Også småbarn blir høyrde

Barn er ikkje lenger prisgitt foreldra sine meiningar i barnefordelingssaker, dei er blitt synlege subjekt med eigne stemmer og reell påverknadskraft.

BARNA ER BLITT SYNLEGE: - Barn er ikkje blitt viljelause kasteballar, men sjølvstendige subjekt med verdifull innsikt i eigen situasjon, seier Kristin Skjørten. Illustrasjon: Hanne Utigard.

Det viser studiar av ordlyden i barnefordelingsdommar over snart tjue år.

Midt oppe i dei mange sosiale endringsprosessane samfunnet vårt har vore igjennom dei siste tiåra, er kanskje synet på barn ein av dei mest merkbare. Tradisjonelt har ein tenkt at barn ikkje kan ventast å ha innsikt og vere mogne nok til å kjenne sitt eige beste, og at foreldra difor må ta avgjerder på vegner av barnet. Men kva skjer dersom foreldra går frå kvarandre og det oppstår konfliktar i synet på kva som er best for barnet?

Ikkje noka nedre aldersgrense

Aksepten for at barnet sine synspunkt er verdfulle og skal takast omsyn til, er stadig blitt sterkare. I FNs barnekonvensjon frå 1989 blir det slått fast at barn har rett til å gje uttrykk for eigne meiningar i saker som gjeld barnet. I den norske barnelova er barnets rett til å bli høyrt gradvis blitt utvida: Først fekk barn ned til tolv år rett til å bli høyrde, i 2004 vart dette endra til å gjelde barn ned til sju år. Seinast i fjor kom det ei endring i lova som presiserte at sju år ikkje må reknast som noka nedre grense, men at alle barn som er i stand til å danne seg eigne oppfattingar, skal ha rett til å bli høyrt.

‒ I saker som gjeld barnefordeling og samvere, ser vi at når barn først får sjansen til å uttale seg, vel dei fleste å gjere det. Det at barnet skal bli høyrt, er ikkje det same som at det må gje uttrykk for eit klart standpunkt i den eine eller andre retninga, men sidan barnets beste skal vere det overordna omsynet, vil all informasjon vere av verdi, seier professor Kristin Skjørten ved Institutt for offentleg rett på Universitetet i Oslo.

Skjørten har samla inn og studert dommar frå barnefordelingssaker i utvalde tidsrom sidan 1998. Materialet omfattar dommar før og etter at lova vart endra frå tolv til sju år, og no er ho i gang med å samle dommar frå 2015, altså etter dei siste lovendringane som presiserer at også yngre barn skal ha høve til å bli høyrde. Dommane kjem frå lagmannsrettane og frå Høgsterett. Det vil seie at dei allereie har vore gjennom ein runde i tingretten, og ein av partane har anka saka vidare i systemet.

Nytt syn på barns utvikling

Allereie i det tidlegaste materialet, dommar frå 1998 til 2000, fann ho at barns rett til å bli høyrde var blitt styrkt. Domstekstane viser at barna over tid er blitt meir synlege i desse sakene. Dei er ikkje viljelause kasteballar som er underordna foreldra sine meiningar og behov, men stig fram som sjølvstendige subjekt med verdifull innsikt i eigen situasjon.

Skjørten har funne at dommarane i større grad enn før legg vekt på barnet sine meiningar. Men er dette eit resultat av lovendringane som har skjedd, eller er det snarare slik at lova er blitt endra fordi samfunnet har gått gjennom ein prosess der vi har endra syn på barn som deltakarar?

‒ Fleire faktorar er verksame, trur ho. ‒ Utviklinga i Noreg har ein internasjonal parallell. I staden for å tenkje at mogning heng direkte i hop med barnets kronologiske alder, er det blitt vanlegare å vurdere konteksten rundt kvart enkelt barn. Dette kan sporast tilbake til teoriar om barns utvikling, der det har skjedd ei oppmjuking i den forstand at ein ikkje lenger ser barnets utvikling og kronologiske alder som to sider av same sak, men at kontekst har meir å seie.

For mykje ansvar?

Ei innvending mot å høyre barn i barnefordelingssaker, er at barnet skal sleppe å måtte velje mellom foreldra. Det kan vere ein relevant kritikk når det gjeld spørsmål om fast bustad, men ikkje i spørsmål om samversrettar, peikar Skjørten på.

‒ Når ein diskuterer samvere, så er spekteret av moglege løysingar mykje større. Tid, stad og omfang kan diskuterast, og barnet kan kome med gode innspel som elles ikkje ville blitt synlege, seier ho.

Ein konsekvens av at barn er blitt meir synlege, er at spørsmål om samverstvang i større grad er oppe til diskusjon. Tidlegare har ein gjerne tenkt at det beste for barnet er å ha samvere med den forelderen barnet ikkje bur hos, så lenge det ikkje er noko spesielt ved forelderen som talar imot – slik som fare for vald eller overgrep.

‒ I materialet mitt ser eg at i saker der barnet ikkje vil ha samvere med ein av foreldra, og det ikkje heftar noko negativt ved den forelderen, så kan det bli ein diskusjon om det er mogleg å finne løysingar som unngår bruk av tvang, fordi tvang kan oppfattast som eit åtak på barnets integritet, seier Skjørten.

Samvere for tokultur

Det at barns synspunkt blir tillagt meir vekt, tyder likevel ikkje at avgjerda i saka blir lagt på barnet sine skuldrar. I dei sakene der dommen samsvarar med barnet sitt ønske, er dette eitt av fleire modent som alle peikar i same retning. Og om lag ein firedel av dommane går mot barnets ønske.

Har desse sakene, der retten altså kjem fram til at barnet ikkje forstår sitt eige beste, nokre fellestrekk?

 Nei, det kan eg ikkje seie. Men eg har av og til sett at dommaren har beklaga overfor barnet i saker der ein har kome fram til ei avgjerd som går mot barnets ønske, men som ein likevel trur vil vere til beste for barnet. Det er ein del av det samla biletet som viser at barnet er blitt meir synleg i domstekstane, seier Skjørten.

I eit delprosjekt har ho også undersøkt om etnisitet og kultur har noko å seie i foreldretvistar om bustad og samvere. Ho fann at argument knytt til etnisitet og kultur vart lagt fram i om lag halvparten av sakene der ein eller begge foreldra hadde utanlandsk bakgrunn. I spørsmål om fast bustad kunne argument om at ein av foreldra var betre integrert i Noreg, bli tillagt vekt. I spørsmål om samvere, handla argumenta gjerne om at den utanlandske foreldreparten gjennom samvere kunne ivareta barnet sin rett til å høyre til to kulturar.

‒ I slike tilfelle ser ein altså på det å vere tokulturell som eit gode, men barnet er ikkje alltid like oppteke av å vere tokulturell som forelderen er, fortel Kristin Skjørten.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 10. des. 2015 20:38 - Sist endret 10. des. 2015 20:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere