Når laksen blir husdyr

Det er eit klassisk bilete på fridom og på urørd, rein og vill natur: Fjell som reiser seg i synsranda. Klart vatn som fossar ned i dalen, med regnbogar i vasspruten. Den spenstige laksen som tek seg oppover elva i elegante sprang, på veg heim for å gyte.  

KVA ER NATUR? Med oppdrettslaksen blir biletet vårt av det naturlege sett på prøve, seier Marianne Lien. Her er ho på feltarbeid på eit oppdrettsanlegg på Vestlandet saman med John Law.

Men det var før. No er laksen forvandla til eit husdyr som sym rundt og rundt i merdar i fjordane, der dei får mat og helsehjelp – samstundes som dei plagast med lakselus og nye sjukdommar. Laksen er det siste i ei lang rekkje dyr som er blitt fanga inn og avla opp i gardstunet, for å forsyne menneske med mat og andre nyttige varer og tenester, men til sjuande og sist veit vi lite om korleis laksen har det der nede i vatnet.

Prosessen med å gjere husdyr av laksen, er temaet for forskingsprosjektet “Newcomers to the farm”, leia av professor i sosialantropologi, Marianne Lien.

Forstår ikkje laksen


– Husdyrhald under vatn er annleis enn husdyrhald slik vi er vande med å tenkje på det, hevdar ho.

Menneske har generasjonar med erfaring i å kommunisere med husdyr på landjorda. Kyr og sauer har mange måtar å seie frå til bonden om dei mistrivst, og det er lett å kjenne empati med firføtte, pelskledde dyr med store, brune auge.

– Laksen, derimot, er under vatnet, ute av syne for oss, dei er mange, og vi greier ikkje å tolke andletsuttrykka deira, seier Lien.

Likevel må oppdrettaren ta stilling til dei same spørsmåla som bonden: Har dette dyret det bra? Får det nok mat? Trivst det? I jakta på svaret tek ein i bruk teknologi og måleutstyr. Vasskvalitet, oksygeninnhald og talet på lus blir indikatorar på om alt står bra til.

– Vi er i ein prosess der vi må utvide repertoaret vårt for kva spørsmål vi stiller til husdyra. Laksen er arbeidsdyr, og jobben deira er å vekse. Difor blir fôringa eit møtepunkt som gjev oss innblikk i korleis laksen har det.

Arbeidde på oppdrettsanlegg


For å studere tilhøvet vårt til oppdrettslaksen, har Lien i lag med ein kollega, sosiologen John Law frå Open University i Storbritannia, teke del i det daglege arbeidet ved eit mellomstort oppdrettsanlegg på Vestlandet. Der har dei følgt heile lina, frå klekkeri og smoltanlegg til brønnbåtane som fraktar den vaksne laksen til slakteriet, og vidare til eksportkontoret som organiserer leveransar til heile verda på ein augneblink.

– Feltarbeidet gjev oss fysisk erfaring som ville vore vanskeleg å få greie på gjennom intervju. Ta avlusing, til dømes. Ein måte er å helle lusemiddel i merden. Dette skjer i open sjø, og difor må ein trekkje ei presenning rundt merden for at ikkje lusemiddelet skal kome ut i sjøen. Det er veldig tungt, og krev slepebåt og kraner. Deretter skal lusemiddelet ha ein viss konsentrasjon, og då heiser ein presenninga opp for å presse fisken i hop. Men når laksen går tettare, må ein også passe på at dei ikkje brukar opp oksygenet. Det er ein veldig kompleks prosess, som ville vore uråd å få skikkeleg kjennskap til om vi ikkje hadde vore der og sett det med eigne augo.

Ved å vere to om feltarbeidet, oppdaga forskarane at dei la merke til ulike ting i situasjonane dei var i.

– Eg hadde ein tendens til å notere meg den nokså innvikla, materielle infrastrukturen, medan Marianne, som er norsk, la meir merke til dei sosiale relasjonane. Ulik fagleg bakgrunn gjorde oss meir merksame på korleis det materielle samverkar med det sosiale i bedrifta, seier Law.

Kva er natur?


Med oppdrettslaksen blir biletet vårt av det naturlege sett på prøve. I Europa, med vår lange jordbrukshistorie, tenkjer vi i dag på natur som den delen av verda som enno ikkje er blitt omforma av menneske. Men det er ei kulturell førestelling og slett ikkje noko universelt, meiner Lien.
Tilhøvet mellom oppdrettslaks og villaks illustrerer dette.

– Villaksen blir oppfatta som naturleg. Men kva skjer dersom ein oppdrettslaks rømmer og greier å få avkom saman med åttemenningen sin, villaksen? Er avkommet då naturleg eller ikkje? Og er laksestammar som blir regulerte gjennom klekkeriverksemd og yngelutsetjing, framleis naturlege?

Dette skapar konfliktar også forskarar imellom. I 2007 gav Artsdatabanken ut den norske svartelista over invaderande artar, og der var oppdrettslaksen ført opp.

– Forskarar frå Havforskingsinstituttet reagerte på dette og peika på at oppdrettslaksen er like innfødd som villaksen. Eg meiner at ein ikkje kan forstå dette utan å vere klar over at her er det ei underliggjande forståing av natur som noko urørt av menneske. Denne usemja kan ikkje forklarast berre med ei biologisk forståing av natur.

Laksen må samarbeide


Historia om domestisering, det å gjere til husdyr, går gjerne ut på at mennesket tek kontroll over naturen i ein prosess som berre går éin veg. Men dette biletet er for enkelt, seier Lien.

– Dyra er også med på å domestisere seg sjølve. Laksen er ein aktiv medspelar i denne nye domestiseringsprosessen. Han kan samarbeide eller gjere seg vanskeleg. Det skjer heile tida eit samspel der vi kjem fram til måtar å vere saman på som fungerer for begge partar. Akvakultur blir omtala som viktig når vi skal mette det store folketalet i verda i framtida. Og fordi Noreg er ein leiande akvakulturnasjon, har vi eit kjempeansvar for å utvikle dette vidare på ein god måte.

 

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 7. aug. 2012 09:19 - Sist endret 7. aug. 2012 09:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere