Norsk Ordbok manglar bokstavane A til H

Norsk Ordbok har fått 150 millionar kroner til den tolv band store papirutgåva, men ikkje noko til nett. Nettversjonen manglar alle ord frå A til H.

12 BAND: Det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok kjem ut i slutten av 2014. Då har ordbokredaksjonen gitt ut eitt nytt band kvar 15. månad. Kvart band er på 800 sider, fortel Oddrun Grønvik, Åse Wetås og Sturla Berg-Olsen. Foto: Yngve Vogt

Om halvtanna år er det tolv band store verket Norsk Ordbok i boks. Norsk Ordbok dekkjer det nynorske skriftspråket og heile det norske folke-målet, frå Agder i sør til Finnmark i nord. Uheldigvis vil ingen ord mellom A og H vere råd å søkje på i den digitale utgåva.


– Ordboka er viktig for at det norske språket skal leve vidare, men moderne norsk er dessverre ikkje skikkeleg dokumentert frå A til H, verken på papir eller digitalt, beklagar prosjektdirektør for Norsk Ordbok, Åse Wetås ved Universitetet i Oslo.
 

Forklaringa er enkel. Dei fire første banda vart skrivne den gongen penn og papir rådde grunnen.

Starta på 1930-talet

Arbeidet med Norsk Ordbok tok til som ein nasjonal dugnad i 1930. Det første heftet med dei første orda på A kom ut i 1950, til hundreårsjubileet for Ivar Aasens første ordbok.


Ikkje før i 1966 var arbeidet kome så langt at Det Norske Samlaget kunne gi ut det første bandet. Band 2 kom i 1972, band 3 i 1994 og band 4 i 2002. Det var før dataalderen hadde nådd ordbokverda.


For å få fortgang i arbeidet, blei prosjektet Norsk Ordbok 2014 oppretta ved Universitetet i Oslo i 2002. Redaksjonen vart tredobla, til 27 forskarar. Dei skulle fullføre ordboka til grunnlovsjubileet i 2014. Ordbokredaksjonen har brukt 15 månader per band.


– Det er som å gå Bessegga i 12 år. Ingen andre ordbokredaksjonar har klart det same tempoet. Vi må heile tida ha kontroll på kor stor plass orda kan få. Verket skal vere på akkurat 12 band, med 800 sider i kvart band, korkje meir eller mindre, fortel forskar og hovudredaktør for ordboka, Oddrun Grønvik på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo.

Inga satsing på nett

Ordboka har fått meir enn 150 millionar kroner frå Stortinget, men ingen pengar til nettutgåva.


– Vi er betalte av Stortinget for å lage ordbok på papir, men nettet er blitt stadig viktigare. Nett-versjonen for bokstavane I til Å er i dag av det enklaste slaget. Med ein utvida nettversjon finst det enormt mange bruksmåtar, som å kunne søkje etter korleis ord blir brukte ulike stader i landet eller korleis ord vert nytta i litterære verk, til dømes i romanen Isslottet av Tarjei Vesaas, seier Grønvik.


I den digitale versjonen ønskjer dei også høve til å søkje på faste ordsamband, slike som «pikk og pakk», «heit potet» og «slå seg igjennom».


Eit artig søk som fungerer allereie i dag, er oversikt over alle tydingane til ord som «smørblom». Smørblom blir brukt om så forskjellige arter som engsoleie, vårkål, løvetann, hestehov, tepperot og ballblom.


– Planen er å vise stadopplysningane med digitale kart.

Vanskeleg å revidere

Åse Wetås gjer det klart at ordboka har avgrensa bruksverdi så lenge ikkje heile verket er digitalisert.


– Utan ein digital fullversjon er det ikkje råd å revidere ordboka tematisk. Det er heller ikkje nok å digitalisere dei fire første banda slik dei er i dag. Dei treng ein full revisjon.


Mange viktige ord i dagens vokabular er ikkje skikkeleg omtala i dei eldste banda. Det er spesielt tydeleg i det første bandet.


– Språket har endra seg sidan førti- og femti-talet. Ordet «bil» er så vidt nemnt i ordboka.

Forvitrar

Ordbokredaktørane fryktar at ordboka vil forvitre om dei ikkje får fullføre arbeidet.


– Dette er det største humanioraprosjektet nokosinne. Vi er nesten i mål, men i februar 2015 skal prosjektet oppløysast. Då blir barnet kasta ut med badevatnet. Det er fort gjort å bryte ned eit miljø. Derimot tek det lang tid å byggje opp ny spisskompetanse. Leksikografane våre må lærast opp i eit heilt år før dei kan redigere ord på eiga hand, fortel Wetås.


Rektor Ole Petter Ottersen seier til Apollon at universitetet er klar over dette, men at dei må diskutere med Kulturdepartementet før dei kan seie noko om kva som skal skje, både når det gjeld finansiering og kven som skal ha det praktiske ansvaret for den vidare drifta av ordboka.

300 000 ord

Ordboka har fått plass til 300 000 ord, men har materiale til det doble. To tredjedelar av orda er samansetjingar. Resten er grunnord. Ordboka har også med alle målføreformene til grunnorda.


For å sjå om eit ord skal vere med eller ei, undersøkjer redaktørane bruken i Nynorskkorpuset, ei digital tekstsamling med alle slags nynorske tekst-er frå dei siste 150 åra.


Dei sjekkar også ordarkivet. 700 frivillige språk-informantar frå heile landet dreiv alle tiders orddugnad på 1930-talet ved å gå rundt og samle inn ord, tre millionar til saman.


– I ordarkivet finst mange ord som er sjeldne i skrift. Ordarkivet og korpuset utfyller difor kvarandre.


Ordarkivet er i dag digitalisert og tilgjengeleg på nett.


– For å fylle krava til vitskapleg kvalitet, må vi kunne dokumentere ordforklaringane våre. Alle som vil, kan sjå oss i korta.

Internasjonalt stort

Med sine 300 000 ord er Norsk Ordbok ein internasjonal tungvektar.


Ordbog over det Danske Sprog, som blei skriven mellom 1910 og 1950, har til samanlikning 225 000 ord. Sidan den gongen er det kome fire supplementsband.


Svenskane har halde på med Svenska Akademiens Ordbok sidan 1870-talet. Når den ordboka er klar i 2017, vil ho ha 450 000 ordartiklar.


Ordbokverket Oxford English Dictionary er fulldigitalisert, men ikkje gratis å bruke.


Den norske ordboka er den einaste i heile verda som også har med dialektar.


– Det gjer Norsk Ordbok eineståande i europeisk samanheng, peikar Åse Wetås på.

Av Yngve Vogt
Publisert 29. juli 2013 13:59 - Sist endret 29. juli 2013 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere