Store skilnader i språkforståing

Leseforståinga hjå tospråklege barneskuleelevar er mykje dårlegare enn hjå jamgamle einspråklege born. UiO-forskarar etterlyser no meir systematisk og langvarig språkstimulering frå barnehagealder.

Påverkar læringsutbytet: Det å forstå ord og innhald i ein tekst er essensielt for alle fag i skulen. Forskjellane som vert etablerte, får difor mykje å seie for læringsutbytet barnet får av skulegang i framtida, meiner Arne Lervåg, professor og leiar for studien. Foto: Colourbox

Skilnadene som vert etablerte allereie ved skulestart, ser ut til å vare gjennom heile skuletida. Det er difor viktig å gå endå tidlegare til verks med dei borna som heng etter, seier professorane bak studien, Arne Lervåg og Monica Melby-Lervåg ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.Professorparet har no sett i gang ein treningsstudie i barnehagen, i håp om å betre språkforståinga hjå tospråklege born som slit.
 

Store sprik

 – Tidlegare funn viser ingen forskjell i den tekniske leseevna, altså det vi kallar for avkoding av tekst, mellom ein- og tospråklege ungar. Men når det kjem til det å forstå ord og uttrykk – sjølve meiningsinnhaldet i teksten – er det store sprik mellom dei to gruppene. Dei einspråklege andreklassingane forstod mykje meir, og skilnaden ser ut til å vare gjennom heile barneskulen.

Arne Lervåg meiner barnehagane må leggje til rette for norskstimulering så tidleg som råd, gjennom systematisk leik og oppfølging over lengre tid.

– Når borna først har kome på skulen, lèt det til å vere for seint – dei tospråklege klarer ikkje å ta igjen dei einspråklege ungane.

Som eit forsøk på å jamne ut forskjellane og lære tospråklege born betre norsk og språkforståing, starta forskarane ein eksperimentell studie i kommunane Skedsmo og Lørenskog.

– Vi delte 116 tospråklege born tilfeldig inn i to grupper, der den eine gruppa fekk tett oppfølging i 18 veker. Der lærde dei å uttrykkje seg betre på norsk, ikkje berre ved å lese bøker, men ved å stille spørsmål og få dei til å forstå gjennom leik og aktiv deltaking som var tilpassa nivået deira. Den andre gruppa følgde vanleg barnehagepraksis og fekk ikkje like tett og systematisk oppfølging.

Forskarane tok deretter oppfølgingstestar idet borna begynte på skulen.

– Studien er ikkje publisert enno, men eg kan fortelje at treninga gav gode resultat. Dei tospråklege borna som fekk tett oppfølging, hadde mykje betre språkforståing enn gruppa som følgde vanleg barnehagepraksis. Langtidseffekten var likevel mindre synleg.

– Nivået fall tilbake etter kvart, noko som tyder på at det er viktig å halde ved like treninga i eit lengre tidsrom. Frå andre internasjonale studiar veit vi også at språkforståing er fundamentale ferdigheiter som kan vere vanskeleg å trene opp i løpet av kort tid. Difor er vi no i gang med ein ny treningsstudie for einspråklege ungar med svak språkforståing. Der vil vi følgje dei over ein lengre periode i håp om å sjå ei meir varig betring.

– Er oppfølginga i norske barnehagar for dårleg?

– Det er ulik barnehagepraksis frå kommune til kommune, og ein del barnehagar legg til rette for språkstimulering, medan andre ikkje følgjer like godt opp. Foreldre må også sørgje for at ungane blir eksponerte for norsk språk heime. Men dersom det ikkje vert gjort nok i barnehagen, vil det forsterke problemet. Vi ønskjer først og fremst at barnehagepersonell blir medvitne om problemet, slik at dei kan gje borna den kunnskapen som trengst for å starte på skulen.

Av Camilla Smaadal
Publisert 15. okt. 2013 10:59 - Sist endret 12. des. 2013 09:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere