print logo

UiO-lingvist med oppsiktsvekkjande påstand: – Engelsk er eit skandinavisk språk

Britane ’lånte’ ikkje ord og omgrep frå dei norske og danske vikingane og deira etterkommarar, slik vi gjerne trur. Nei, det språket som no går under namnet engelsk, er faktisk skandinavisk.  

PÅ ENGELSK SOM PÅ NORSK: Setningsoppbygginga i mellomengelsk - og dermed også i moderne engelsk - er skandinavisk og ikkje vest-germansk. (Illustrasjon: Hanne Utigard) 

– Har du tenkt over kor lett det er for oss nordmenn å læra engelsk? spør professor i lingvistikk, Jan Terje Faarlund på Universitetet i Oslo.

– Rett nok liknar mange av dei engelske orda på våre. Men det er noko meir: Sjølve grunnstrukturen er slåande lik norsk. Feil som andre gjer, unngår vi fordi grammatikken i stor grad er den same.
 

Det Faarlund og kollegaen hans, Joseph Emmonds, gjesteprofessor frå Palacky-universitetet i Tsjekkia, no meiner dei kan påvisa, er at engelsk i røynda er eit skandinavisk språk, det vil seia at det tilhøyrer den nord-germanske språkgreina i lag med norsk, dansk, svensk, islandsk og færøysk. Dette er heilt nytt og bryt med det andre språkforskarar og ålmenta elles meiner, nemleg at engelsk direkte stammar frå gammalengelsk. Gammalengelsk, eller angelsaksisk, er eit vest-germansk språk, som anglarane og saksarane tok med seg frå Nord-Tyskland og Sør-Jylland då dei på 400-talet busette seg på Dei britiske øyane.
 

Gammalengelsk døydde ut
 

– Vi viser at engelsk slik vi kjenner språket i dag, i staden er ein direkte etterkommar etter språket til skandinavar som slo seg ned på Dei britiske øyane gjennom mange hundreår før dei fransktalande normannarane erobra landet i 1066, seier Faarlund. Han peikar på at gammalengelsk og moderne engelsk er to svært forskjellige språk. Kvifor er det slik?
 

– Vi meiner det er fordi gammalengelsk rett og slett døydde ut. I staden overlevde nordisk, men sjølvsagt sterkt påverka av gammalengelsk, seier han.
”Sambuarskapet” mellom britane og skandinavane var i stor grad fiendtleg. Begge kjempa om politisk overhøgd. Etterkommarane etter vikingane fekk kontrollen over dei austlege og nordlege delane av landet. Danelagen stod under nordiske høvdingar i eit halvt hundre år.
 

Som kolonistar flest, fann heller ikkje dei nordisktalande innbyggjarane grunn til å ta over språket i landet dei kom til.
 

– Eit særs viktig geografisk poeng i studien vår, er at East Midland-området, der talemålet seinare utviklar seg til moderne engelsk, fell nesten heilt eksakt saman med den tett befolka sørlege delen av Danelagen, seier professoren.
 

I perioden etter at normannarane kom, endra språket seg svært mykje. Dei miserable tilhøva folket då levde under, førte til ei fullstendig samansmelting av dei to til då separate folkegruppene, dei som talte gammalengelsk og dei som snakka nordisk – og forløparen til moderne engelsk oppstod – mellomengelsk.
 

Hadde orda frå før

 

Frå dei norske og danskætta innbyggjarane i Danelagen tok språket opp i seg mange ord. I denne setninga, til dømes, er alle dei leksikalske orda nordiske: He took the knife and cut the steak. Berre he, the og and kjem frå gammalengelsk.
 

GAMMAL-ENGELSK tek opp i  seg ord for daglegdagse ting som språket hadde ord for frå før, fortel Jan Terje Faarlund. (Foto: Ram Gupta)

– Det som er særleg interessant, er at gammalengelsk tek opp i seg ord for daglegdagse ting som språket hadde frå før. Det vanlege er jo å ta i bruk låneord – ord og omgrep for nye ting. I engelsk er det nesten omvendt – dei daglegdagse orda er nordiske, og dei er påfallande mange, fortel språkprofessoren, til dømes: 


anger, awe, bag, band, big, birth, both, bull, cake, call, cast, cosy, cross, die, dirt, dream, egg, fellow, flat, gain, get, gift, give, guess, guest, hug, husband, ill, kid, law, leg, lift, likely, link, loan, loose, low, mistake, odd, race, raise, root, rotten, same, seat, seem, sister, skill, skin, skirt, sky, steak, though, thrive, Thursday, tight, till, trust, ugly, want, weak, window, wing, wrong.
 

Forskarane meiner at gammalengelsk allereie hadde 90 prosent av disse omgrepa i sitt eige vokabular.
 

Overtok grammatikken

Men det skandinaviske innslaget var ikkje avgrensa til ordtilfanget, som er vanleg når språk kjem i kontakt med kvarandre: Sjølv om ei massiv mengd nye ord er på veg inn i eit språk, så held det likevel på sin eigen grammatikk. Dette gjeld nærast som ei universell lov.
 

– Men i England blei også grammatiske ord og morfem – altså det minste, abstrakte språkelementet som har meiningsberande funksjon – overtekne frå skandinavisk, og dei lever vidare i engelsk i dag.
 

Skandinavisk syntaks


Men ikkje nok med det: Dei to forskarane viser at setningsoppbygginga i mellomengelsk – og dermed også i moderne engelsk – er skandinavisk og ikkje vest-germansk.
 

– Syntaks og struktur låner ein ikkje så lett frå eitt språk til eit anna. I dag får vi ord frå engelsk, og mange er bekymra for det. Men ordstrukturen i norsk er totalt upåverka av engelsk. Den ligg fast og lar seg ikkje rikka. På same måten er det med strukturen i engelsk: Den er så å seia upåverka av gammalengelsk.
 

– Korleis kan de overtyda oss om at det er slik?
 

– Det gjer vi ved å visa at på så å seia alle punkta der engelsk skil seg syntaktisk frå dei andre vest-germanske språka tysk, nederlandsk, frisisk, så har det same struktur som dei skandinaviske språka. Nokre døme er:
 

* Ordstilling: Engelsk og skandinavisk har objektet etter verbet:
 

I have read the book.
Eg har lese boka.
 

Tysk og nederlandsk (og gammalengelsk) har verbet til slutt:
Ich habe das Buch gelesen.
 

* I engelsk og skandinavisk kan vi ha ein preposisjon ståande att til slutt i setninga:
 

Dette har vi snakka om.
This we have talked about.
 

På tysk og nederlandsk (og gammalengelsk) er dette uråd.
 

* Gruppegenitiv:
 

Dronninga av Englands hatt
The Queen of England’s hat
 

* Splitta infinitiv, dvs. at ein kan setja inn eit ord mellom infinitivsmerket og verbet:
 

Eg lovar å ikkje gjera det igjen.
I promise to never do it again.

– Alt dette og mykje meir er umogleg på tysk eller nederlandsk, og det er svært lite sannsynleg at alt dette kan vera i endring i eit språk. Den einaste rimelege forklaringa er at engelsk er eit nordisk språk, og at dette språket er eit framhald frå det norsk-danske språket som var i bruk i England frå mellomalderen.
 

– Men kvifor innbyggjarane på Dei britiske øyane valde den nordiske grammatikken, kan vi berre spekulera på, seier Jan Terje Faarlund.

Av Trine Nickelsen
Publisert 27. nov. 2012 09:02 - Sist endret 11. feb. 2013 15:50