Dialektkorpus: Gullgruve for språkinteresserte

Seier dei “vi”, “øss” eller “me” i Ål? Korleis uttalar dei “Oslo” rundt omkring i landet? Og er det berre i Nord-Noreg folk seier “kopptua” om ein oppvaskklut?

Illustrasjon: Hanne Utigard

 

Desse spørsmåla og mange fleire kan du no få svar på ved å søkje i ei digital dialektsamling på nett.

For rundt eitt år sidan opna Universitetet i Oslo dette korpuset (sjå forklaring i faktaboks), som truleg er unikt i verdssamanheng. Her ligg det taleopptak av menn og kvinner, unge og gamle, frå byar og bygder i heile landet. Personane snakkar fritt om ulike emne. Kvart einaste ord som vert sagt i opptaka, er transkribert, slik at du kan sjå korleis orda ser ut i vanleg skrift og i ein lydnær variant. Alt er gjort søkbart.

Også i Sverige og Danmark, i det svensktalande Finland, på Island og Færøyane er det samla inn dialektar. Saman utgjer desse no Nordisk dialektkorpus. Janne Bondi Johannessen, professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, har leidd arbeidet med den norske delen av dialektsamlinga, og utviklinga av det elektroniske systemet for søking og vising av resultat. I Noreg er det samla inn taleopptak frå fire personar på over 140 stader.

– Her kan du finne ut det aller meste, anten du er interessert i ord eller lydar eller setningsoppbygging, fortel ho. – Dette er eit unikt verktøy for språkforskarar, men også for alle andre språkinteresserte.

 

Eit språkinteressert folk

Her i landet er nesten alle opptatt av språk og dialektar. Difor ønskjer språkforskarane ved UiO at fleire skal få tilgang til databasen. Dei prøver no å få finansiering til å lage ei meir tilgjengeleg utgåve enn den forskarane sjølve bruker. Ein versjon som både skuleeleven og den engasjerte pensjonisten kan bruke for å undersøkje språket si utvikling og gå på leiting i dialektane våre.

Mange forskarar har vore interesserte i databasen etter at han opna for vel eit år sidan. Men førebels er det ikkje mange som har tatt han skikkeleg i bruk, rapporterer Bondi Johannessen.

– Slik er det ofte med nye forskingsverktøy. Forskarar er litt usikre på korleis dei skal bruke dei og kva dei kan bruke dei til. No jobbar vi for å gjere korpuset kjent og underviser i bruken av det.

 

“Åh nå…”

På eit seminar instituttet arrangerte i januar, fekk forskarar og andre tilhøyrarar ein smakebit på kva dei kan bruke det nye verktøyet til.

Her fortalde professor Jan Svennevig frå UiO at støtteordet “nå” er i ferd med “å avgå ved døden” på Austlandet. I det innsamla korpuset finn han omtrent ikkje ein einaste austlending som bruker “nå” som responspartikkel (“åh nå”, “nå ja”, “Han er nå trivelig...”). I Oslo er dette nesten heilt borte. Dei få som framleis bruker “nå” på denne måten, er eldre menneske busette på bygda på Austlandet.

– Dette er interessant, fordi Svennevig tidlegare har vist korleis bruken av responspartiklane “liksom” og “bare” har auka eksplosivt i det norske språket. Gjennom dette nye korpuset har han altså vist at responspartiklar også blir borte.

– Ved å studere korpuset i ulike periodar (50-talet, 70-talet og 2000-talet) fann forskaren ein markant tilbakegang. Den bruksmåten som er mest på tilbakegang, er “åh nå” og “nå vel”. For å studere dette, er det svært nyttig å kunne høyre opptak av heile setningar, fortel Bondi Johannessen.

OVERRASKA: - Enkeltord og enkeltlyder forandrar seg frå generasjon til generasjon. Men når vi studerer syntaksen, ser vi at norsk språk er forbausande stabilt, seier Piotr Grabacz og Janne Bondi Johannesen. (Foto: Ola Sæther)

Ei ny verd av forskingsspørsmål


Piotr Garbacz er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Han har også arbeidt med korpuset. Garbacz er polsk og har tatt doktorgraden sin på elvdalsk (sv. älvdalska), eit eige språk som vert snakka av ei lita gruppe menneske i Älvdalen i Sverige, ikkje langt frå norske Trysil.

– Det finst no korpus for mange språk i verda. Men det unike med denne dialektsamlinga, er at ho gir så mange ulike typar informasjon og at samlinga er søkbar både på ord, bøyingar, ordstillingar og grammatiske kategoriar. Informasjonen er i tillegg filtrerbar. Du kan sjølv avgjere om du vil søkje berre på kvinner, på ei avgrensa aldersgruppe eller på ein bestemt geografisk stad, fortel Garbacz.

Resultata kan du få opp både som tekst og lyd. Databasen har i tillegg ein kartfunksjon. Den kan brukast til å lage nye oversikter over dialekttrekk og til å sjå på korleis dialektformer flytter på seg over tid.
Garbacz meiner det nye verktøyet er spennande også for utanlandske forskarar. Brukargrensesnittet er på engelsk, og all informasjon kan omsetjast direkte til engelsk via Google translate. Ein kan bruke korpuset til å samanlikne strukturen i norsk språk med andre språk, utan eigentleg å kunne norsk.

– Tidlegare fokuserte dialektforskinga på fonologi (lydlære) og bøyingslære. Før dette korpuset kom, fanst det ikkje mange studiar av dialektsyntaks (setningsoppbygging). Når vi får innblikk i dette, opnar det seg ei verd av nye forskingsspørsmål, meiner Garbacz.

 

Ikkje skarpe grenser

At dei norske taleopptaka er del av ei større, nordisk dialektsamling, gjer det muleg å drive endå meir forsking på materialet. Kvar på kartet i Norden går til dømes grensene når det gjeld ordstilling?

Ser forskarane på setningsoppbygging i ulike nordiske dialektar, finn dei at grensene passerer på kryss og tvers mellom landa. At nordnorsk, nordsvensk og finlandssvensk har mange like trekk, er ikkje overraskande. Meir spennande er det at språket på Færøyane, på Vestlandet i Noreg og i Älvdalen midt inne i dei svenske skogane, har så mange fellestrekk.

Norsk og dansk skriftspråk liknar kvarandre mykje, men munnleg har vårt norske språk mange fleire fellestrekk med svensk. Dette får forskarane no stadfest gjennom det nordiske korpuset.

Meir utfordrande for somme er det kanskje å få høyre at norsk, svensk og dansk ikkje er tre ulike språk. Det er rettare å kalle dei dialektar, meiner stadig fleire lingvistar.

 

Norsk språk er stabilt


“Språket endrar seg heile tida” har du kanskje høyrt både språkforskarar og folk flest seie. Men det er ei sanning med modifikasjonar.

– Studiane vi har gjort på korpuset, viser heller det motsette, fortel Bondi Johannessen.

– Einskildord og enkeltlydar forandrar seg frå generasjon til generasjon. Men når vi studerer syntaksen, ser vi at norsk språk er forbausande stabilt.

Dialektkorpuset ved Universitetet i Oslo har gitt forskarane ein unik sjanse til å studere nettopp endring. For i tillegg til dei nye taleopptaka, inneheld databasen også taleopptak frå åra 1951 til 1984. Desse stammar frå Målførearkivet ved UiO. Dei fleste av desse opptaka blei gjorde på 1950- og 1960-talet.

Dette gamle materialet er språkforskarane svært glade for å ha i dag. Det gir dei høve til å studere endring. Men forskarane skulle gjerne hatt endå fleire slike gamle opptak. Dei veit at det finst mange fleire ved dei andre universiteta i Noreg og prøver no å få samla inn og gjort desse tilgjengelege.

Av Siw Ellen Jakobsen
Publisert 12. aug. 2013 11:37 - Sist endret 12. aug. 2013 12:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere