Har redusert sjølvstende og tapt medverknad i EU

Noregs forhold til EU underminerer Grunnlova som basis for demokratiet. 

– I dag er spørsmålet om Noregs forhold til EU gjer at me er i ferd med å skru tida tilbake til før Grunnlova frå 1814. Noreg har ‘taxation without representation’ i høve til EU. Noreg er utan stemmerett og utan representasjon, men må betala, konstaterer statsvitskapsprofessorane Erik Oddvar Eriksen og John Erik Fossum.

Dei arbeider begge på ARENA Senter for europaforsking, Universitetet i Oslo, som har fått pengar frå grunnlovsprosjektet til Noregs forskingsråd til å forska på kva den europeiske integrasjonsprosessen gjer med Grunnlova og demokratiet.

Eit pradoks  

Eriksen og Fossum har redigert boka «Det norske paradoks», der dei og ei rekkje andre EU-forskarar påviser korleis Noregs forhold til EU underminerer Grunnlova som basis for demokratiet.

– Det var først i 1884 med innføringa av parlamentarismen og i 1913 med innføringa av stemmerett for kvinner, den norske grunnlova begynte å bli demokratisk. Paradokset er at i forholdet til EU vender Noreg tilbake til praksisen frå tida før Grunnlova blei demokratisk.

– I dag drar norske politikarar til Brussel og forhandlar med EU-institusjonane om innføring av nye lover og reglar, utan at det norske folk har representasjon i EU-parlamentet og heller ikkje stemmerett i EU. Noreg må difor innføra lover som det norske folket ikkje har innverknad på gjennom sine politiske representantar, slik EU-landa har.

– Ein husmannskontrakt

Erik Odvar Eriksen forklarar kvifor det er blitt slik:

– I forholdet til EU vender Noreg tilbake til praksisen frå tida før Grunnlova blei demokratisk, seier Erik Oddvar Eriksen ved ARENA Senter for europaforskning ved UiO.

 

Det begynte med avgjerda om å inngå EØS-avtalen. Den gav Noreg full rett til å nytta seg av dei fire fridomane til EU, samtidig som Noreg skulle vera utan folkevald representasjon i Brussel. Etter vår meining er EØS-avtalen blitt ein husmannskontrakt. Eit paradoks er at mens eit fleirtal av folket i folkerøystingane i 1972 og 1994 begge gonger sa nei, er like fullt resultatet blitt at Noreg innfører EUs lover og føreskrifter i eit rivande tempo utan at det norske folk har innverknad på desse lovene, slår Eriksen fast.

– Det hadde vore eit mindre demokratisk problem, om Noreg hadde vore medlem av EU og innført desse lovene og føreskriftene. Då ville Noreg også hatt politisk representasjon i Brussel, legg han til.

Fossum viser til at Noreg og EU har to ulike definisjonar av kva suverenitet er. I Noreg handlar det om nasjonal suverenitet og retten til å ta nasjonale avgjerder i Stortinget, medan EU-systemet er meir basert på medverknad og delt suverenitet. Difor sit representantar for dei 28 medlemsstatane saman rundt eit bord for å bli einige om viktige spørsmål. Samtidig sit Noregs diplomatar eller politikarar på gangen.

Begge er einige om ein svært viktig ting:

– Gjennom resultatet av dei to folkerøystingane i 1972 og 1994 har Noreg redusert sitt nasjonale sjølvstende, og i tillegg tapt høvet til å ha medverknad på utforminga av lovene i EU-institusjonane, konstaterer dei. – Me snakkar gjerne her om ein form for demokratisk sjølvskading, meiner dei.
 

Surrogatrepresentasjon

Fossum peikar på at Noreg heile tida er på utkik etter surrogatrepresentasjon i EUs organ. I mange år trudde Noreg og norske diplomatar at den rolla ville gå til dei andre nordiske landa som Danmark, Sverige og Finland. Realiteten har vist noko anna.

– Faktisk er det Tyskland som oftast har målbore Noregs syn inn i EUs politiske institusjonar. Nettopp difor var det viktig av statsminister Erna Solberg å leggja det første utanlandsbesøket sitt til statsminister Angela Merkel i Tyskland, meiner Eriksen og Fossum.

Etter deira meining har Noreg klart å strekkja seg svært langt i å vera innanfor samtidig som landet er utanfor.

– Noreg er like godt integrert i EU som dei fleste medlemslanda. Samtidig som Noreg sa nei til å vera fullt medlem i EU, sa den norske regjeringa ja til at norske soldatar kunne vera ein del av EUs innsatsstyrkar. Her er Noreg faktisk meir med enn medlemen Danmark.
 

Rettsaktivisme

Ei viktig røynsle som Noreg har hausta etter snart 20 år med EØS-avtalen er korleis EFTAS overvakingsorgan ESA heile tida peikar på norske lover som ikkje er i samsvar med EUs lover.

– Grunnlova frå 1814 var sett i høve til dentids ståstad politisk radikal. Frå vår ståstad i dag var ho udemokratisk, fordi ho ikkje gav folk allmenn stemmerett, seier John Erik Fossum ved ARENA Senter for europaforskning ved UiO. 

– Slik rettsaktivisme har ikkje norske styresmakter tidlegare vore vande med. Då blir det også spennande å sjå på forholdet mellom den norske Høgsteretten, EU-domstolen og EFTA-domstolen. I dag er det så mange EU-lover og føreskrifter at det er ingen i Noreg som har fullt oversyn over heile dette lovverket, seier Eriksen og Fossum.

I dette tomrommet har både det norske byråkratiet og EU-byråkratiet funne sitt eige handlingsrom.

– Nettopp fordi mange av dei avgjerdene EU tar er føreskrifter, kan dei bli innført i det nasjonale lovverket utan at dei nasjonale parlamenta treng handsama dei. På den måten har byråkratiet fått meir makt. Det er også eit demokratisk problem, seier dei to EU-forskarane.

– EØS er einaste alternativ

Trass i at dei ser mange betenkelege sider ved EØS-avtalen, trur dei ikkje at Noreg har andre alternativ, så lenge Noreg ikkje er medlem i EU.

– Men kven i Noreg har tent mest på på at landet vårt ikkje er EU-medlem?– Å ha bilaterale avtalar med EU i alle små enkeltsaker slik Sveits har, vil ikkje vera noko god løysing for Noreg. EU er allereie irritert på Sveits og den spesialbehandlinga landet får, men samtidig ligg landet midt mellom EU-landa, og det er umogleg å koma utanom eigne avtalar med Sveits.


– Det norske landbruket, er Eriksen overtydd om.

– Kva er dommen over EU 60 år etter at organisasjonen blei danna?

– Den blei grunnlagt for at dei store statane skulle bli haldne i sjakk av dei mindre statane i Europa. 60 år med fred må bety at det har vore ein suksess. Nokon har sagt at om ikkje EU hadde funnest, måtte me ha funne opp organisasjonen.

– Og kva bør løysinga på mangelen på demokratisk representasjon i EUs organ for Noreg, bli?

– Det einaste som vil bøta på det, er sjølvsagt at Noreg blir EU-medlem. Me har oppdaga at Noregs status som utanforland har dekt over kor mykje føresetnadene for statleg suverenitet er endra i Europa. I Noreg er den rådande oppfatninga at nasjonalstaten er føresetnaden for demokratisk konstitusjonalisme. Denne forståinga er det som blir utfordra i dagens Europa, konkluderer Eriksen og Fossum i «Det norske paradoks. Om Norges forhold til Den europeiske union». I mars blir boka diskutert under Grunnlovsveka på UiO.

 

Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2014 10:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere