Visepresidenten – den statslønna kuppmakaren

I mange land i Latin-Amerika er  visepresidenten den einaste som tener på at presidenten går av. Det kan vera årsaka til den politiske ustabiliteten i desse landa.

VISEPRESIDENT BLEI PRESIDENT: Då president Hugo Chávez i Venezuela døydde av kreft tidlegare i år, måtte det haldast nytt presidentval for at visepresident Nicolás Maduro kunne overta som president på legalt vis. Han var berre utnemnd av presidenten og ikkje folkevald. Foto: Huffington post.

Mange land i Latin-Amerika har presidentstyre med fleirpartikoalisjonar.

– Eg forsøkjer å finna ut om visepresidentembetet i slike regjeringar skaper politisk stabilitet eller ustabilitet, seier førsteamanuensis i latinamerikanske områdestudium, Leiv Marsteintredet på Universitetet i Oslo.

– Visepresidenten er den einaste i regjeringa som ikkje er utnemnd av presidenten, men på same måten som presidenten, er vald av folket. Dersom presidenten går av midt i ein periode, er visepresidenten den einaste som tener på det, sidan han då kan overta presidentembetet, forklarar han.

Splitta lojalitet.

Dette har skapt mange mytar.

– I Argentina blir det sagt at visepresidenten er den einaste statslønna kuppmakaren. For å finna ut kor stor sanning det ligg i denne utsegna, har eg gått gjennom historia til 80 av dei 137 visepresidentane frå slutten av 1980-talet og fram til i dag. Eit interessant funn er at 30 av desse visepresidentane tilhøyrde eit anna parti enn presidenten.

 

Før eit val blir fleire parti einige om kven som skal ha presidenten og kven som skal ha visepresidenten. Begge står på den same vallista, og begge blir valde samtidig. Etter hans meining kan dette føra til lojalitetsproblem når ei krise oppstår. Visepresidenten kjem i eit dilemma, om han skal vera lojal mot presidenten og regjeringa eller overfor sitt eige parti. Det hender ofte at regjeringa sine interesser kjem i konflikt med interessene til partiet som visepresidenten tilhøyrer.

 

– Då kan visepresidenten velja å vera lojal mot partiet sitt. Eit ferskt døme på dette er avsetjinga av president Fernando Lugo i Paraguay i juni 2012. Der representerte visepresident Federico Franco Det liberale partiet, som var det største partiet i koalisjonen. Då partiet fann det formålstenleg å avsetja presidenten, var visepresident Federico Franco heilt med på planen, og deltok i regien av sin eigen president sin naudsynte avgang. Det blei vist til at han måtte ta ansvaret for ei skotveksling der seks politimenn og elleve bønder blei drepne under ein jordokkupasjon. Slik kunne visepresidenten overta embetet og sitja i det til det var halde eit nytt presidentval seinare på året.

 

Gjekk imot sin eigen president.

I Argentina er visepresidenten også leiar for Senatet.

– I 2008 skapte det store problem for president Cristina Fernández Kirschner. Då gjekk regjeringa hennar inn for ein ekstraskatt på all eksport av landbruksprodukt. Då saka kom opp i Senatet, stemde hennar eigen visepresident imot forslaget, og regjeringa blei dermed sterkt svekka. Det blei også visespresidenten, som i neste valperiode valde å bli lokalpolitikar i Buenos Aires, oppsummerer Marsteintredet.

Frå blått til raudt på eit døgn.

Historisk har det hendt at i dei landa der det har vore militærkupp, har dei militære ofte gått i allianse med visepresidenten for å gi kuppet ein viss grad av legitimitet. I andre land har dei derimot falle visepresidenten i ryggen.

– I Brasil blei det det fram til 1961 valt president og visepresident på to ulike lister. I 1961 vann den konservative kandidaten Jãnio Quadros presidentvalet, medan venstresida sin kandidat Jõau Goulart vann visepresidentvalet. Den konservative presidenten kom nokre månader seinare med eit ultimatum om at dersom han ikkje fekk fleirtal for eit forslag, ville han trekkja seg som president. Han fekk ikkje fleirtal og trekte seg. Dermed rykte visepresidenten opp i presidentstolen. Frå ein dag til den neste var Brasil gått frå blått til raudt. Det var grunnen til militærkuppet nokre år seinare, i 1964, fordi dei ikkje ville ha ein president frå venstresida, slår forskaren fast.

Bolivar avskaffa embetet.

Problemet med visepresidentembetet i Latin-Amerika er ikkje av ny dato. Det starta allereie med den første regjeringa til heile Latin-Amerikas store frigjeringshelt, Simón Bolivar i 1827.

– Då den tidlegare generalen blei president i Stor-Colombia, som omfatta både dagens Colombia og Venezuela, hadde han med seg Francisco Paula de Santander som visepresident. Det blei tidleg mistenkt at han var i ferd med å planleggja eit kupp mot sin eigen president. Då det blei oppdaga, ville støttespelarane til Bolivar gjerne avretta Santander så fort som mogleg, men Bolivar løyste problemet ved å senda han langt bort. Samtidig avskaffa han visepresidentembetet, fortel Marsteintredet.

Lærdomen til Chávez.

Ein som truleg kunne noko av historia om visepresidentembetet i Latin-Amerika og prøvde å gjera noko med det, var Venezuelas nyleg avdøde president Hugo Chávez.

 

– Det han gjorde var ganske unikt for Latin-Amerika. For å sikra at visepresidenten hadde lojalitet overfor presidenten og ikkje til eit parti eller sin eigen karriere, sytte han for å endra konstitusjonen slik at visepresidenten ikkje skulle bli vald, men bli utnemnd av presidenten. Det var ei ordning som Chávez nytta seg av i stor stil og som hjelpte han til å vinna og oppretthalda sin utruleg sterke posisjon i regjeringa. I løpet av dei 13 åra han var president, hadde han åtte forskjellige visepresidentar, poengterer han.

Eit dødsfall med komplikasjonar.

Denne grunnlovsendringa førte derimot til store problem då Hugo Chávez døydde av kreft medan han formelt sett framleis var president.

– Om visepresidenten hadde blitt vald av folket saman med Chávez, ville det ikkje ha vore noka sak. Då ville visepresidenten automatisk ha blitt president ut valperioden. Sidan visepresident Nicolás Maduro var utnemnd av den avlidne presidenten, var det ikkje heilt klart kven som skulle etterfylgja Chávez. Konstitusjonelt skulle det normalt vera presidenten for nasjonalforsamlinga, medan andre meinte at det likevel ville vera naturleg at visepresidenten overtok vervet, men at det uansett måtte haldast eit nytt presidentval. Til slutt blei regjeringa og opposisjonen einige om at dei måtte halda nytt presidentval. Då stilte fungerande president, visepresident Nicolás Maduro opp som kandidat for Sosialistpartiet, medan Henrique Capriles stilte for opposisjonen. Maduro vann med knapp margin.

Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2013 09:54 - Sist endret 2. jan. 2014 10:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere