla mellom fakultet og fagfelt på UiO, og denne dynamikken vart viktig for utviklinga av det nye universitetet på femti- og sekstitalet, fortel Thue.

Progressive naturvitarar

Etter krigen stod dei naturvitskaplege miljøa fram som dei mest progressive, moderne og framtidsretta kreftene på UiO. Naturvitskapleg forsking blei sett på som ein føresetnad for utviklinga av det norske samfunnet, og måtte difor sikrast gode vilkår.

Det matematisknaturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) får svært mange stillingar på kort tid. Tre år på rad kring 1960 gjekk til dømes halvparten av dei uteksaminerte hovudfagsstudentane på Fysisk institutt rett inn i lektorat.

Mens realistane var i gang med å byggja moderne forskingsinstitutt og laboratorium på det nye universitetsområdet på Blindern, blei dei humanistiske faga doserte av professorar som framleis mangla arbeidsplass og forskingsutstyr på universitetet.

– MN-fakultetet blei tilpassa “vitskapen og forskinga sin tidsalder”, og greidde å utnytta dei nye rammevilkåra i masseuniversitetet betre enn Det historisk-filosofiske fakultet (HF-fakultetet) og det nye fakultetet for samfunnsvitskap (SV- fakultetet). Omsynet til forskinga la i større grad premissane for organisering og studiereformer på MN-fakultetet enn på dei andre fakulteta, seier forskaren.

På byrjinga av sekstitalet var enno studentveksten i realfag og filologiske fag jamstor. Men snart flata veksten i realfaga ut, medan den fortsette for filologien og samfunnsfaga. Likevel heldt talet på tilsette fram med å veksa i begge fagkulturane.

Tidleg i syttiåra hadde realfaga om lag 24 prosent av studentane ved dei tre fakulteta. Samstundes hadde dei nesten halvdelen av dei vitskaplege tilsette og 75 prosent av areala som desse fakulteta rådde over på Blindern. Alt dette ga betre vilkår for å driva forsking.

– Realistane fekk eit høghus på tolvetasjar berre til matematikk, tilsvarande eit heilt fakultetsbygg for SV; dei fekk ein enorm bygning til faget kjemi, og i 1971 stod biologibygningen ferdig, den største på heile universitetet med sine 37 000 kvadratmeter.

GLØYMDE SAMFUNNET: – Realfaga lukkast med å profettera mykje på masseuniversitetet. Men dei ignorerte det store krinsløpet i samfunnet, konstaterer Fredrik W. Thue. (Foto: Ola Sæther)

Amerikanske “departments”

Thue understrekar at dreiinga mot forsking fyrst og fremst var resultat av ein medviten politikk frå fakultetet sjølv. Her fanst personar og fagmiljø som henta impulsar og modellar for fagutvikling vestfrå.

– I USA, vitskapens nye supermakt, var forskarrolla langt meir profesjonalisert enn i Noreg. Og nettopp gjennom å profesjonalisera forskarrolla også her, og å byggja ut institutta som lokale avleggjarar av internasjonale orskarsamfunn, makta ein å imøtekoma samfunnet sin etterspurnad etter høgare masseutdanning, utan å tapa status som eliteinstitusjon.

Institutta, som til no hadde vore styrte av ein professor åleine på toppen, blei erstatta av ei ordning som gav meir rom for likestilte forskarar og lærarar.

Modellen var det amerikanske “department”, der fleire professorar og juniorforskarar saman forvalta ein fagdisiplin. Det lokale, egalitære forskarfellesskapet med nær kontakt til internasjonale fagfellar, var sjølve idealet.

– Det tradisjonelle statushierarkiet mellom professorar og vitskaplege tenestemenn blei jamna ut. Alle fast tilsette med doktorgrad inngjekk no i instituttfellesskapet som relativt likeverdige, seier Thue.

Humanistane sitt dilemma

Men for dei humanistiske faga og samfunnsvitskapane var ikkje departmentidealet ein like god strategi for å takla problema med masseutdanninga, skulle det visa seg. Humanistane var stort sett positive til strategien, men hadde andre røynsler og strukturproblem enn naturvitskapane.

– Danninga av institutt skjedde på ein ukoordinert måte. Frå 1945 til 1960 auka talet på institutt og samlingar på HF-fakultetet frå åtte til 25, men dei fleste var einmannsinstitutt av den gammaldagse typen. Department-idealet voks ikkje like naturleg ut av den filologiske og den samfunnsvitskaplege forskinga sine krav som i realfaga, understrekar universitetshistorikaren.

At suksessformelen til realistane ikkje blei like vellukka på HF- og SV-fakulteta, har likevel fyrst og fremst ei anna årsak:

– Dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga var avhengige av å halda fast på eit universitetsideal og nokre akademiske livsformer som berre vanskeleg let seg sameina med ei “massifisering” av den akademiske utdanninga. Department-idealet var tiltrekkjande fordi det viste veg mot ein ny samfunnskontrakt der dei vitskaplege tilsette fekk autonomi for forskinga si, mot at dei sytte for å utdanna massane for ein billeg penge, fortel Thue.

Han peiker på at i den humanistiske vitskapskulturen fanst praksisar og normer tett knytte til det “gamle” universitetet, samstundes som desse faga tydeleg leid under eit “moderniseringsetterslep”.

Nasjonale “overlærarar”

– Humaniora hadde til då danna ein slags lærdomskultur i samfunnet: Med embetseksamen i bagasjen spreidde filologane seg tynt utover landet som lektorar i den høgare skulen. Frå denne marka av lokale folkeopplysarar blei forskarar rekrutterte til ledige stillingar på universitetet. Universitetsprofessorane fungerte som portvaktarar og nasjonale “overlærarar” innom sine fag, og utgjorde slik den øvste normerande instansen for ein filologisk lærdom – større enn universitetet sjølv, seier Thue.

Instituttprinsippet får etter kvart eit visst gjennomslag også på HF-fakultetet. Rolla som humanistisk forskar blei i større grad profesjonalisert og skild ut frå andre filologiske yrkesroller. Eit lite og eksklusivt “forskarsamfunn” kom på toppen av den humanistiske lærdomskulturen.

Den gammaldagse overlæraren for nasjonen sine filologar blei svekka, til fordel for den humanistiske forskaren i eit internasjonalt forskarsamfunn.

Historikaren viser til at universitet og gymnas lenge danna eit halvt lukka krinsløp:

– Gymnaset førebudde elevane til akademiske studium, medan dei humanistiske universitetsfaga kvalifiserte kandidatane for lærargjerning i gymnaset. Fakultetet var ikkje i ein posisjon i samfunnet der det kunne tillata seg å plassera skulens utdanningsbehov under behova til forskinga.

Ignorerte samfunnet

Då var det annleis stilt med realistane. Dei hadde utvikla ein ny kontrakt med samfunnet: Heretter skulle ein fyrst og fremst utdanna forskarar og fagfolk som sikta mot oppgåver utanfor skulen, i forsking og næringsliv. Fagmiljøa retta merksemda si mot forskarsamfunnet sin eigen reproduksjon, og såg på utdanninga av kandidatar til andre delar av det norske samfunnet meir som eit attåtprodukt. Slik blei det tradisjonelle krinsløpet mellom universitet og skule svekka. Omsynet til forsking var heilt grunnleggjande når nye undervisningsplanar skulle utformast. Dette braut radikalt med den tidlegare studieordninga, som var langt meir orientert mot å utdanna lærarar.

– Realfaga lukkast med å profittera mykje på masseuniversitetet og sat attende med ein særs god deal, eigentleg. Men dei ignorerte det store krinsløpet i samfunnet. Og det meiner eg har straffa seg. Sosiologen Tore Lindbekk påviser at ein ganske systematisk sende den dårlegaste halvdelen av kandidatane ut som lærarar. Såleis medverka fakultetet sjølv til å svekkja realfaga i skulen, og kanskje òg i storsamfunnet. Ein kan seia at realistane vann internt, men tapte eksternt. HF-fakultetet, derimot, lukkast med å utdanna mange kandidatar til det norske samfunnet og heldt lenge fram med å senda opplagde forskaremne ut i skulen. Kva for verknader det har hatt i samfunnet, er det likevel vanskeleg å seia noko presist om, meiner Fredrik W. Thue.

VIL DEFINERA SEG SJØLV

Ein slåande forskjell mellom sekstitalsuniversitetet og universitetet av i dag, er at sistnemnde legg stor vekt å definera kva det er – og vil bli.

UiO legg stadig meir arbeid i å utforma visjonar, strategiar og planar for framtida.

– På sekstitalet var ein programmatisk lågmælt om slikt. Då rektor Hans Vogt i 1970 heldt minnetale over forgjengaren sin, Johan T. Ruud, framheva han at Ruud “hadde liten sans for abstrakt filosofering om universitetets og forskningens vesen og for tidløse definisjoner av universitetets oppgaver.” Det same kunne han sagt om seg sjølv og dei andre rektorane på denne tida. Leiing var pragmatisk problemløysing og administrasjon, fri for dei store vyane, påpeiker Thue.

Dei gjennomgripande endringane blei i liten grad definerte og meistra på institusjonen sine eigne premissar.

– Universitetet sin idé eller eigenart blei ikkje systematisk konfrontert med dei nye realitetane. UiO var sjølv ikkje i stand til å utvikla nokon heilskapleg forståing av den institusjonen som var under omdanning. Problema blei i staden tekne opp stykkevis og delt. Universitetsleiinga var meir oppteken av pragmatisk omsorg for den praktiske samfunnskontrakten, seier han.

– Slik eg tolkar UiOs nye strategi for dei komande ti åra, ynskjer leiinga ein ny kontrakt der målet er å bli internasjonalt framifrå i forsking, og kvitta seg med tyngjande samfunnsoppgåver som hindrar institusjonen i å nå denne målsettinga. Ingen på sekstitalet hadde nokon illusjon om at ein kunne håva inn ein slik kontrakt med samfunnet. At UiO skulle kunna definera seg som noko radikalt annleis, og oppnå ein særstatus i det norske utdanningssystemet, var heilt utenkjeleg, sier Fredrik W. Thue.

Emneord: Språk og kultur, Historie, Samtidshistorie (etter 1945) Av Trine Nickelsen
Publisert 1. feb. 2012 11:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere