Endringane i verda akselererer: Heng du med på karusellen?

Kva gjer du når arbeidsplassen din blir flytta til India, ordføraren er meir interessert i utanlandske investorar enn i skulen til borna dine, og landbruksjorda blir kjøpt opp av kinesarar som dyrkar mat for eksport?

KORALL: Det store barriererevet er det største korallrevet i verda, og ligg ved kysten av Queensland i nordaust i Australia. Revet er om lag 2000 km langt, men minkar fort. Det største trugsmålet er stigande havtemperaturer. Foto: Reuters, fotomontasje Apollon. 

I prosjektet Overheating studerer antropologar dei lokale konsekvensane av globaliseringa.

«Alt går så fort i våre dager», sukka den folkekjære trubaduren Odd Børretzen allereie i 1995. «Ikke bare tiden, ikke bare flyet til Amerika, biler, tog og båter, ikke bare musikk.» Dei eldre humra og kjende seg att, og dei yngre smilte og tykte synd i dei gamle som ikkje greidde å følgje med i tida.

Men no er det ting som tyder på at Børretzen ikkje berre gav uttrykk for kjenslene til ein gammal mann, men for ei heilt objektiv utvikling: Alt går faktisk fortare enn før, og ikkje berre det, det akselererer. Det er utgangspunktet for forskingsprosjektet Overheating, som blir leia av professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen.

‒ Korleis oppfattar folk i ulike lokalsamfunn dei akselererte endringane, og korleis reagerer dei? Kven kan dei legge skulda på, og kva kan dei gjere?

Slik oppsummerer Hylland Eriksen Overheating-prosjektet.

Dei tre krisene

Som utgangspunkt for prosjektet har forskarane identifisert tre store, globale prosessar som påverkar lokalsamfunn på alle kontinent. Dei tre prosessane er endringar i klima og miljø som resultat av menneskeleg aktivitet, økonomisk uvisse og korleis menneske skapar kultur og identitet midt i store endringar.

‒ Dei tre prosessane ligg framleis som ein undertittel i prosjektet, men vi snakkar i aukande grad om akselererte endringar, og ikkje alltid med utgangspunkt i kriseomgrepet. Endringane kan ha både gode og dårlege sider, seier han.

Namnet Overheating peikar altså ikkje først og fremst på den globale oppvarminga, sjølv om den også er ein del av prosjektet. Det dreier seg meir om friksjonen som oppstår når endringar skjer fortare og fortare og lokalsamfunn over heile verda strevar med å forstå kva endringane har å seie for dei. For å svare på spørsmålet tek forskarane i bruk antropologiens metode: Snakke med folk om liva dei lever der dei er.

Kol og korallar

Hylland Eriksen sitt eige feltarbeid går føre seg i byen Gladstone, som ligg på austkysten av Australia. Gladstone er verdas fjerde største koleksporthamn, og ligg dessutan nær Det store barriererevet, verdas største korallrev og ein del av Unescos verdsarv. Kolindustrien skapar vekst og arbeidsplassar, men prisen er eit landskap som blir endra av gruveverksemd, fisk som blir forgifta, eit urfolk som må gje opp tradisjonelle landrettar, og eit korallrev som får forringa verdi som turistattraksjon og økosystem – for å nemne noko. Den tilsynelatande innebygde motsetnaden mellom økonomisk vekst og berekraft er sentral i mange av delprosjekta i Overheating.

‒ Kolindustrien skapar store problem, men trekker samtidig inn mykje pengar. Dei fleste i Gladstone har industrijobbar. Men der finst også lokale miljøaktivistar som gjerne vil gjere noko, og som opplever at dei ikkje blir sett av den nasjonale, australske miljørørsla, som dei meiner er meir oppteken av å redde verda og mindre oppteken av lokale industrisamfunn. Det som er bra for den australske økonomien som heilskap, er dessutan ikkje nødvendigvis bra for lokale stader, seier Hylland Eriksen.

Forskarane i Overheating utfører sine eigne forskingsprosjekt over heile verda, frå landoppkjøp i Sierra Leone til oljesandområda i Canada og smeltande isbrear og vassmangel i Peru. I kvart lokalsamfunnet må forskarane oppsøke aktørar på alle sider av konfliktane.

‒ Vi snakkar med beslutningstakarar, som politikarar og sentrale næringslivsaktørar – i mitt tilfelle vil det seie eit stort, australsk kraftselskap som eig aluminiumsverket og kolgruva, men også lokalpolitikarar og hamneforvaltinga. Så snakkar vi dessutan med ideelle organisasjonar, med representantar for middelklassen, og endeleg med representantar for dei marginaliserte, dei som ikkje har påverknadskraft. Som forskarar må vi vere balanserte, og ikkje berre sjå med eitt blikk – det ville vere å gjere det lett for oss sjølve. Vi må kunne snakke med direktøren i oljeselskapet og ta han like mykje på alvor som bonden som har fått jorda si øydelagd av oljesøl, seier Hylland Eriksen.

Når industrien flyttar

Elisabeth Schober er postdoktor og studerer lokale konsekvensar av globaliseringa på to ulike stader som, nettopp på grunn av dei globale prosessane, er lenka saman. Prosjektet hennar dreier seg om utflytting av skipsbyggingsindustri frå Sør-Korea til Filippinane.

‒ Verftsindustrien i Sør-Korea er ein av dei største i verda, men i den seinare tida har dei fått sterk konkurranse frå Kina. Sør-Korea har prøvt å svare på konkurransen på to måtar: På den eine sida ved å få ned konstnadene på arbeidskraft i Sør-Korea ved å seie opp arbeidarar og hyre dei inn att på lausare kontraktar som er dårlegare betalte. Og på den andre sida ved å flagge ut delar av industrien, til dømes til Filippinane der lønningane er mykje lågare, fortel Schober.

I fjor var ho sju månader ved eit stort verft i Subic Bay på Filippinane, ein tidlegare amerikansk marinebase som no er del av ein såkalla Special Economic Zone. Det sørkoreanske selskapet som driv verftet, er ein av fleire investorar i denne sona. Verftet byggjer dei gigantiske containerskipa som fraktar alle dei billege, asiatiskproduserte varene vi europearar kjøper i butikken og tek med oss heim og fyller husa våre med.

‒ Prosjektet mitt starta som ein studie av kva som skjer med arbeidarane i denne situasjonen, men etter kvart vart eg interessert i fleire problemstillingar knytt til dette skipsverftet, som utviklingsspørsmål kontra berekraft. Filippinane har vore offer for katastrofale tyfonar som blir tolka som eit symptom på globale klimaendringar, og på same tid investerer Filippinane massivt i kolkraftverk. Dei har mykje sol, men solenergi blir ikkje promotert. Det er interessant å sjå på kvar regjeringa og investorar vel å feste fokuset sitt, seier ho.

Er det pengane som rår?

Schober fortel at det slett ikkje er vanskeleg å spore dei globale prosessane i vanlege folks liv på Filippinane. Då det sørkoreanske selskapet etablerte skipsverftet, måtte til dømes eit heilt lokalsamfunn flytte fordi dei var i vegen.

‒ Mange av dei er fiskarar, og dei fortel at fisken forsvinn fordi vasskvaliteten i området er blitt dårlegare, truleg på grunn av auka industriaktivitet. Det er store kolkraftverk under bygging og planlegging i dette området, og dei fryktar at dei vil forverre tilstanden enno meir. I staden må fiskarane selje arbeidskrafta si til verftet eller til større fiskefartøy. Dei store fiskefartøya fiskar ikkje i nærområdet, men går inn i Sør-Kinahavet, der dei kjem opp i konfliktar med den kinesiske kystvakta. Så alle desse globale prosessane får konsekvensar for folks liv. Ingen treng å forklare globale klimaendringar for desse menneska, for dei lever i frontlinja. Dei opplever konsekvensane direkte, i form av mindre fisk og fleire tyfonar.

Men kva er det som driv desse akselererte endringane? Er dei uttrykk for ei form for naturkraft, som blir driven framover av si eiga tyngd? Eller er det nokon som trekker i trådane, som styrer utviklinga og som tener på det?

Det kjem an på kven du snakkar med, meiner Schober.

‒ I mitt tilfelle tener lokalpolitikarar og forretningsfolk på utviklinga. Men det er vanskeleg å seie om det berre er pengar som driv prosessane. Filippinane har mange interne konfliktsoner. Det føregår lågintensiv krigføring sør i landet, med væpna, muslimske opprør. Regjeringa ønskjer ei demokratisk utvikling, men har ikkje full kontroll i sitt eige land. Det finst ulike paramilitære grupper, og utanlandske investorar lærer raskt å utnytte dei lokale forholda. I ein viss forstand har pengar sjølvsagt mykje å seie: Du kan kjøpe støtta frå ein lokal politikar for pengar. Og ein utanlandsk investor som lovar arbeidsplassar, vil alltid bli lytta til.

Ingen å klage til

Medan skipsverftet på Filippinane har ført til arbeidsplassar, er tusenvis av arbeidarar i Sør-Korea oppsagde som følgje av at skipsindustrien flagga ut. Her kjempar folk først og fremst for å halde på jobbane sine. Fagforeiningane, som har vore sentrale i å forhandle fram betre lønsvilkår, strevar no for å halde på forhandlingsmakt i møte med industrieigarar som trugar med å flytte arbeidsplassane til lågkostland.

‒ For dei oppsagde arbeidarane i Sør-Korea er det mest sannsynlege alternativet at dei blir hyra inn att for å utføre same jobben til to tredelar av løna. Om du protesterer, risikerer du å bli svartelista som bråkmakar, og ikkje få jobbe. Selskapa har ein tendens til å saksøke arbeidarar som streikar, eller dei saksøker fagforeiningane. Etter ei stund ser ikkje folk lenger nokon veg ut, seier Schober.

Ein konsekvens av den globale kapitalflyttinga, fortel Thomas Hylland Eriksen, er at folk ikkje lenger har nokon dei kan gå til med klagemåla sine. Industrieigarane har ikkje nødvendigvis noka lokal forankring.

‒ Tidlegare, når fabrikken forsynte seg for mykje av vatnet så det vart mindre til bøndene, kunne bonden gå til fabrikkdirektøren, som var ein lokal person, dei hadde kanskje felles kjende og born i same skule. Då måtte direktøren ta klagemålet på alvor. No møter du einkvan som ikkje har noko med lokalsamfunnet å gjere i det heile, og han fortel deg berre at du må vende deg til hovudkontoret i ein heilt annan by. Og etter eit halvt års ventetid får du eit brev med ei standardformulering. Å flytte ting opp på eit høgare skalanivå er ein måte å sleppe unna ansvar på, illustrerer han.

Det same skjer i verftsindustrien på Filippinane, stadfestar Elisabeth Schober.

‒ Sjefane i det sørkoreanske selskapet som eig verftet, er svært langt unna dei filippinske arbeidarane sine, ikkje berre sosialt, men geografisk. Ein ser det same mange stader: Det blir bygt gjerde for å halde arbeidarane unna bedriftsleiinga. Dette verftet er også svært militarisert, folk kjem ikkje inn utan avtale. Nokre venstreorienterte grupper på Filippinane hevdar at det som skjer, er at ein tek eit stykke av Filippinane og gjer det om til Sør-Korea.

Lynavleiing

I Gladstone i Australia ser Hylland Eriksen at folk handterer motsetninga mellom økonomisk vekst og berekraft ved å flytte merksemda frå dei store, uhandterlege problema til mindre problem som er moglege å løyse.

‒ Der er knapt nokon diskusjon om globale klimaendringar, men folk er veldig opptekne av lokal forureining og kva som skjer i hamnebassenget. Driv du eit stort gruveselskap, vil du jo ikkje slutte med gruvedrift, men kanskje du prøver å gjere noko med den lokale luftforureininga for å hindre at innbyggjarane får astma. Slikt kallar eg lynavleiarprosjekt, fordi dei trekker folk si merksemd mot det ein gjer noko med. I mine analysar frå Australia vil det vere eit hovudtema korleis ein ved hjelp av lokalpolitikarar og media får retta merksemda mot dei handterlege problema, og ikkje mot dei grunnleggjande konfliktane.

Han har også notert seg korleis ulike aktørar presenterer ulike faktaframstillingar. Når nokon seier at dei har sett mengder av daud fisk i hamnebassenget, kan hamnestyresmaktene kontre med å seie at dei har leigt inn eit konsulentselskap som har målt vasskvaliteten i bassenget og ikkje funne grunn til uro. Så kjem kanskje ein tredje aktør inn og kritiserer rapporten til konsulentselskapet.

‒ Den som får gjennomslag for sine fakta, vil ofte vere knytt til dei sterkaste økonomiske interessene – men ikkje alltid. Vi ser forresten det same i Noreg, til dømes når det gjeld diskusjonen om dumping av gruveslam i Førdefjorden, der ulike aktørar legg fram ulike fakta.

Vi er alle i same båt

Det som i siste instans kjenneteiknar globaliseringa, er at vi alle på kvart vårt vis kjem i kontakt med henne. Vi driv med våre eigne små lynavleiarprosjekt og gjer vårt beste for å leve liva våre midt i globale og kanskje uløyselege problemkompleks. Også antropologane står midt oppe i dei prosessane dei prøver å studere.

‒ Eg trur det er viktig å kome vekk ifrå det skarpe skiljet mellom oss, forskarane, og dei andre, dei vi studerer. Eg ser ideelt sett på antropologi som ein global samtale, fordi vi i aukande grad har felles utfordringar og veit meir om kvarandre. Vi er alle i same båt, og ingen av oss har svaret. Eitt av måla til antropologien bør vere å inkludere flest mogleg i denne samtalen. Det høyrest kanskje idylliserande ut, og det vil ikkje alltid fungere like godt. Men det nyttar ikkje å kome med noko ovanfrå-og-ned-perspektiv. Vi prøver heller å krabbe rundt med aukeglas, seier Thomas Hylland Eriksen. 

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 17. aug. 2015 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere