Då plasten kom til Noreg

Interessa for å laga ferdigprodukt av plast var enorm i etterkrigstida. Nokre produkt blei store eksportsuksessar, som Anne-dokkene frå Stavanger og lystbåtane frå Evje.

ENORM SUKSESS: Dei norsk-produserte plastbåtane hadde ord på seg for å vera av god kvalitet og hadde fin design. Biletet er frå ein brosjyre frå sekstitalet, og synar ein Selco select 13. Skroget er teikna av Otto L. Scheen. Dekk og innreiing er teikna av Selco. (Frå omslaget til boka "Plastic - historier om plastbåten." Vest-Agder-museet.)

– På sekstitalet reiste folk frå heile Europa til den vesle plassen Evje i Aust-Agder for å kjøpa båt. Dei små, hurtiggåande plastbåtane frå Sørlandet selde nærast seg sjølve – båtar med lekker utsjånad, inspirerte av amerikansk bildesign. Produksjonen av norske lystbåtar i plast var ein kjempesuksess, fortel Liv Ramskjær. Ho er generalsekretær i Noregs museumsforbund, og ho skriv samstundes på ei doktoravhandling ved Universitetet i Oslo om plasten si historie i Noreg. Om korleis eit nytt materiale og ein ny teknologi vann innpass i norsk industri og samfunnsliv. Og i folk sitt kvardagsliv.

Støpsel og oskebeger

– Det aller fyrste produktet i plast her i landet var eit pressa stikkontaktdeksel i bakelitt, produsert av Norsk Teknisk Porselensfabrik i Fredrikstad i 1929. Same år hadde det kome ei lov som forbaud bruk av porselen i støpsel, deksel for brytarar, stikkontakter og koplingsboksar. Desse skulle no erstattast med herdeplasten bakelitt – som er den aller første heilsyntetiske plasten, funnen opp av den belgisk-amerikanske kjemikaren Leo Baekeland i 1908.

– Plastindustrien har heile tida vore basert på vitskap, fortel Ramskjær. – Dei nye, syntetiske plastane polyetylen, polyvinylklorid, polystyren og nylon blei alle utvikla etter systematisk forskingsarbeid allereie på 1930-talet.

Før andre verdskrigen var om lag ti bedrifter komne i gang med å laga plastprodukt, mellom andre Presto A/S i Stavanger, A/S Norsk Presstoff, W. Jordan Børste & Penselfabrik.

– Det er morosamt at enkelte av bedriftene som blei etablerte på denne tida, framleis er i drift. Eg har hatt glede av å besøkja fleire av dei, fortel ho.

EKSPORT: – Det er interessant å merka seg kor stor del av den samla produksjonen av plastbåtar som blei eksportert. Fleire produsentar sende ni av ti båtar ut av landet, fortel Liv Ramskjær. (Foto: Trine Nickelsen).

I byrjinga arbeidde dei fleste bedriftene med bakelitt. – Plastindustrien vart gjerne kalla oskebegerindustrien, fordi oskebeger og sigarboksar utgjorde ein viktig del av produksjonen.  Dørhandtak, skrukorkar og knappar var andre viktige produkt som tidleg blei laga i bakelitt.

Begeistring og kritikk

I mellomkrigstida var bruken av plast avgrensa til nokre få luksusprega produkt, som flotte bakelittradioar, toalettbordsett av celluloid og smykke. I 1932 viste bedrifta Elektrisk Bureau fram verdas fyrste gaffellause telefon, støypt i svart bakelitt – eit norsk produkt som skulle få internasjonal suksess.

Det var fyrst etter andre verdskrigen at plasten kom den jamne forbrukaren til gode.

– Synet på plast har svinga frå stor begeistring over dei nye eigenskapane til materiala – ikkje minst at dei var så utruleg formbare – til kritikk av dårlig kvalitet. Både produsentar og forbrukarar hadde ofte lite kunnskap om dei nye kunststoffa, og tinga i plast blei til dels både laga og brukte feil.

Den store vekstfasen starte med ein gong krigen var over. Dei nye, norske plastbedriftene produserte konsumvarer som folk trong, og som det var muleg å eksportera.

– Styresmaktene var skeptiske, men måtte berre konstatera at interessa for å laga ferdigprodukt av plast var enorm: Isolasjonsmateriell, slangar, hushaldsartiklar, flasker til farmasøytisk industri og flakongar til parfymeindustrien, briller, kulepennar, toalettartiklar, møblar, golvbelegg, leiker og klede.

Starta på kjøkenbordet

Dei ti bedriftene vart snart til hundre. God tilgang på pengar og skort på varer under okkupasjonen gjorde omsetninga stor då freden endeleg kom. Omfattande importrestriksjonar gav ein beskytta marknad, og opna for etablering av nye, norske bedrifter. Personane bak dei fyrste plastbedriftene var typiske entreprenørar.

– Mange starta opp småindustri på kjøkenbordet, med enkle produkt som leikedyr og kammar, nesten utan kapital og ofte med lite kjemikunnskapar. Prøving og feiling var den viktigaste læremetoden i den nye bransjen, peikar Ramskjær på. Seinare vidareutvikla mange av dei verksemda til større industribedrifter.

Ein av desse var Åsmund Lærdal i Stavanger. I 1949 kom han heim frå USA med eit nytt gummiliknande stoff, PVC. Året etter var firmaet hans, Tomte Småvareindustri, det fyrste i Europa som brukte mjukplasten vinyl i dokkeproduksjonen. Dei såkalla Anne-dokkene og Tomte-bilane blei ein eksportsuksess. Så seint som i 1965 blei to av tre dokker sende ut av landet. Ragnar Heger er ein annan plastentreprenør, som på femtitalet blei kjend for  grammofonplatene bedrifta hans, Heger Plastics, produserte for EMI.

Eit tredje døme på ein typisk plastentreprenør, er Johan Aasheim. I 1948 etablerte han Norsk Extruding på Notodden, som etter kvart blei ein storprodusent av plastflasker og ei lang rekkje andre produkt. Nokre år før hadde han med seg polyetylen frå England og eksperimenterte heime på kjøkenet med ekstrudering, trykkforming, gjennom dyser. Til eksperimenta nytta han ei ombygd kjøtkvern driven av ein symaskinmotor.

Mange og små

– Omkring 1960 var det minst 200 ulike bedrifter som produserte mange forskjellige slags plastprodukt og delar, dei fleste små. At nesten 40 prosent var grunnlagde allereie før 1952, fortel oss at etableringa av plastbedrifter dei første etterkrigsåra var særs rask.

Moss var den store plastbyen, med heile 18–19 ulike bedrifter som laga produkt i plast, blant dei Helly Hansen A/S og Moss Glasværk. Også andre stader, som Fredrikstad og Notodden, voks det fram miljø rundt eit knippe plastbedrifter. 

Dei nye sjølvhjelpsbutikkane kravde ferdigpakka varer, og plasten eigna seg svært godt. Då prisen på plastråstoffet polyetylen vart halvert kring 1960, blei plastprodukt for hushald og emballasje endå meir utbreitt.

Den fyrste plastbåten

Men så attende til plastbåtane. For nettopp dette produktet skulle bli ein særleg stor suksess. I åra rundt 1970 var produsentane på Sørlandet, særleg i Aust-Agder, dei største leverandørane av plastbåtar i Europa.

– Men det var på Lillestrøm utanfor Oslo at plastbåteventyret starta. Ingeniøren Herbert Waarum, som i ettertid er rekna som “plastbåten sin far” i Noreg, var teknisk leiar i Norsk Formstoff på staden, ei bedrift som produserte forbruksvarer i plast. Han hadde vore i USA eit par år, jobba i den eine plastfabrikken etter den andre, og tok med seg nye kunnskapar heim. Han fekk med seg trebåtbyggjarfabrikken Ancas i Arendal, og saman eksperimenterte dei med å få laga ein båt i plast. I oktober 1953 lukkast dei: Den fyrste norske plastbåten såg dagens lys.

Tre månader seinare starta Ancas opp produksjon av båtar av glasfiberarmert polyester. I 1956 etablerte Waarum si eiga bedrift i Grimstad, Herwa Plast. Det fyrste han laga, var ti kanadiske kanoar. I dei neste 13 åra bygde bedrifta meir enn 5000 båtar i 34 ulike design, og også mange plastjollar for oppfinnaren og båtkonstruktøren Bror With.

I 1957 blei importrestriksjonane for påhengsmotorar oppheva. Same året presenterte 19-åringen Roald Skibsrud frå Evje i Aust-Agder sin eigen 15-fot lange “racerbåt” berekna på påhengsmotorar med opp til 40 hestekrefter. Ungguten hadde sjølv konstruert og bygd båten, laga støypeformene og gjort snikkararbeidet. – Skibsrud er eit typisk døme på den norske plastbåtentreprenøren sist på femtitalet: Inga formell utdanning ut over eitt år på yrkesskule og eit korrespondansekurs i teikning. Likevel klarte han på nokre få år å byggja opp eit firma som produserte meir enn 300 båtar årleg, konstaterer Ramskjær.

Til for nokre få år sidan leverte Skibsplast nye båtar til marknaden, og heilt fram til nittitalet designa og konstruerte Skibsrud sjølv alle båtane, og fram til det siste designa han skroget under vasslinja. No har Skibsplast lagt ned produksjonen, mens andre plastbåtprodusentar har flytta produksjonen til Baltikum.

– Kombinasjonen av plast og påhengjar representerte noko nytt til ein overkommeleg pris for dei mange. Meir ferie og fritid, og større velstand generelt, gjorde at salet av plastbåtane nærmast eksploderte.

Klondyke på Sørlandet

Historikaren peikar på at ein Klondyke-liknande atmosfære utvikla seg utover på sekstitalet:

– Å etablera verksemder basert på glasfiber og polyester var relativt enkelt og rimeleg – om ein berre hadde nokre gode idear. Nesten kven som helst kunne gå i gang, og om ein lukkast, kunne ein raskt tena ein god del pengar. Kvart år blei 26 nye bedrifter starta opp. Kvart år vart 25 lagde ned.

Dei norske båtane fekk raskt eit godt rykte. Då bedrifta Fjord Plast blei etablert i Arendal i 1961, deltok mellom andre den amerikanske polyesterprodusenten Gidden International. Ein av spesialistane deira besøkte fabrikken i Arendal, og fann at plastbåtane her var 25 prosent sterkare i konstruksjonen enn tilsvarande båtar på marknaden, og jamt over av betre kvalitet enn dei amerikanske typane.

– Det er interessant å merka seg kor stor del av den samla produksjonen av plastbåtar som blei eksportert. Fleire produsentar sende ni av ti båtar ut av landet, mellom anna til Nederland, USA, Frankrike og Brasil. Men svenskane var dei aller største kundane. Skibsplast, til dømes, eksporterte i 1961 minst 70 prosent av produksjonen til nabolandet. I 1968 hadde norske plastbåtprodusentar 40 prosent av den totale, svenske marknaden. Dei internasjonale kundane ynskte å kjøpa langt fleire båtar enn dei norske bedriftene greidde å produsera.

 

Kjelder: Norsk Teknisk Museum. Volund 1999-2000: «Plast i det moderne Norge». Vest-Agder-museets årbok for 2011: «Plastic – historier om plastbåten».

Av Trine Nickelsen
Publisert 9. apr. 2015 10:11 - Sist endret 21. apr. 2015 09:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere