Salsa-nasjonalismen lever på Cuba

Kubansk nasjonalisme forsterka av patriotiske salsarytmar erstatta den marxistiske ideologien då Sovjetunionen klappa saman og russarane blei borte.

SALSAPOLITIKK: – Salsa med kritikk av samfunnsforholda på Cuba har slått gjennom blant folk flest og blir akseptert av  styresmaktene. Men det er som inspirasjon for kubansk nasjonalisme salsaen blir brukt av dei kubanske styresmaktene, seier Kjetil Klette Bøhler.  Foto: Jeff Lipshitz.

Me er kubanarar, afrikanarar og spanjolar, me er den perfekte blandinga, den reinaste kombinasjonen, det beste som er skapt,” syng Cubas mest kjende salsagruppe, Los Van Van kvart åttande sekund under refrenget i slageren “Somos cubanos.”

– Når mellom 200 000 og 300 000 kubanarar syng med og dansar den saman på ein av dei store festane på La Tribuna Antiimperialista – den antiimperialistiske tribunen – eller på karnevalet i Santiago de Cuba, blir den nasjonale identiteten og kjensla av å vera stolte av å vera kubanarar styrkt, seier stipendiat Kjetil Klette Bøhler på Institutt for musikkvitskap, Universitetet i Oslo.

Hyllar nasjonen og kulturen

Han peikar på at til dømes songen “Somos cubanos” (Me er kubanarar) truleg blir for mykje av ein hyllest til ein felles nasjon og ein felles kubansk kultur for oss nordmenn. Grunnen kan vera Europas røynsler med både fascismen og nazismen. Cuba har ei heilt anna erfaring, understrekar han og peikar på den dramatiske historia til Cuba.

– Landet kjempa først for sjølvstende mot spanjolane i fleire omgangar, med poeten og frigjeringsleiaren José Martí som den store helten og førebiletet. Då Spania var kasta ut, begynte åra med den amerikanske påverknaden på den politiske kursen til Cuba. Etter Revolusjonen i 1959 og under heile den kalde krigen levde Cuba med trugsmålet om at USA ville invadera dei. Då austblokka og Sovjetunionen fall saman, gjekk landet inn i ein økonomisk og sosial krise, som nesten pressa landet i kne. Etter at Cuba reiste seg igjen, blei den cubanske nasjonalismen den rådande ideologien, men med revolusjonen i 1959 som ein del av den sjølvstendekampen José Martí leidde, og som kasta Spania ut av Cuba, fortel Bøhler.

Saman med José Martí står Nicolas Guillén og Fernando Ortiz som dei store cubanske litterære ideologane. Alle desse tre kulturideologane såg på musikk og annan kunst som ei sentral kjelde til å skapa eit nytt politisk medvit rundt eit nytt og fritt Cuba mellom 1870 og 1987, og bidrog til førestellinga om at kubanske musikk- og kunstformer uttrykkjer det kubanske. Dei tre kulturideologane, og særleg Martí, er ideologiske berebjelkar i dagens revolusjonære Cuba.

Salsa – eit godt varemerke

I åra mellom 2006 og 2011 var Kjetil Klette Bøhler fleire gonger på Cuba. Avhandlinga er mellom anna bygd på intervju han har gjort med musikarar, musikkelskarar og ein musikkvitar på Cuba.

– Regjeringa ynskjer å bruka salsamusikken til å byggja opp ein kjærleik til Cuba, til kubansk historie og kubansk kultur. Gjennom at fleire hundre tusen kubanarar blir bydde opp til salsadans, oppfyller salsaopplevinga staten sitt ynske om nasjonsbygging og fellesskap. Gjennom den estetiske nytinga i salsaen når denne musikkpolitikken store delar av folket og byggjer opp ein felles kubansk identitet hos alle på Cuba. Sjølv har eg lansert omgrepet revolusjonisme, altså ei blanding av evolusjonen sin ideologi om framsteg, endring og sjølvstende, kombinert med nasjonalisme, seier Klette Bøhler.

Mange salsamusikarar får lønn frå staten og får høve til å dra på turné i heile landet, frå det eine Casa de la Musica til det neste. Ein cubansk musikkvitar har rekna ut at Cuba er det landet i verda som brukar mest pengar på kulturtiltak i prosent av statsbudsjettet. Og etter Revolusjonen i 1959 blei det etablert mange musikk- og danseskular og mange store og små musikkgrupper.

– Historisk sett har derimot mange av dei kubanske musikkstilane folk i dag ser på som erkekubanske,slike som son og mambo frå 1920- til 1950-talet, fått mest å seia nasjonalt etter at dei blei populære i New York eller i Paris. Utlendingar assosierer Cuba med salsamusikken, og det er eit godt varemerke for landet.

Syng om prostitusjon og svartebørs

– Er det berre hyllest til Cuba og kubansk kultur som er tillate i salsatekstane?

– I ein tale frå 1961 sa Fidel Castro at alt var lov innanfor Revolusjonen, og ingenting var lov utanfor Revolusjonen. Mange har tøygd den tolkinga svært langt, men ein artist som visesongaren Silvio Rodriguéz var tidleg ute med lett kamuflert kritikk i tekstane sine. Under krisa på 1990-talet var det fleire grupper som begynte å syngja om både prostitusjon og om svartebørsen. Men det var berre enkelttilfelle. Mange frykta at for kritiske tekstar ville føra til at dei aldri meir fekk jobba som musikarar, fortel han. I dag ser Klette Bøhler fleire døme på at salsa med kritikk av samfunnsforholda på Cuba har slått gjennom blant folk flest og blir akseptert av styresmaktene. Songen “Carita de pasaporte” (Passansikt) med Havana d’Primera er det beste dømet på det.

– Då eg var på Cuba i 2011, høyrde eg songen på fleire konsertar. Med ein gong gruppa begynte å framføra songen, begynte folk å syngja med og dansa til musikken. Det var tydeleg at teksten, som handlar om kor tøft det er å vera på Cuba, med dårleg betalte jobbar, ekteskapsvald og sensur, får folk til å prøva å skaffa seg eit pass som kan gi dei håp om eit betre liv i eit anna land. Like etterpå blei songen spelt inn på plate, og den blei endå meir kjend gjennom at nokon la han ut på YouTube. I kommentarfeltet ligg det mange tekstar som vitnar om korleis songen kan forsterka og inspirera til politisk kritikk av dagens Cuba mellom lyttarane og korleis musikken slik kan danna eit politisk medvit.

– Har denne kritikken verka inn på politikken til brørne Raúl og Fidel Castro?

– Ja, absolutt. For fram til 14. januar 2013 var det ikkje mogleg for vanlege kubanarar å få reisa ut frå Cuba utan godkjenning og stempel frå ein statsråd. No kan alle som vil og som har råd til det, skaffa seg eit pass. Problemet no er å få visum til det landet dei ynskjer å reisa til, peikar han på.

Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2013 09:17 - Sist endret 10. des. 2013 11:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere