Sotpartiklar varmar Arktis

Sjøisen i Arktis smeltar i rekordfart. No har forskarar funne ut korleis vi kan bremse den arktiske oppvarminga ved å redusere sotutslepp heilt andre stader i verda. 

FRÅ ASIA TIL ARKTIS: Kor kjem dei kortliva klimadrivarane frå? Det største bidraget til oppvarminga i Arktis kjem frå sotutslepp i Asia, viser forsking. Industrien slepp ut mykje, men millionar av hushaldningar som brenner kol og ved for å varme opp husa sine og lage mat, slepp ut mest. Foto: NTB Scanpix

Det er ikkje lenge sidan verdssamfunnet kom saman i Paris for – nok ein gong – å prøve å bli samde om ein måte å stogge den globale oppvarminga på. Det er utsleppa våre av karbondioksid (CO2) som har det aller meste av skulda for at verda blir varmare.

Men andre typar utslepp har også effekt på oppvarminga. Maria Sand er forskar ved CICERO Senter for klimaforsking, som er ei uavhengig forskingsstifting knytt til Universitetet i Oslo. Ho har leia ein studie som har sett på utslepp av såkalla kortliva klimadrivarar og deira bidrag til oppvarminga i Arktis. Kortliva klimadrivarar er partiklar som forsvinn frå atmosfæren etter kort tid, til dømes sotpartiklar, svovel og ozon.

NTB Scanpix

Mens vi ventar på CO2-kutt

‒ CO2 er sjølvsagt kardinalsyndaren når det gjeld global oppvarming, og dessverre blir det ikkje gjort så mykje for å redusere utsleppa. Men i mellomtida kan det vere ein god idé å gjere noko med desse kortliva klimadrivarane. Dei kan vere lettare å kutte, og ein vil sjå effekten etter kort tid, seier Sand på Skype frå kontoret sitt hos NASA i New York, der ho skal tilbringe to år som gjesteforskar.

Saman med internasjonale kollegaer har ho brukt fleire forskjellige klimamodellar til å simulere korleis dei kortliva partiklane fordeler seg i atmosfæren. Dei har delt opp utsleppa etter geografisk region og samfunnssektor, og rekna ut temperaturbidraget frå kvar sektor og region. Fordi partiklane forsvinn etter kort tid, rekk dei ikkje å blande seg jamnt i atmosfæren, slik CO2 gjer. Konsentrasjonen vil vere størst nær utsleppsstaden, men noko vil bli transportert med atmosfæren. Dermed kan desse kortliva komponentane bidra til oppvarming på ulike måtar. Samstundes utgjer dei også eit folkehelseproblem. Millionar av menneske døyr kvart år fordi dei pustar i forureina luft.

Mest varme frå Asia

Så kvar kjem dei kortliva klimadrivarane frå? Simuleringane viser at det største bidraget til oppvarminga i Arktis kjem frå sotutslepp i Asia. Og det er ikkje industrien som slepper ut mest, men millionar av hushaldningar som brenner kol og ved for å varme opp husa sine og lage mat. Mesteparten av desse sotpartiklane kjem aldri så langt som til Arktis, men dei varmar opp atmosfæren der dei blir sleppte ut, og gjer såleis at meir varme strøymer mot arktiske område.

‒ Utsleppa frå Asia spelar ei stor rolle fordi utsleppa er så store. Men evna til å påverke temperaturen i Arktis blir større di nærare Arktis utsleppa skjer. Vi har sett spesielt på fakling, altså brenning av overskotsgass frå oljeinstallasjonar. Det er ein del utsleppskjelder i Russland der det skjer mykje fakling med nokså dårleg forbrenning, som fører til sotutslepp. Sidan dei ligg nær Arktis, blir sota transportert rett inn og legg seg på snø og is, fortel Sand.

UTSLEPP: ‒ Utsleppa frå Asia spelar ei stor rolle fordi utsleppa er så store. Men evna til å påverke temperaturen i Arktis blir større di nærare Arktis utsleppa skjer, seier Maria Sand. Foto: Cicero

Når isen blir svart av sot, absorberer han meir varme frå sola, og dermed aukar smeltinga. Når sjøisen smeltar, kjem det mørke vatnet til syne, som igjen absorberer meir solvarme og forsterkar smeltinga endå meir – og så vidare. Det er slike mekanismar som medverkar til at temperaturen aukar så mykje raskare i Arktis enn i resten av verda, og den raske auken får globale konsekvensar.

Klima eller folkehelse?

Som om ikkje det var nok, er rolla til dei kortliva klimadrivarane meir komplisert enn som så. Dei ulike partiklane har nemleg ulike eigenskapar og reagerer med kvarandre og med atmosfæren omkring på ulike måtar. Medan nokre verkar oppvarmande, verkar andre nedkjølande.

‒ Til dømes kjem ofte sot og svovel frå same utsleppskjelder, men forholdet mellom dei kan variere, seier Sand.

‒ I utsleppa frå hushaldninger er det oftast mykje sot i høve til svovel, så den totale effekten er oppvarmande. I utsleppa frå industri er det typisk omvendt, mykje svovel i høve til sot. Svovelpartiklane er lysare, og totaleffekten blir dermed nedkjølande.

‒ Så då er det lurt av politikarane å la industrien få drive på med sitt, og i staden gjere noko med den private vedfyringa i Asia?

‒ Men så må dei jo også tenkje på luftkvaliteten. I Nord-Amerika og Europa har ein dei siste tiåra innført reinseteknologi for å få bukt med sur nedbør. Det har vore effektivt, og det er bra for helsa, men samstundes ser ein at temperaturen har auka fordi partiklane som verka nedkjølande, er blitt fjerna.

Politisk interesse

For å rekne ut korleis partiklane oppfører seg, har forskarane brukt fleire forskjellige klimamodellar som kan simulere partikkeltransport i atmosfæren, og samanlikna resultata med målingar frå stasjonar ulike stader i Arktis. Modellane simulerer ikkje berre transporten av partiklane, men også korleis dei oppfører seg i atmosfæren.

‒ Dei kan til dømes ta til seg vatn og fungere som såkalla kondensasjonskjernar, altså at dei dannar skyer omkring seg. Slikt må modellane ta omsyn til, seier Sand.

Dette forskingsprosjektet er utført i regi av det arktiske miljøprogrammet AMAP. Det er landa i Arktisk råd som står bak programmet, og meininga er at resultata skal kome til nytte i rådet sitt arbeid for berekraftig utvikling i nord. Sand og kollegaene har rekna ut at oppvarminga i Arktis kan bli redusert med 0,2 grader i 2050 dersom ein kuttar kraftig i utsleppa av dei kortliva klimadrivarane som har mest å seie for oppvarminga. Arbeidet med å kartleggje kvar utsleppa kjem frå og kvar dei blir av, held fram. Det er framleis mange uvisse storleikar i dette reknestykket.

Usikre utsleppstal

‒ Modellane våre strevar litt med å representere visse fenomen. Det oppstår ofte store skogbrannar i Russland om sommaren, som fører til at store mengder partiklar blir transporterte inn i Arktis. Det kan også skje at ørkensand frå Asia blir transportert inn. Det blir forska ein del på å forbetre modellane slik at dei klarar å gje ein god representasjon av slike episodar, fortel Sand.

I tillegg heftar det sjølvsagt uvisse ved sjølve utsleppstala. Til dømes veit ein ikkje heilt kor store utsleppa frå industrien i Russland og Asia eigentleg er. Mykje arbeid blir lagt ned i å estimere storleiken på utsleppa.

‒ Når politikarane skal bestemme kva som er best å gjere, må dei dessutan tenkje på kostnadene knytte til å kutte i utsleppa. Det har ikkje vi sett på, men der er andre som forskar på det. Vår gruppe skal halde fram med arbeidet, og det er spennande å forske når vi veit at nokon er interesserte i å bruke resultata våre, seier Sand.

Isfritt Arktis

Inntil tiltaka kjem, ser det ut til at verda styrer støtt mot den mest dramatiske temperaturauken FNs klimapanel opererer med i sine framtidsscenarium. I så fall vil Arktis bli isfritt om sommaren om berre nokre tiår. Arktisk råd har difor også sett i verk eit prosjekt som skal skaffe kunnskap om kva for faktorar som driv endringane i Arktis, slik at lokalsamfunn og regjeringar kan ta betre avgjerder for å tilpasse seg ein kvardag i rask forandring.

Robbie Andrew, som også er forskar ved CICERO, har i samband med dette prosjektet systematisert ein del av dei sterkaste trendane som ser ut til å vere avgjerande for Arktis, i tillegg til forandringane i klima. Han peikar på at det er store skilnader mellom dei nordiske landa, som har ressursar til å tilpasse seg og ta vare på innbyggjarane sine, og andre delar av Arktis der levemåten er meir direkte knytt til klimaet og tilpassing difor blir vanskelegare.

‒ Allereie er det folk i Alaska som har måtta flytte fordi sjøisen, som har fungert som ein barriere mot ekstremvêr, er blitt redusert, seier Andrew.

Alle har sett bilete av isbjørnen som driv på eit einsamt isflak med berre ope vatn på alle kantar, men det at sjøisen smeltar, er ein av dei viktigaste endringane for både folk og natur i Arktis. Urfolk som lever av fangst, kan ikkje lenger jakte på den måten dei er vande med, og må dermed sjå seg om etter anna livsgrunnlag. På same tid fører mindre is til at ressursar som olje, gass og mineral blir lettare tilgjengeleg for utvinning.

Utgangspunkt for handling

‒ Personleg er eg ikkje i tvil om at issmelting i Arktis vil føre til meir industriell aktivitet der. Sjølv om/Fordi utvinning av olje og gass er med på å forverre klimaendringane, så trengst det eit enormt demokratisk trykk for å hindre slik aktivitet. Mange som tilhøyrer urfolk i Nord-Amerika, arbeider no i oljeindustrien, fordi dei treng arbeidsplassane industrien kan tilby når det tradisjonelle livsgrunnlaget forsvinn, seier Andrew.

Ulike framskrivingar for befolkingsutvikling, plante- og dyreliv og næringsaktivitet i Arktis varierer sterkt, og det er uråd å vite akkurat kva livsvilkår arktiske lokalsamfunn må førebu seg på. Men i mellomtida veit forskarane altså litt meir om kva som gjer at sjøisen smeltar, og korleis vi kan bremse oppvarminga. Mindre sotutslepp vil vere ein god start.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 29. jan. 2016 07:56 - Sist endret 29. jan. 2016 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere