Farfar før førti er farleg

Bestefedrar har ti prosent større risiko for å døy tidleg samanlikna med menn på same alder som berre er fedrar. Verst er det å bli bestefar før ein fyller førti.

RISIKO: Dess yngre ein er når det fyrste barnebarnet kjem, dess høgare er risikoen for å døy.

Barnebarn er livets krydder, heiter det. Men kva slags krydder er det eigentleg snakk om? Det kan vera grunn til å spørja etter at forskaren Solveig Glestad Christiansen har lagt fram resultata sine ved Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Eg vart overraska, vedgår ho, over det eg fann. – Mange snakkar om dei positive sidene ved det å ha barnebarn. Mindre einsemd, kjensle av meining med livet, meir kontakt med eigne barn – som no er blitt foreldre. Betre livskvalitet, større lukke.

Få har prøvt å finna ut korleis helse og velvære hos enkeltmenneske heng saman med det å verta bestemor eller bestefar. Og ingen har til no granska korleis dette heng i hop med fare for å døy.

– Mange har studert korleis det å ha barn påverkar eiga helse og dødsrisiko avhengig av kva for utdanning barna har. Men kan henda er det også andre ting med det å ha barn som påverkar eiga helse, som når barna får sine eigne barn? spør Solveig Glestad Christiansen, som har hatt professor i demografi ved Økonomisk institutt, Nico Keilman, som rettleiar i doktorgradsarbeidet sitt.

Glestad Christiansen har nytta data frå store register som dekkjer heile den norske befolkninga. Resultata hennar syner ein klår, negativ samanheng mellom det å ha barnebarn og det å døy tidleg.

Unge besteforeldre

Å få barnebarn er altså ikkje utan risiko. – Det er meir sannsynleg at ein farfar eller morfar døyr tidlegare enn ein som berre er far. Menn som har fått sitt første barnebarn før dei rundar førti, har høgast dødelegheit. Men òg dei som blir bestefedrar seinare i livet, har høgare dødsrisiko enn andre.

– For menn er det høgare dødstal i alle aldersgrupper samanlikna med dei som ikkje er blitt bestefedrar, men samanhengen er sterkast blant dei unge bestefedrane. Dess yngre ein er når det første barnebarnet kjem, dess høgare er risikoen for å døy. Dødsrisikoen vert gradvis lågare, men er framleis høgare for dei som blir bestefar etter fylte seksti samanlikna med dei som ikkje har barnebarn, påpeikar ho.

BESTEMOR; DERIMOT: – Å bli bestemor etter fylte femti, er positivt: Risikoen for å døy er monaleg mindre enn blant mødrer som ikkje har fått barnebarn, fortel Solveig Glestad Chrisitiansen. (Foto: Trine Nickelsen)

For kvinnene teiknar forskaren eit noko lysare bilete. Rett nok er faren for å døy større for dei som blir bestemødrer før dei er femti år, samanlikna med mødrer som ikkje er bestemødrer. Men for kvinner som får sitt fyrste barnebarn når dei har runda denne middagshøgda, er det annleis.

– Å bli bestemor etter fylte femti, er kopla til lågare dødsrisiko. Endå mindre er risken for å døy, om første barnebarn kjem etter at ein er blitt seksti år. Så det kan vera lurt “å venta med” å verta bestemor, råder Christiansen.

Kvifor?

Kva kan forklara den negative samanhengen mellom det å bli bestefar og det å døy tidlegare? Og kvifor er risikoen for å døy høgast blant dei yngste besteforeldra?

– Ei viktig årsak kan vera det vi kallar seleksjon: Det er noko spesielt i familiar der ein i generasjonar har fått barn i ung alder. Kvinner og menn i desse familiane ville kan hende hatt høgare dødelegheit, barnebarn eller ikkje, på grunn av sosiale og økonomiske forhold, som låg inntekt. Eg hadde data om utdanning, men ikkje inntekt, seier ho.

Kanskje skyldast resultata i det heile slik seleksjon. Men det kan òg vera noko her som er direkte knytt til det å vera bestemor eller bestefar.

– Vi kan tenkja oss at barnebarna legg ei bør på besteforeldra. Dei må trø til med barnepass og økonomisk støtte, noko som rett nok må sjåast i samanheng med dei positive sidene av å få barnebarn. Det kan synast som at byrdene er større enn gledene. Dette gjeld menn, men også til ein viss grad for kvinner.

– Det siste er kanskje overraskande, sidan bestemødrene involverer seg mykje meir i pass av barnebarn og rettleiing til foreldra, enn det bestefedrane gjer. Men kanskje trivst kvinnene betre med desse oppgåvene, eller dei finn meir glede i andre aktivitetar i lag med barn og barnebarn. Det kan også vera slik at menn kjenner seg tilsidesette når kona blir oppteken med barnebarn.

– Kva forklarar at dei yngste besteforeldra er mest utsette?

– Unge besteforeldre har barn som blei foreldre tidleg. Dei treng mest hjelp og assistanse. Det er òg mange einslege mødrer mellom dei unge mødrene. Kan hende ventar også barna at besteforelda skal stilla meir opp om dei er unge, samstundes som unge besteforeldre jobbar og er opptekne av andre ting når dei er såpass unge sjølve, trur forskaren. – Dessutan, legg ho til, kan dei som er blitt besteforeldre tidleg kjenna seg eldre enn andre på same alder som ikkje er blitt besteforeldre enda. Dette kan verka inn på den mentale helsa, og føra til ein meir passiv livsstil.

 

Av Trine Nickelsen
Publisert 7. mai 2015 10:25 - Sist endret 7. mai 2015 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere