DNA-molekylet: Kampen om metaforane

Då Watson & Crick oppdaga DNA-dobbelheliksen i 1953, var folk som bergtekne. Men kvifor er vi så fascinerte av gen?

MONA LISA:  Ikkje noka anna molekyl i vitskapens historie har ein liknande ikonisk status som DNA-dobbelheliksen, "The Mona Lisa of modern science". Men spiller gena så stor rolle som vi trur? Vi menneske deler 98 prosent av gena med sjimpansar. Er vi då 98 prosent sjimpansar? (Illustrasjon: Hanne Utigard)

– Biletet av ein spiral som ved hjelp av berre fire byggjesteinar inneheld vårt arvemateriale, tiltalar oss på grunn av si enkle form og sin eleganse, trur biolog og filosof Gry Oftedal ved Universitetet i Oslo.

– DNA-molekylet, som også er kalla den moderne vitskapens Mona Lisa, er blitt eit ikon for vår tids biologiske framsteg.

 

For stor plass?

Men kanskje har gena fått for stor plass i forhold til det komplekse biologiske miljøet dei er ein del av?

– Forskarar innanfor molekylærbiologien er som regel ikkje genetiske deterministar. Dei er fullt klar over at også andre faktorar enn gen bestemmer korleis ein biologisk prosess utviklar seg.

Men dette kjem ikkje alltid fram når forskarar og vitskapsjournalistar skal formidle forskingsresultat.

– Avisene presenterer ofte overskrifter av typen “nå er fedmegenet funnet”, eller “forskere har funnet voldsgenet”. Dermed kan folk få inntrykk av at gen spelar ein større rolle enn dei faktisk gjer.

– Er det så farleg då?

– Viss målet er å gi eit sant bilete av det vitskapen har funne ut, er svaret absolutt ja. Den ytste konsekvensen av ein slik tankegang er også ganske absurd. Det er for eksempel populært å snakke om at menneske og sjimpansar deler 98 prosent av gena, og så bruke dette som eit argument for likskap mellom artene. Men, som filosofen Monika Piotrowska peikar på i eit essay, deler vi også 75 prosent av gena våre med graskar. Er vi dermed 75 prosent graskar?

 

Kontrollsenter eller ressurs?

Språket vårt reflekterer måten vi tenkjer på. Metaforane som blir brukte om DNA, handlar ofte om at det er gena som styrer. Vi snakkar om livets bok, genetiske kodar og genetiske program. I daglegspråket blir DNA og gen gjerne kopla til eit omgrep som essens.

– Essensielle eigenskapar ved nesten kva som helst ligg i ‘DNA’-et. Ei bedrift kan til dømes reklamere med at det å vere serviceinnstilt, ligg i verksemda sitt DNA.

Ein annan og meir tenleg måte å snakke om gen på, meiner Gry Oftedal, ville vere å framheve at gen er noko som blir uttrykt i samspel med andre gen og faktorar i ei celle.

– I boka “The music of life” omtalar Denis Noble gena som eit orkester utan dirigent. Det er også viktig å få fram dei meir passive aspekta ved gen; gen er ressursar som blir brukte og uttrykte av cella, dei treng ikkje vere kontrollerande eller regulerande faktorar, understrekar ho.

På 1920-talet begynte ein å snakke om gen som konkrete einingar plasserte på kromosom. Før den tid var “gen” berre eit abstrakt omgrep, eit slags tenkt prinsipp som ikkje kunne plasserast i nokon materiell struktur. Etter oppdaginga av DNA-molekylet kunne dei definere gen som molekylære sekvensar på kromosoma.

– I dag veit vi at det heller ikkje er så enkelt som at gen ligg på rad og rekkje som perler på ei snor og kodar for kvart sitt protein. Kortare og lengre gensekvensar som bidreg til produksjonen av eit protein, kan vere spreidde rundt omkring i genomet, og det føregår også mykje prosessering på vegen frå eit gen til eit protein, noko som gjer at ein gensekvens kan vere opphav til hundrevis eller tusenvis av ulike protein avhengig av kontekst.

Somme forskarar har tatt til orde for at vi burde slutte å snakke om gen og heller finne nye omgrep.

– Men genforskarane løyser gjerne dette problemet ved at dei brukar gen-omgrepet på ulike måtar i forskjellige forskingskontekstar. I praksis ser det ikkje ut til å vere så problematisk at forskarar faktisk ikkje refererer til det same når dei snakkar om gen i ulike samanhengar.

FRI VILJE: – Mange oppfatter det som om dei hadde ein fri vilje som biologien og genforskinga no stel meir og meir av. Men vi treng ikkje trekkje ein slik konklusjon, seier Gry Oftedal.

Systembiologi og filosofi

For tida leier Gry Oftedal eit fireårig nordisk forskingsprosjekt som handlar om det filosofiske grunnlaget for systembiologi.

– Systembiologien er eit relativt nytt, interdisiplinært fagfelt der mellom andre matematikarar og biologar arbeider saman om å lage meir komplekse modellar og simuleringar for biologiske prosessar enn det som har vore vanleg tidlegare.

– Filosofar kan ha ein viktig rolle ved å avklare omgrep i slike kryssingspunkt mellom ulike vitskapar. Mange systembiologar hevdar at dei har ei ny tilnærming til biologisk forsking. Dei er ikkje lenger reduksjonistiske, men holistiske og ser på biologiske system frå eit heilskapsperspektiv. Dei undersøkjer til og med emergente fenomen. Reduksjonisme og emergens er omgrep filosofane har studert lenge, og det er difor interessant å sjå på kva biologane meiner når dei nyttar dei same termane.

I delar av systembiologien hevdar dei også at ein avdekkjer nye høgare ordens lover og prinsipp, som det ikkje finst eit godt nok omgrepsapparat for.

– Spesielt systembiologen Olaf Wolkenhauer har teke til orde for at filosofar og systembiologar må samarbeide på dette området.

Det synest Oftedal er gledeleg.

 

Fri vilje

Ein mykje brukt modell for årsakssamanhengar eller kausalitet i filosofien, er, forenkla sagt, at noko er ei årsak dersom det fører til ei endring. Men biologiske system er robuste i den forstand at ein kan fjerne gen utan at det treng å føre til ei endring i systemets funksjon.

– Enkeltgen kan difor på sett og vis vere til overs. Likevel snakkar vi gjerne om dei same gena som viktige årsaker.

Saman med filosofen Anders Strand har Gry Oftedal nyleg presentert ein teori for korleis ein likevel kan bruke eit kontrafaktisk kausalitetsomgrep i slike biologiske system.

– Dersom så mykje ligg i gena, kva då med den frie viljen?

– Eg trur at mange kan oppfatte det som om dei hadde ein fri vilje som biologien og genforskinga stel meir og meir av. Men vi treng ikkje trekkje ein slik konklusjon.

Dessutan, legg forskaren til, viss vi er føreåtbestemt til å handle på ein viss måte, spelar det vel ingen stor rolle om det skuldast gen, arv eller miljø.

Sjølv trur ho at vi menneske har eit visst spelerom til å velje våre handlingar.

– Det verkar merkeleg at vi i evolusjonen skulle ha utvikla oss til så komplekse vesen som vi er, som medvite kan gjere vurderingar og ta avgjerder baserte på svært ulik informasjon, dersom vi ikkje skulle bruke denne høgt utvikla kapasiteten til noko.

Av Kari Tveito
Publisert 7. okt. 2013 07:33 - Sist endret 7. okt. 2013 07:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere