“Mor” eller “mamma”?

Kva vi kallar vår nærmaste familie, seier mykje om kva slags tidsånd vi lever i, meiner språkforskar.

illustrasjon: Hanne Utigard

Ein journalist hos nettstaden Babyverden.no ringde Ruth Vatvedt Fjeld. Det var slik forskaren i nordisk språkvitskap og spesialist i leksikografi ved Universitetet i Oslo vart nysgjerrrig på fenomenet.

Journalisten syntest ho høyrde at fleire unge menneske bruker “mamma” og “pappa” no enn før. Stemmer det? var spørsmålet til professoren.
– Eg visste ikkje svaret. Så eg undersøkte skriftspråkkorpuset vårt – blant anna avisartiklar og ordbøker – og fann det motsette. Det var ei enorm overvekt av “mor” og “far”. Men så gjekk eg til det nye dialektkorpuset (sjå annan artikkel) vi har samla. Der fann eg noko heilt anna.

I dialektkorpuset har forskarane gamle (1951 til 1984) og nye (1998 til 2012) taleopptak. Språkforskaren oppdaga at det har skjedd ei klar endring i tida frå det første til det siste settet med taleopptak blei samla.

– I det eldste materialet er “mor” og “far” heilt klart i overvekt. Men når vi frå 1998 startar å samle nye opptak, har dette endra seg. Då har “mamma” og “pappa” vunne terreng, fortel ho.

Nord-Noreg først ute


I dialektkorpuset kan forskarane også studere geografisk variasjon.

– Frå 1950-talet og langt inn på 1970-talet var det svært få i her i landet som sa mamma og pappa om foreldra sine. Unntaket var Nord-Noreg. Der brukte dei ofte “mamma”, men ikkje så mykje “pappa”. Men om nordlendingane har vore trendsetjarar her, er nokså uvisst.

– Vi kan nok heller ikkje sjå bort frå påverknad frå andre land, og kanskje er dét aller viktigast. I nabolandet vårt Sverige har mamma og pappa vore veldig mykje meir brukt enn mor og far. Men i størst grad er vi kanskje påverka av amerikanarane. Der er det nesten heilt slutt på “mother” and “father”. I dag seier dei fleste “mommy” og “daddy” eller aller helst “mom” and “dad”.

Det har kanskje vore mindre skilnad mellom høg og låg i Nord-Noreg enn i resten av landet. Det kan vere difor det har vore vanlegare å bruke meir uformelle former der. Dei som bruker far og mor, er nok oppdratt til å halde litt meir avstand til sine foreldre, trur Vatvedt Fjeld.

Men sosial bakgrunn er ein dimensjon som dialektkorpuset ved UiO ikkje gir svar på.
– Mor og far er danske former, og dansk har jo lenge vore idealet i møblerte heimar her i landet. Det kan difor ha blitt sett på som litt finare enn mamma og pappa.

THORVALD OG KARIN: – På 1970-talet kutta mange heilt ut slektskapstermane.
I mange familiar brukte dei berre fornamn
på kvarandre. Særleg i litt radikale miljø, seier Ruth Vatvedt Fjeld.
(Foto: Ola Sæther)

Unge gutar seier “far”
 

Kva ein kallar opphavet sitt, har ikkje berre med geografi eller sosial klasse å gjere, kjønnsforskjellar spelar også inn.

– Fleire kvinner enn menn seier “mamma” og “pappa”. Unge kvinner bruker i dag “mamma” tre gonger så mykje som “mor”. Blant unge gutar er det ei lita overvekt av “mor”. Eit stort fleirtal av gutane seier framleis “far”.
– Når det gjeld andre tiltaleformer, som “modern” og “fadern”, “fattern” og “muttern”, finn eg lite av det i korpuset. Og i den grad eg finn det, er det nesten berre gutar som bruker dei. Gutar synest kanskje det er pinleg å bruke dei meir intime formene mamma og pappa når dei veks til og blir unge menn.

Jens seier “Thorvald”


Dei første orda mange barn lærer seg å seie, er nettopp mamma og pappa.
– Orda blir kalla for “lalleformer” i ordbøkene. Tanken bak nemninga var at desse orda låg lett i munnen vår. Men i dag, når det finst massevis av 60-åringar som går rundt og seier mamma og pappa, bør ein nok rette dette opp i ordbøkene. Det er litt drygt å påstå at dei “lallar”, meiner språkforskaren.

Likevel er nok desse orda lettare å seie enn mor og far. Skal ein kalle foreldra sine far og mor, må det bevisst læring til. I ei tid då vi er blitt meir uformelle og der skilnadene mellom generasjonane er blitt mindre, kjennest det nok unaturleg for mange å lære barna sine såpass distanserte former som “mor” og “far”, trur Vatvedt Fjeld.

– På 1970-talet kutta mange heilt ut slektskapstermane. I mange familiar brukte dei berre fornamn på kvarandre. Særleg i litt radikale miljø, der det ikkje skulle markerast kven som var autoriteten i forholdet. Jens Stoltenberg kallar til dømes foreldra sine Karin og Thorvald.

– Vi veit ikkje om dette har halde fram. Men det er også eit interessent forskingsspørsmål, i ei tid då forskjellen mellom generasjonane vert viska ut, oppfordrar Vatvedt Fjeld.

Bestemor og bestefar er taparar


Fleire er skilde, folk lever lenger og familiane våre er annleis enn dei var før. Det gjer også noko med språket.

Ut frå dialektkorpuset ved UiO kan Vatvedt Fjeld sjå at beste-formene (bestemor og bestefar) blir borte, særleg mellom dei yngre. No er det mormor og morfar og farmor og farfar som gjeld.

Fleire enn før har fire besteforeldre. Det kan vere ei forklaring. Men forklaringa kan også vere at det er komplisert å finne rette ord for slektskapsrelasjonane når mormor har gift seg med ein ny mann og morfar stadig treffer nye damer.

Endringar som dette blir gjødsel for oppfinnsam nyskaping i språket vårt.
“Beste-Karl” var det eit barn som kalla mannen som bur saman med mormora hans. Slik markerer gutungen ein relasjon som ikkje konkurrerer med guten sin genetiske morfar.
– Språk endrar seg heile tida. Det skal bli interessant å sjå korleis det går med  “sviger-” og “ste-” når samlivsforholda er så uryddige. Kanskje forsvinn dei.
Her i landet har vi no fått nyordet “bonusbarn”. Det høyrest jo litt hyggelegare ut enn svenskane sine “plastbarn” og danskane sine “pappbarn”.

 

Av Siw Ellen Jakobsen
Publisert 21. aug. 2013 11:10 - Sist endret 21. aug. 2013 11:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere