Kan hus døy? Jarnalderens langhus blei brende og gravlagde

Gravhaugar kan like gjerne markere grava til eit hus som til eit menneske, meiner arkeolog.

LOFOTEN: Korleis kunne det treskipa langhuset overleve i Skandinavia i 3000 år – samstundes som samfunna gjennomgjekk djuptpløyande endringar? Dette 83 meter lange vikinghuset er attskapt på Borg i Lofoten, og er det største som nokon gong er funne. Foto: NTB Scanpix

Heilt frå bronsealder til vikingtid kunne grav- haugar bli plasserte oppå restane av treskipa langhus. Først fjerna dei somme tider stolpane inne i huset, som fungerte som berebjelkar. Så sette dei eld på huset. Etter at huset hadde brunne ned, plasserte dei ein eller fleire gravhaugar oppå restane av det nedbrende huset.

Marianne Hem Eriksen er førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historie.

I ein artikkel i European Journal of Archaeology ser ho nærare på årsaka til den nemnde praksisen.

GRAVHAUGAR: – I fleire tilfelle har det ikkje vore råd å finne leivningar av menneske, sjølv ikkje der vi ville venta at slike leivningar var bevart, fortel Marianne Hem Eriksen. Foto: Ola Sæther

– Eg studerer sju ulike gravlagde hus frå jarn-alderen i Skandinavia, på fem forskjellige stader: Högom i Sverige, Ullandhaug i Rogaland, Brista i Uppland, Sverige, Jarlsberg i Vestfold og Engelaug i Hedmark, fortel Eriksen.

Skikken med å setje hus i brann for så å leggje gravhaugar oppå, kan minne om ein kremasjon. Eriksen meiner at gravhaugane like gjerne kan markere at det er eit hus som er kremert og gravlagt – det treng ikkje vere eit menneske.

– I fleire tilfelle har det ikkje vore råd å finne leivningar av menneske, sjølv ikkje der vi ville venta at slike leivningar var bevart. Ein har likevel, meir eller mindre implisitt, gått ut frå at det – ein eller annan stad – må vere eit daudt individ.

Store omveltingar

Ifølgje forskaren er det slåande at det treskipa langhuset overlevde i nesten 3000 år i skandinavisk forhistorie – særleg med tanke på dei enorme omveltingane som skjedde i denne perioden.

– Mange har trekt fram arkitektur som eit grunnleggjande uttrykk for ideologien i ein spesifikk kultur. Særleg i samfunn som ikkje har noko skriftspråk, vert arkitekturen svært viktig og eit kollektivt uttrykk for ein bestemt kulturs organisering og tenkjemåte, peikar ho på.

Tida frå eldre bronsealder til mellomalderen var prega av enorme, djuptgripande sosiale, politiske og religiøse omveltingar. Mot slutten av bronse- alderen hadde dei hovdingdømme, så kollapsa bronsenettverka. Hundreåra før Kristi fødsel seiest å ha vore prega av likskap og egalitet. Deretter kom Romarrikets vekst og fall, og folkevandringstida med heilt enorme migrasjonar – då kunne ein verkeleg snakke om «Europe on the move». I tillegg har vi vikingane sine raid og kolonisering.

– Gjennom heile denne perioden heldt folk i Skandinavia fram med å byggje husa sine på meir eller mindre akkurat same måte. Det er svært interessant, meiner arkeologen.

Husets livssyklus

Og kva er så forklaringa på at det treskipa langhuset kunne overleve så lenge? Marianne Hem Eriksen har gått til antropologien for å lære om ulike kulturar sitt forhold til husa dei bur i.

– For folk på Madagaskar har også huset sin livssyklus. Det blir født, lever, eldest og døyr. Batammaliba-folket i Vest-Afrika har ritual under husbygginga, dei same overgangsrituala som dei har for nyfødde, ungdommar og vaksne. Når huset er ferdigbygt, gjennomfører dei eit ritual der dei «drep» huset. Huset har levt gjennom heile byggje- prosessen og må drepast for å vere råd å bu i. I fleire kulturar tenkjer dei at huset har ein metaforisk samanheng med menneskekroppen.

Arkeologen sin studie av dei sju langhusa syner noko liknande. I doktoravhandlinga si viser ho at det er ein samanheng mellom graver og dørene i huset. Dette har ei rituell betydning. Vi har døme på at delar av menneskekroppar er plasserte under terskelsteinar, eller at graver vert lagde ved inngangspartiet. I andre tilfelle er det lagt gravhaugar over døra til huset, som for å stengje inngangsdøra, forklarer ho.

I nokre høve har gravhaugane blitt lagde over hus som blei brende ned for fleire generasjonar sidan. Det styrkjer teorien om at det er huset som var det sentrale.

– Det kostar å investere arbeidstimar i å byggje haugar over ruinar av gamle hus som har lege der i fleire hundre år. Det er både ei økonomisk og ei rituell investering, og det er interessant å sjå på kvifor dei gjorde dette. Det kan for eksempel tenk-jast at dei har ønskt å skape ei kopling mellom reelle eller mytiske forfedrar og seg sjølve, og knyte seg til dei, anten ein no var deira etterkomarar eller ikkje. Dei kan ha tenkt strategisk og ønskt å legitimere sin eigen maktbase.

Koplar kropp og hus

Sambandet mellom menneskekropp og hus ber i seg at huset låner mange trekk frå menneskekroppen.

– Mange av dei norrøne orda som handlar om hus, er henta frå menneskekroppen. Ordet vindauge kjem frå vind og auge og refererer til opningar i veggen der vinden bles gjennom. Ordet gavl, som er nemninga på øvste del av kortenden av huset, tyder hovud eller skalle.

Denne koplinga mellom kropp og hus gjer at dei kan ha tenkt at huset har hatt ein slags essens, ei slags sjel, seier Eriksen.

Nettopp difor kan det vere at menneska på den tida ønskte å gi huset ei gravferd når huset hadde tent si tid. Og kanskje var det difor husa blei sette i brann.

– Ved kremasjon ønskjer ein å fragmentere kroppen, kanskje for å frigjere sjela eller essensen, og det er interessant, sidan husa kan ha hatt ein slags essens. Så ved å brenne husa har dei kan hende hatt eit ønske om å kremere det, å frigjere huset si livskraft. Viss hus og menneske kunne inngå i nettverk som hadde ‘agency’ – handlekraft og personlegdom – så kan det i alle fall vere ein del av forklaringa på kvifor langhuset hadde så lang levetid i Skandinavia.

Ber huset med oss

Også i dag har vi døme på koplingar mellom menneske og hus. Kanskje er det ikkje så store skilnader på folk som levde i jarnald-eren og vår tids moderne menneske. Alle har vi eit sterkt forhold til huset vi bur i – kanskje særleg huset vi voks opp i.

– Den franske filosofen Gaston Bachelard seier at det første huset blir skrive inn i oss, vi ber det med oss gjennom livet. Sjølv om vi har gått tusen- vis av trapper, så gløymer vi ikkje den første trappa i barndomsheimen, vi veit instinktivt kva trinn som knirkar, og vi snublar ikkje. Vi ber huset med oss livet ut.

Av Toril Haugen
Publisert 27. feb. 2017 13:21 - Sist endret 27. feb. 2017 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere